Bakgrunnsartikkel

Framtidsvisjon med framtidsspråk

Øyvind Rimbereids langdikt på eit slags kaudervelsk framtidsspråk slo ned som ei bombe i det litterære Noreg i 2004. Her får du nokre nøklar til teksten og til å forstå språket.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Solaris Korrigert er ei dramatisering av diktsamlinga signert Øyvind Rimbereid med same namn. Språket er ein hybrid av stavangerdialekt, låglandsskotsk, engelsk, nederlandsk, dansk og gammalnorsk, og kan kjennest framandt med ein gong. Dette er eit språk som kanskje har blitt til gjennom fleirnasjonalt samarbeid i oljeindustrien.

Monument i moderne lyrikk

Øyvind Rimbereids dikt, på 800 vers og 40 sider, slo ned som ei bombe i det litterære Noreg i 2004. Boka diktet står i, blei tildelt Kritikarprisen 2004 for beste skjønnlitterære utgjeving, mens hovuddiktet blei kåra til årets dikt av NRK/P2s lyttarar og kritikarpanel. Sidan den gongen har diktet blitt norsk samtidspoesis svar på Sopranos, noko alle liker å lese og snakke om, lesarar så vel som kritikarar.

Virtuell verkelegheit

Som så mange andre framtidsfablar, kan Solaris korrigert også lesast som ei forteljing om den tida ho er skriven i. Hovudpersonen i Rimbereids tekst jobbar med gammal teknologi, rør, slangar og hydraulikk, mens verda omkring han i aukande grad blir omsett til eit digitalt spegelbilde. Det minner om trekk vi ser kring oss i Noreg i dag, der både jobb, offentlegheit og sosial kontakt flyttar stadig meir over i virtuelle rom.

Det norske oljeeventyret

Diktet utmerkte seg ved å setje det norske oljeeventyret på den poetiske dagsordenen. Då boka Norsk litterær kanon i 2008 kåra Solaris korrigert til eitt av dei 25 viktigaste norske verka gjennom tidene, skreiv Audun Lindholm at Rimbereid gjorde dei tomme, nordatlantiske oljebrønnane til eit litterært symbol i kjølvatnet etter Melvilles kvite kval og Conrads elvereise til mørkets hjarte. Gjennom dei 16 åra som er gått etter utgjevinga av Rimbereid sitt dikt, har fiksjonen så smått begynt å hente inn verkelegheita: Det norske oljeeventyret er i ferd med å ta slutt.

Øyvind Rimbereid

Norsk forfattar og lyrikar, fødd 1966 i Stavanger. Han har fått ei mengd prisar for dikta sine, og har vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Jimmen, eit langdikt som delvis blir fortalt av ein arbeidshest. I 2013 fekk han Kritikarprisen for andre gong, for diktet Orgelsjøen. Han har òg skrive fleire novellesamlingar og essay, og romanen Som solen vokser.

Toppfoto: Gyldendal/Nikita Solenov