Bakgrunnsartikkel

Gleda over teateret

- I rolla som Tevje i Spelemann på taket snakka eg kvar kveld masse med publikum og Gud. No er det berre Gud igjen, seier Pål Christian Eggen og ler.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

På videolink frå hytta i Drøbak mimrar han tilbake til tider med fulle hus og tett kalender.

- Å stå i vengen på Hovudscenen, der ein er usynleg for publikum, men nær nok til å høyre samtalane på dei første radene, er ei heilt eiga kjensle. Ein kan høyre salen fylle seg, summinga frå 750 forventningsfulle tilskodarar som finn setene sine, og tjuvlytte på diskusjonane kring roller. Kven skal spele kva, har dei sett skodespelarane gjere andre roller og slikt. Det er heilt magisk å stå der. Eg er teaterskodespelar, og det er slike stunder eg kan sakne mest.

Pål Christian Eggen er ein av dei mest profilerte skodespelarane på Det Norske Teatret. Med sine 190 centimeter og si djupe bassrøyst tar han plass i scenerommet. Hausten 2011 kom han frå Trøndelag Teater, der han hadde kvittert ut sine siste roller som Ulven i rockeoperaen Rockn Roll Wolf og Tiger Brown i Tolvskillingsoperaen. På Det Norske Teatret blei han kjapt lagt merke til – som den syngande grå eminensen i kontroll- og konstitusjonskomiteen i Halve kongeriket, som kjærasten til Heidi Gjermundsen Broch i musikalen Tenk om, i Stein Torleif Bjella-musikalen Kan nokon gripe inn, som den lealause bestefaren Joe i Charlie og sjokoladefabrikken, og ikkje minst som Tevje i Spelemann på taket, ein slags hoppe-etter-Wirkola-augneblink i norsk teaterhistorie.

Kunne denne ukjente mannen fylle skoa etter sjølvaste Lasse Kolstad? Mannen som definerte rolla og som gjorde at halve Noreg nynna nynorske songar i håp om å bli «ein rik mann». Og – ja – også her trefte Eggen blink. Som VGs teaterkritikar skreiv etter premieren: Pål Christian Eggen som en strålende Tevje, med sitt skjeve smil, sine glitrende øyne og sin kroppslige og verbale, hardt prøvede Guds Utvalgte. Han har en vidunderlig sangstemme og en timing og verbaltemperering nær det perfekte: Eggen er Tevje! Man kan ikke si annet enn et fulltonen «mazel tov»!

- Det er viktig å hugse korleis det var, no som vi ikkje får spele for publikum. At teateret er staden for menneskelege møte, for gripande augneblinkar, for glede og refleksjon.


Som Jens Stoltenberg i Halve kongeriket, 2015. Foto: Dag Jenssen
Som Jens Stoltenberg i Halve kongeriket, 2015. Foto: Dag Jenssen
Optimisten i musikkteaterframsyninga Kan nokon gripe inn (2017), basert på Stein Torleif Bjellas tekstar og musikk. Foto: Erik Berg
Optimisten i musikkteaterframsyninga Kan nokon gripe inn (2017), basert på Stein Torleif Bjellas tekstar og musikk. Foto: Erik Berg
Som sjølvaste Rockeulven på Trøndelag Teater i 2011, ei rolle han også spelte på Nationaltheatret. Foto: GT Nergaard
Som sjølvaste Rockeulven på Trøndelag Teater i 2011, ei rolle han også spelte på Nationaltheatret. Foto: GT Nergaard
Saman med Herborg Kråkevik som spelte rolla som Golde i Spelemann på taket i 2014.
Saman med Herborg Kråkevik som spelte rolla som Golde i Spelemann på taket i 2014.

For Pål Christian Eggen har tru på at det han gjer betyr noko.

– Eg håpar at eg gjer ein samfunnsnyttig jobb og er med på å gi folk kulturelt påfyll i kvardagen. Kanskje får ei framsyning dei til å reflektere over dei store spørsmåla. Livet. Verda. Samfunnet? – Når eg ser godt teater, tenkjer eg: Dette trong eg! Jamvel om det handla om noko eg visste frå før, så kan teateret minne oss på ting det er viktig å tenkje over igjen og igjen.

Og ein ting har han lovt å minne seg sjølv om.

