Bakgrunnsartikkel

Skodespelar Hildegun Riise

Alzheimer rokkar ved alt du ein gong var. Eg tenker det er ein slags nærgåande kamp med deg sjølv.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås.
Erlend Tårnesvik Dreiås.
Formidlingsansvarleg

I denne framsyninga er eg Bente. I ein alder av 55 år får ho diagnosen Alzheimer. Ho er ei oppegåande dame på mange vis, journalist og forfattar. Aktiv, levande og energisk, har god humor, er dominerande og påståeleg, men har som regel rett, som ho seier sjølv. Uhøgtideleg og veldig sjølvbevisst.

Vi spelar alle ulike roller i livet vårt, og når sjukdommen skrid fram, er det som om lag på lag blir trekte bort. Alzheimer rokkar ved alt du ein gong var. Eg tenker det er ein slags nærgåande kamp med deg sjølv.

Eg har ingen fast metode når eg går inn i ei rolle. Eg må bruke intuisjon, lytte meg inn i teksten, bruke medspelarane mine, vere mest mogleg open og modig i prøveprosessen. Til denne rolla har eg studert det medisinske, snakka med ekspertar på området, og besøket ein sjukeheim for demente. Eg stør meg òg på personlege erfaringar frå min eigen familie og venner.

Det er mange tema i stykket, og vennskap er ein sentral del. Dei vennene som står nær, kjenner eit større bilete av deg, kjenner beveggrunnane dine, livshistoria di og sider av deg du sjølv ikkje er medviten om. Men det kan vere utfordrande å vere pårørande. Det krev mykje å vere ein venn når det røyner på, og det er ikkje alltid vi klarer det.

Det er mykje humor i framsyninga. Når hjernen blir angripen, får det konsekvensar på alle måtar, sjølvsagt. Når filteret forsvinn, kjem sanninga òg fram på godt og vondt. Det kan vere forløysande og morosamt. Og det kan vere noko vakkert, midt oppi alt. Ei påminning om kor skjørt livet er.

Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes.