Bakgrunnsartikkel

Hemnaren og hemnen

Gøymde i farsen kan vi finne fleire moralar. Ein av dei er å lese i dobbeltofferet Sweeney Todd. Hemnaren vart òg offer for hemnen.

Skrive av
Finn Skårderud
Til nynorsk av Leif Mæhle

Kva gjer ein kunstnar i ei tid da ein fryktar at mange av orda eller bileta er oppbrukte? Skal ein seie noko stort og riktig, risikerer ein fort at det lyder som ein hol klisjé. Det er langt ifrå risikofritt å dikte inn den vakraste av alle setningar: «Eg elskar deg». Vonleg er kjærleiken sterk nok til å unngå slike manøvrar.

Andre løysingar er å ty til provokasjonen – eller enda betre: den reddande latteren. Eller begge delar samtidig. Humoren finst i alle sjatteringane av svart. Ikkje minst i filmkunsten ser vi korleis skrekk og humor saman krydrar seriøse menneskelege drama. På kino kan vi sjå kannibalisme utført av psykiatrar; på teatret blir det same sett i scene av ein barber og ei som sel paiar. Ein velkjend figur frå engelske scenar og folkeleg kultur, Sweeney Todd, dukkar no opp i ei så grotesk og storfakta utøving av den djuptskjerande barberkunsten sin i Fleet Street at det faktisk er moro. Hemnen er blodig, men også søt som pai.

Det er ikkje sikkert vi likar ein slik lettvint omgang med vald. Men kunstnaren har gitt tilskodaren ein fridom. Vi kan sjå på det som tragedie og morals drama. Eller vi kan le godt av det som ein farse om kjøttfarse. Eller nettopp begge delar. To utsegner i eit snitt.

Sweeney Todd er hemnar.

Er han i sin rett? Sjølvsagt ikkje. Sweeney Todd let jo raseriet få overtak i seg. Han blir ikkje berre ein hemnar, men etterkvart også ein økonomisk forbrytar og lystmordar.

Men hadde han eventuelt rett før han gjekk heilt berserk og mista all sans for proporsjonane i hemnen? Alexander Dumas d.e. gir jo som forfattar ei slags moralsk godkjenning av hemngjerningane til greven i Greven av Monte Cristo. Var hans hemn rettskaffen fordi han var av edlare stand? Mest sannsynleg fordi han kunne styre seg mykje betre enn den usle småborgaren Sweeney. Hemn er inga kjensle. Det er handling. Kjenslene er hemnlysta og hemntrongen. Vi kjennar dei alle igjen, om ikkje anna så frå vår eigen barndom. Ønsket om å krenkje dei som har krenkt, er enkel og konkret valuta i den mentale økonomien i barneverda.

Hemnlysta prøver å gjenreise ein balanse og reparere skaden av audmjukinga. Sweeney Todd viser at hemnen ikkje er særleg hygienisk, men ein kan sikkert finne argument for at hemnen kan fungere som mentalhygiene for sjølvkjensla.

Kjensler er alltid genuine nok. Og evige og universelle, ville Jung seie. Vi kan rett nok gi oss til å sortere dei edlare og dei meir primitive. Hemntrongen er ein del av den aggressive hushaldinga vår, og må vel dermed tilskrivast dei meir primitive. Men i gitt historie og situasjon vil ein alltid kunne forstå dei. Hemnlysta kan ikkje fangast inn av dei grove kategoriseringane. Den er sjeldan eit spørsmål om anten-eller, heilt rett eller heilt gale.

Noko heilt anna er å akseptere hemntankar som blir sette ut i konsekvens. Hemnen kan ein alltids psykologisere, men til kva bruk? Det fritek ikkje hemnen frå å bli vurdert som etikk. Handlingar er kulturelle storleiker meir enn psykologiske. Dei må vurderast og dømmast av si samtid.

Spørsmålet om Sweeney Todds rett til hemn er meir eit spørsmål om kvar og når enn om retten i seg sjølv.