- Når det stormar som verst og eg har kjensla av å jobbe døgnet rundt, da skal eg hugse tilbake til dette siste året og minne meg sjølv på kor heldig eg er. For eg veit at vi kjem tilbake, sjølv om situasjonen og varigheita er uavklart no. Teater betyr mykje, er ein sentral storleik i mange sine liv og eg veit at vi er mange som lengtar tilbake til teatersalen. Både vi på scenen og dei i salen.

Frå Spelemann på taket - Tevje syng Om eg var ein rik mann
Eggen som bestefar Joe i lag med Charlie (Peter Andreas Hjellnes Moseng) i Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken (2019). Foto: Erik Berg
Eggen som bestefar Joe i lag med Charlie (Peter Andreas Hjellnes Moseng) i Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken (2019). Foto: Erik Berg
Som George i musikalen Bienes historie, basert på Maia Lundes roman, med musikk av Nils Bech (2020). Foto: Erik Berg
Som George i musikalen Bienes historie, basert på Maia Lundes roman, med musikk av Nils Bech (2020). Foto: Erik Berg
I lag med Heidi Gjermundsen Broch i musikalen Tenk om (2016) av Brian Yorkey og Tom Kitt. Foto: Gisle Bjørneby
I lag med Heidi Gjermundsen Broch i musikalen Tenk om (2016) av Brian Yorkey og Tom Kitt. Foto: Gisle Bjørneby

For tida er han aktuell med fleire roller. Berre 4 dagar etter førre nedstenging spelte Pål Christian rolla som Herr Peachum, tiggarkongen i Brechts Tolvskillingsoperaen. Før det hadde han skapt karakteren George, birøktaren i Maja Lundes forteljing Bienes historie, som ser at livsverket blir øydelagt. Urpremieren 11. september hadde 200 publikummarar i salen, men blei direktestrøymd til eit stort publikum som sat heime i stovene sine. Premieren på Tolvskillingsoperaen 14. november gjekk føre seg for tom sal. Dei siste månadene har dei halde framsyninga varm ved å spele ho med jamne mellomrom – også for tomme sete.

- Det er jo smått absurd, det som har skjedd. I mine verste mareritt såg eg for meg at eg ikkje ville få roller, at eg skulle gå arbeidsledig fordi eg ikkje var god nok. Eg hadde ikkje fantasi til å sjå for meg at eg skulle bli sett av scenen på grunn av eit virus. Sjølv om det var nettopp dette Bienes historie handla om, rolla eg førebudde da dette kom.

Pål Christian saknar publikum, men heng ikkje med hovudet av den grunn. Han er overtydd om at publikum vil vende tilbake. Og minner om betydninga dei har, også for arbeidet hans som skodespelar.

- Min jobb er jo å finne ein kjerne, ein karakter som rolla kan romme. Så er det jo i møte med publikum at denne blir forløyst. Eg treng hjelp frå publikum for å vite i kva retning eg skal styre karakteren, det er publikum som til sjuande og sist pusher rolla i riktig retning.

Pål Christian som tiggarkongen Herr Peachum i Brecht/Weills Tolvskillingsoperaen (2020). Foto: Dag Jenssen

No gler han seg til å ta i mot publikum for å vise fram Herr Peachum i Tolvskillingsoperaen, ein karakter han har arbeidd lenger med enn normalt. Seinare i vår er det Sondheim-musikal og eventyra i Into the Woods som står for tur. Han skal spele Ulven og Prinsen. Prøvane startar snart, og han er spent på kva som ventar.

- Eg har jo litt erfaring som ulv. Hahaha. Men musikken til Sondheim er ikkje for smågutar, ler Pål Christian før han tar sine 190 centimeter tilbake til stikksaga som ventar utanfor hytta i Drøbak.

Den nevedyktige, jordnære og optimistiske skodespelaren har nytta pandemitida godt. Det har blitt meir tid til familie, oppussing og friluftsliv. Men han har også heile vegen arbeidd fram roller i framsyningar som står klare for publikum den dagen dei får sleppe inn i salen. Pål Christian Eggen har ikkje lege på latsida, noko som er med på å gjere at Det Norske Teatret er klar med eit fullt repertoar den dagen dørene opnar igjen.