Bakgrunnsartikkel

Fylla har skylda

I Ivan Vyrypajevs siste stykke er alle karakterane er veldig, veldig fulle frå begynning til slutt.

Skrive av
Ingrid Weme Nilsen
Dramaturg

Likevel kan ein ikkje seie at Fulle folk handlar om fylla, det er snarare slik at Vyrypajev brukar fylla som litterært og dramatisk verkemiddel. Ingen av karakterane i dette stykket kan gå utan å sjangle eller stå oppreist utan å dette, men når dei snakkar, tar dei ingen omvegar. Sjølvtilliten veks som kjent i takt med promillen, og ved å folke heile stykket sitt med berre fulle karakterar, kan Vyrypajev gå rett til dei aller største spørsmåla i livet, utan å frykte verken det banale eller det pretensiøse.

Menneska i Fulle folk er ikkje seg sjølve, dei står ved sida av seg sjølve, heilt opne, søkande og uredde, og dette uvanlege utgangspunktet gir både regissør og skodespelarar heilt nye innfallsvinklar til det sceniske arbeidet med teksten.

I Fulle folk kjem dessutan Vyrypajevs språk til sin rett, den repeterande, poetiske stilen hans passar perfekt til rammene han har skapt for stykket: Her finst ikkje dialog i normal forstand, replikkane liknar meir på einskilde små «diktverk» som karakterane gjentar i det uendelege, høgare og høgare, som om dei trur at orda deira plutseleg skal bli oppfatta og opne nye dører, berre dei blir gjentatt mange nok gonger.

Frå framsyninga Fulle folk: Eit utdrikkjingslag ender på eit noko overraskande vis. Foto: Gisle Bjørneby.

RUS SOM VERKEMIDDEL er ikkje noko nytt, verken i kunsten eller i verkelegheita. Litteraturen er full av døme, frå Sherlock Holmes som røyker morfin for å kunne løyse mysterium, til Dag Solstad som drikk to flaskar whisky for å manne seg opp til å gå på reunion med dei gamle klassekameratane sine.
Vi drikk for å slappe av, for å snakke, for å danse, for å kline og for å ha sex. Og somme drikk for å komme seg gjennom kvardagen.
Dette siste er ikkje minst eit problem i Russland, eit land der det kvart einaste år er fleire som døyr enn som blir fødde, samstundes som ein reknar med at over halvparten av dødsfalla i aldersgruppa 15-54 år kjem av alkohol. Likevel er det slett ikkje den russiske drikkekulturen som vert skildra i Fulle folk. Karakterane i stykket er ikkje alkoholikarar, og det er heller ikkje alkoholens verknad på samfunnet som er i fokus.

To fulle sjeler finn ut - i alle fall for ei stund - kva kjærleik er. Foto: Gisle Bjørneby.

MEN ALKOHOLEN VEKKER til liv djupe kjensler i karakterane som alle kan kjenne igjen, anten ein no kjem frå Moskva eller Oslo. Det er i det heile lite ved Vyrypajev som minner om det ein forbind med det typisk russiske; han er til dømes både buddhist og vegetarianar, og han er meir opptatt av austleg mytologi enn den russisk-ortodokse læra. Handlinga i tekstane hans går som regel føre seg på ein stad som ikkje er heilt definert, men som liknar lite på Russland, og karakterane har namn som i liten grad fester dei til eit bestemt geografisk område. Kanskje er dette noko av grunnen til at Vyrypajev blir mykje spelt i utlandet: Fulle folk hadde til dømes urpremiere i Düsseldorf. Ein annan grunn til at Vyrypaevs tekstar kanskje har større marknad utanfor Russland, er at dei passar svært dårleg saman med dei nye retningslinjene for russisk kulturpolitikk. Det er ikkje meir enn eit år sidan at det gjekk ut nye retningslinjer frå departementet, der det blei slått fast at samtidskunst frå no av ikkje kunne rekne med å få statleg støtte, og at kunsten generelt frå no av skal ha som sitt hovudmål å fremme typisk russiske verdiar, slik som kjernefamilien, stoltheit og tradisjon.

Foto: Gisle Bjørneby.

FOR SIKKERHEITS SKULD stadfesta dei i det same dekretet kva som ikkje er typisk russisk, og som kunsten altså helst bør halde seg unna, nemleg toleranse, mangfald og multikulturalisme.
Det er liten tvil om at Vyrypajev er ein kunstnar som beveger seg eilt på grensa for kva russiske styresmakter kan akseptere.
I 2001 var Vyrypajev ein av initiativtakarane bak Teatr.doc, eit dokumentarteater med politisk snert. I 2005 var Vyrypajev med på å etablere nok eitt samtidsteater med eksperimentell profil, nemleg Teatr Praktika, der han blei kunstnarleg leiar i 2013. Teatr Praktika er eit fleirbrukshus som i tillegg til å spesialisere seg på ny scenetekst også viser filmar, samtidsdans og arrangerer kurs innan ymse kunstfaglege retningar. Både Teatr.doc og

Teatr Praktika og andre russiske teater med samtidsretta profil går no ei usikker framtid i møte. Heldigvis er det grunn til å tro at Vyrypajevs suksess i utlandet nok har positiv innverknad på dei kunstnarlege tilhøva hans i heimlandet – i alle fall kan det sjå slik ut når det gjeld Fulle folk. Etter urpremieren i Düsseldorf i 2013 vart den same framsyninga faktisk sett opp på Kunstnarteatret i Moskva.

Hovudfoto: Valeriy Gorokhov