Bakgrunnsartikkel

Nekrolog over Robert Lehman: Finansmannen Robert Lehman har gått bort

Først publisert 10. august 1969 i The New York Times.

Skrive av
McCandlish Phillips (1927-2013)
McCandlish Phillips (1927-2013)
Journalist i The New York Times frå 1952 - 1973.

Robert Lehman, investeringsbankmannen med ei privat kunstsamling verd minst 50 millionar dollar, døydde i går på landstaden sin i 18 Plum Point Beach Road, Sands Point, Long Island etter lang tids sjukdom. Han blei 77 år gammal. Fødd til rikdom og eit liv som bankmann vidareførte Robert Lehman arven sin med eit urokkeleg engasjement, og gjennom eit halvt hundreår forvalta han makta og privilegia som posisjonen hans gav han.

«Kunstsamlaren og investeringsbankmannen Robert Lehman er daud»

Robert Lehman (29. september, 1891 – 9. august, 1969)

Som seniorpartnar i Lehman Brothers lykkast han i å mangedoble formuen og leia det familieeigde bankselskapet til toppen av prestisje på Wall Street.

Herr Lehman uttalte ein gong at hemmelegheita bak ei god investering er å «plassere pengane sine på rett stad til rett tid» – han fekk det naturlegvis til å høyrast langt enklare ut enn det var.

Robert Lehman var ein kunstsamlar av rang, omgjengeleg på tvers av alle samfunnslag og ein dyktig pengemann som kunne det å tene stort.

Han var bankmann, filantrop, hesteavlar, eigar av nokre av verdas største kunstverk, polospelar med 2 i handikap og lagkameraten til Tommy Hitchcock som gjekk bort nyleg, og nær venn av John Hay Whitney og forretningsmannen W. Averell Harriman.

Han hadde ein framifrå kunstsmak – og midlane til å tilfredsstille han. Med ein skarp estetisk sans og eit endelaust sjekkhefte blei herr Lehman etter kvart anerkjent som ein av dei fremste private kunstsamlarane i USA og Europa. Ein gong lét han Louvre-museet velje og vrake frå samlinga si til ei utstilling som gjorde kunstkritikarane i Paris ekstatiske.

Det var i 1957 at eit utval på 293 verk til ein verdi av kring 14 millionar dollar, plukka frå ei samling på 1 000 verk, blei stilt ut som soloutstilling i Musée de l'Orangerie.

Ein kunstkritikar skreiv følgande i Carrefour: «Vi vonar musea våre kan la seg inspirere av den utleita smaken til herr Robert Lehman, som vi fekk eit storfelt døme på i dag, når dei skal kjøpe inn nye verk.»

For fleire år sidan blei samlinga taksert til mellom 50 og 75 millionar dollar, grovt rekna. Sidan Lehman Brothers er eit ansvarleg selskap og ikkje eit aksjeselskap kunne samlinga blitt beslaglagt dersom banken blei råka av ei finanskrise, sjølv om det ville ha vore høgst usannsynleg.

I 1967 blei herr Lehman vald til styreformann i Metropolitan Museum of Art, som han hadde lånt ut mange av meisterverka sine til.

Han hadde ein framifrå kunstsmak

Omtalt som ein framifrå styremedlem

Arthur A. Houghton Jr. og Thomas P. F. Hoving, høvesvis president og direktør for museet, uttalte i ei pressemelding som blei send ut i går at herr Lehman «var ein av dei mest framifrå styremedlemane i museet si historie. Han viste entusiasme og interesse kring drifta til institusjonen og hadde ein lidenskap for det som kanskje var favorittsysselen hans, nemleg å samle på store kunstverk.»

Herr Lehman bygde vidare på samlinga som far hans, Philip Lehman, starta i 1911. Samlinga inneheld ei mengde verk av El Greco, Cézanne, Rembrandt, Renoir, Monet, Botticelli, Goya, Dürer, van Gogh, Bellini, Matisse, Picasso og mange andre.

Herr Lehman tok også over etter far sin som direktør for banken, som han bygde opp til å bli eit av dei leiande emisjonshusa i landet. Lehman-banken skreiv til dømes ut fullteikningsgarantiar for 3,5 milliardar dollar i 1967, noko som sikra dei ein plass blant dei fire største investeringsbankane, rekna i totalt pengevolum.

Posisjonen herr Lehman hadde på Wall Street gjorde det mogleg for han å skaffe millionar av dollar berre ved å knipse i fingrane. Hemmelegheita hans var at han aldri knipsa utan først å ha tenkt seg nøye om og gjort grundig forarbeid.

Til dømes å skaffe 20 millionar dollar til ei bedrift på frammarsj kunne tidvis innebere litt under ein time i telefonen.

Karrieren til herr Lehman ville ha vore spektakulær om han ikkje hadde vore så nøktern. Herr Lehman tedde seg med ein patrisisk eleganse på ein måte som var så diskré, så korrekt, så ulasteleg høvisk at folk ikkje alltid visste korleis dei skulle reagere på det.

– Uansett kven du var heldt han alltid døra for deg, uttalte ein tilsett i selskapet. – Første gongen eg opplevde det blei eg litt sett ut.

Herr Lehman var ein liten og nett mann på omkring 170 cm, med mjuke trekk som var solbrune om vinteren, stort sett etter turar til dei vestindiske øyer eller med motoryachten sin. Han bar skreddarsydde klede av ypparste kvalitet, men var ikkje enkel av seg. Han brukte mokasinar i staden for snøresko og føretrekte breie slipsknutar. Han røykte ikkje og drakk med måte.