Kvar har det vorte av hemnaren i dag? Har vi sivilisert han og hans aggresjon bort? Har vi dressert og kristna han vekk med gode dygder som nåde og tilgiving? I Western-filmen vende han stadig einsam tilbake. Det er vanskelegare å få auge på han i departementskontora. Det er nok lettare på Børsen, der det seriøse spelet er sett i system.

Eller finst han lett løynd under overflata? Kor mykje hemnmotiv finst det løynt i det juridiske straffesystemet vårt? I humanismen sitt namn vil vi gjerne leggje vekt på at der skal fremje den allmenne førebygginga av kriminalitet. I det gammaltestamentlege ”auge for auge og tann for tann” og i den muslimske straffelova ”Shariah” er det lang og meir synleg hemnprinsipp om at fornærmaren skal lide same vanlagnad som den fornærma.

Hemnen kan opplevast viktig som ei oppreisning for det individuelle offeret. Men vel så viktig er gruppepsykologien i hemnen. Vi finn hemnen sett i saftig system i vår eigen norrøne kultur gjennom ”blodhemnen”. Familien blir gjort ansvarleg for ugjerningane til ein medlem av slekta. Det same prinsippet lever framleis i «vendetta’en» i dei mafiose krinsane.

Hemnen er langt meir synleg i ustabile og unge kulturar. Frå eit humanistisk standpunkt skjer det ofte ei primitivisering i kulturar i drift og kulturar i krise. Omgangsformene og konfliktane blir gjerne meir direkte og brutale. Ungdomsgjengar og motorsykkelbanar er ofte påtrengande lite opptekne av den klassiske danninga og «skikk og bruk». Hemnaksjonane deira kan bli riktig brutale også i Skandinavia. Grupper av individ har i det heile ein sterkare tendens til meir primitive løysingar enn individet åleine.

Hadde Sweeney Todd barbert like entusiastisk i dag, ville vi kunne mistenkje han for å ha forlese seg på amatørpsykologien om at det er viktig å få aggresjonen ut. Men den meir profesjonelle psykologen ville ikkje vere så oppteken av å vedgå at aggresjonen er der, for så å tole og meistre den.

Slik barnet på veg til vaksen må utsetje dei umiddelbare tilfredsstillingane av ymse slag trong, kan ein sjå sivilisasjonsprosessen som kulturar på veg frå barndom til mogning. Denne kulturen si disiplinering av naturen har sjølvsagt sine mentale kostnadar. Freud gjorde desse kostnadane til ein boktittel – ”Kulturens ubehag”. Men vi kan vel vere einige om at denne dressuren av den umiddelbare aggresjonen – hemnlysta – også har sitt behag. Behaget kan kallast humanitet.

Ein del av denne siviliseringa er at krenkinga mot individet må handterast av kollektivet. Med litt meir organiseringstalent og ein god del meir sjølvdisiplin kunne Sweeney kanskje ha vore ein sosial opprørar på vegner av dei mange, mot Dommaren og Makta. Den sosiale konflikten var openberr og påtrengande. Og kanskje ville han samtidig ha fått sin hemn. Kor mykje ligg det i det som dei fleste av oss vil kunne bli samde om er eit sosialt rettvis oppgjer; dei undertrykte mot undertrykkjarane? Etikken og politikken må svare, jamvel og psykologien kunne forstå.

Eit offer vil kalle på sympati og forståing. Tjuveri, hærverk, vald eller det seksuelle overgrepet audmjukar og krenkjer både kroppslege og mentale grenser. Men rolla og sjølvforståinga som offer er også risikabelt. Eit overgrep tek ikkje frå ein ansvaret for eige liv. Om overgrepet blir den altoverskyggjande forklaringa, og kampen mot det blir det nye meiningsinnhaldet i livet, kan livet bli redusert til ein refleks. Og overgrepet for ein livslang verknad.

Dermed kan han eller ho bli dobbelt offer.

Gøymde i farsen kan vi finne fleire moralar. Ein av dei er å lese i dobbeltofferet Sweeney Todd. Hemnaren vart òg offer for hemnen.