Bakgrunnsartikkel

Gjenta. Gjertrud.

Skrive av
Gjertrud Jynge
Skodespelar

Eg sat på ein stein. Vi feira at Tarjei Vesaas var 100. Eg var Gjenta og flørta med Mattis Tusten. Det var så fint å vera i blikket til Nils Sletta. Han hadde opne auge, og han var litt sky. Med eit glimt på lur.

Gjenta flørtar med Mattis. Foto: Per Maning.

Vakre Nils Sletta.

Per Maning ville ikkje fotografere menneske, berre dyr. Til han såg Nils Sletta som Mattis Tusten.

Eg står på eit golv, i ein skog, ved eit vatn. Vi feirar at Tarjei Vesaas er 125. No er eg Hege. Eg har fått grått hår. Eg bur i lag med bror min Mattis i denne skogen. Vi er foreldrelause, eg må fø denne bror min med strikkinga mi.
Det er ein vanskjebne. Kanskje har Hege hatt andre draumar.

Seier eg til bror min. Eg ser kroppen til Christian Ruud Kallum
skifte i uendelege kast. Han er eit oppkome av rørsler. Uendelege nyansar av kjensler ein kan lesa av den lange kroppen.

I denne framsyninga er dynamikken mellom søskena sett på spissen, det er kjærleik og hat, liv og død. Eg tenkjer at vi har reist til ein belgisk skog, eit godt stykke vekk frå skogen i Telemark. Skogen til Luk Perceval, regissøren. Han slit oss ut fysisk. Det er vakkert med slitne kroppar som er forsvarslause og ikkje kan skape seg. Eg ser kollegene mine luke turnips til dei ligg som slakt på golvet.

Frå prøvene på Fuglane. Foto: Magnus Skrede

Det er to perspektiv i denne versjonen av Fuglane. Det eine er Mattis si historie her og no, gjennom tankar og situasjonar. Det andre er Hege som ser tilbake på historia etter at Mattis er borte, og ho er aleine att ved vatnet i skogen.

Eg står på eit teatergolv, i ein skog ved eit vatn. Eg er vel ei vaksen gjente no. Eg tenkjer på dei som har stått på dette golvet før meg og som ikkje er her meir. Og eg gler meg over dei nye kroppane som bur i denne skogen no.

Frå prøvene på Fuglane. Her saman med Christian Ruud Kallum. Foto: Magnus Skrede

Alt er lenge sidan borte
og hundre år er berre ein augeblink
for det som varer

Han kunne få sagt det, jubilanten. •