Bakgrunnsartikkel

Frå bok til scene

Ved Det Norske Teatret prøver vi stadig å finne nye norske stemmer for scenen, og da spesielt nye nynorske stemmer.

Som Kronprinsessa, så følger vi litteraturverda med argusauge. Vi ser stadig etter tekstar som kan passe for scenen. Fleire gonger har det vore litterære tekstar som har blitt grunnlaget for nokre av våre største suksessar på teaterscenen.

Gjennom tidene har vi samarbeida med ei lang rad forfattarar - både om iscenesetjingar av bøker, dramatiske tekstar og gjendiktingar av klassiske verk. Døme på forfattarar vi har hatt stor glede av samarbeidet med gjennom tidene, er Oskar Braaten, Edvard Hoem og Halldis Moren Vesaas. Ho vann intervnasjonalt ry som gjendiktar - og har skrive eit dikt som framleis heng i heisen på Det Norske Teatret.

Dei seinare åra har vi hatt nært samarbeid med eit stort knippe norske yngre forfattarar og dramatikarar - her er nokre av dei!

Forfattaren Agnes Ravatn (Fugletribunalet) er ein av dei vi følger med på. Det same er Carl Frode Tiller (Skråninga, Innsirkling) - i fjor hadde vi premiere på den første heilaftans teaterframsyninga signert frå hans hand, Kven er redd?.

Tove Bryn og Tordis Maurstad i Godvakker-Maren av Oskar Braaten i 1932. Foto: Sturlason.

Olaug Nilssen har vi hatt eit langt samarbeid med (Få meg på, for faen, Vi har så korte armar). I 2012 hadde vi premiere på hennar første teaterstykke, nemleg Stort og stygt. Frode Gryttens Bikubesong gjekk i repertoaret vårt i mange år, og kom opp igjen som ønskjereprise i samband med 100års-jubileet vårt i 2013.

Niklas Gundersen og Charlotte Frogner i Stort og stygt (2012) av Olaug Nilssen.

Are Kalvø er ein annan forfattar og multikunstnar vi har samarbeidd med i mange år (Tusen år og like blid, Det folk vil ha, Kalvø og Halve Kongeriket). I haust er han aktuell med ei bok som tek for seg hans tid i og framføre kulissene på teaterscenen; TITTEL??????. Samstundes jobbar han med å omsetje The Book of Mormon til norsk. Korleis i huleste gjendiktar ein til dømes "Tomorrow is a latter day?".

Dramatikar Maria Tryti Vennerød (m.a. Frank, Neverland, bidragsytar til Bibelen og Andre verdskrigen) har vore sterkt involvert over ein tiårsperiode.

Are Kalvø i ei litt yngre utgåve - som programleiar i Det folk vil ha på Hovudscenen i 2005. Foto: Leif Gabrielsen.

Og sist - men ikkje minst: Jon Fosse (m.a. Nokon kjem til å komme, Namnet, Vakkert)
har vi følgd med på sidan debuten som dramatikar i 1994. I haust har vi premiere på Draum om hausten - og det er første gongen vi set opp eit stykke av vår internasjonalt anerkjende dramatikar på sjølvaste Hovudscenen.

Frå Maria Tryti Vennerøds bidrag til Andre verdskrigen - Natt i verda: Rein natur. Foto: L-P Lorentz.

Vi avsluttar denne spalta med diktet av Halldis Moren Vesaas, som heng i heisen vår. Diktet er skrive sommaren 1985, da Haldis Moren Vesaas var 78 år og nyforelska i Gisle Straume:

FERDAMINNE FRÅ SOMMAREN 1985

Vi har fått rom i 2. etasje.
Da er det vel ingen vits
i å ta heisen?

Sei ikkje det.
Vi tar alltid heisen,
opp og ned.

Innestengde i den vesle boksen
blir vi med eitt
så inderleg to-eine
at vi alltid må kysse kvarandre
så snart heisen set seg i gang.

Korleis det er inni deg
den blunken det varer
veit eg ikkje.
Men inni meg boblar kvar gong
ei lita spenning:

Rekk vi det?
Rekk vi det før heisen stansar
og vi må ut?

Og jammen rekk vi det
gong etter gong etter gong.

Vi tar alltid heisen.

Jan Grønli og Unn Vibeke Hol i Nokon kjem til å komme av Jon Fosse i 1996. Foto: Helge Hansen.