Herr Lehman (uttalt /ˈliːmən/) sa gjerne til folk han møtte at dei skulle kalle han Bobbie. Nokon gjorde det, andre ikkje. Mange av dei som ikkje gjorde det torde ikkje å kalle han Bobbie når dei prata med mannen sjølv, men når han ikkje var til stades gjorde dei det.

I løpet av dei 48 aktive åra han hadde i selskapet var Lehman Brothers investeringsbanken til ei rekke bedrifter – Macy's og samstundes Gimbels, landsdekkande butikkjeder, Radio Corporation of America, kjedene F. W. Woolworth, W. T. Grant og S. H. Kress og forskjellige olje-, stål-, tobakk- og alkoholmagnatar, for å nemne nokre av dei.

Da konsernet Litton Industries framleis berre var ein idé i hovudet på nokre få menn, investerte Lehman Brothers dei første millionane som fekk bedrifta opp på beina. Banken tente store pengar ved å kjøpe aksjar verd mindre enn éin dollar per stykk, som seinare auka til omkring 150 dollar per stykk. Lehman-banken var også investeringsbanken til Ling-Temco-Vought-konsernet.

Chase Manhattan-banken fekk erfare at dei hadde ein venn i Lehman-selskapet. I 1965 var selskapet medansvarleg for ein emisjon som skaffa 250 millionar dollar til banken i eit offentleg obligasjonssal.

«Vi klarte det, Bobbie!»

Avgjerande for luftfarten

Den tidlege kommersielle luftfartshistoria kunne ikkje ha blitt skriven utan Robert Lehman. Han var ein av dei første bankmennene som såg det enorme potensialet i luftfart, og sytte for ein pengestraum som hjelpte den kommersielle luftfarten med å ta av.

Herr Lehman var ei bru mellom folk som trong pengar og folk som hadde pengar, og som investeringsbankmann var det dette han tente pengar på. Han var òg ein giftekniv for selskap i den lukrative fusjonsbransjen.

Herr Lehman lét seg ikkje lett imponere av nyhende om det nyaste finanskuppet. Ein handel på eit par millionar dollar gav han sannsynlegvis like mykje hugnad som ein hanskekjøpmann kjenner etter å ha landa eit sal på 17 dollar og 50 cent. Ein av dei unge partnarane i selskapet fortalde:

– Eg hugsar ein gong eg arbeidde med ei stor avtale og følte meg som ein verdsmeister. Eg buste inn på kontoret hans og sa «Vi klarte det, Bobbie!»

– «Godt», svarte han med ei dempa røyst. «Kva anna held du på med for tida?»

– Ein av dei beste eigenskapane Bobbie hadde var at han oppmuntra til individualitet og til å ta riskar. Om du tok ein risk som ikkje gjekk vegen, støtta Bobbie deg likevel. Han likte det ikkje, men han støtta deg.

– Samstundes var han beintøff. Om det var noko Bobbie ville, samla han partnarane sine og så gjorde vi det – utan å nøle.

Ein tidlegare sjef i Lehman Brothers skildra det på denne måten: – Når Bobbie Lehman sa «Eg tenker at vi kanskje burde gjere det eller det» og nokon trudde det var ei oppmoding til å gå og tenke over saka, var det ganske sikkert det siste dei gjorde i Lehman Brothers.

– Når Bobbie sa «Mine vennar, eg tenker at ...» var det ikkje snakk om eit ønske – det var ein ordre.

Da den store depresjonen førte til økonomisk tørke i dei offentlege pengereservoara, sette selskapet til herr Lehman i gang ein underleg og innovativ manøver: å vere ein hevert mellom dei djupe pengebingane til forsikringsselskapa og pensjonsfonda, og dei pengetrengande bedriftene.

Dette gav sjølvsagt også pengar i kassa til Lehman Brothers, anten det var ei fast avgift, ein del av overskottet, aksjar eller andre former for honorar.

Lehman-selskapet starta opp ei rådgivingsteneste for investering som i løpet av dei siste åra kontrollerte omkring 2 milliardar dollar. Tenesta var til for klientar som hadde ein halv million dollar eller meir å investere.

Historia bak Lehman-banken starta i 1844 da Henry Lehman kom til USA frå ein bayersk landsby i nærleiken av Würzburg. Som omreisande kjøpmann opna han ein liten butikk i eit trehus i Montgomery i Alabama. Utanfor hengde han opp eit skilt der det stod «H. Lehman».

Da bror hans Emanuel blei med i bedrifta, endra dei skiltet til «H. Lehman & Bro.», og da yngstebroren Mayer blei med i 1850 endra dei skiltet igjen – denne gongen til «Lehman Brothers». Frå denne dagen blir selskapet rekna som skipa.

Brørne selde daglegvarer og eit lite utval heimeartiklar, men gjekk etter kvart over til bomull og handel med plantasjeeigarane ­– ofte med rundballar som valuta.

New York-kontoret opna i 1858

Bomullsverksemda blei flytta frå Montgomery til New York. I 1858 etablerte Lehman Brothers sitt første kontor i New York i 119 Liberty Street, og etter borgarkrigen kom også Mayer og Emanuel til staden. Selskapet handla med petroleum, bomull, kaffi og sukker og utvida verksemda si til offentlege tenester og jernvegar.

Herbert H. Lehman, som var den yngste sonen til Mayer og søskenbarnet til Robert, blei guvernør i New York og senator.

Sonen til Emanuel, Philip Lehman, blei med i familiebedrifta i 1882 og heldt fram i 65 år til han gjekk bort i 1947. Philip og Carrie Lauer Lehman var foreldra til Robert Lehman, som blei fødd i New York den 29. september 1891.

Etter at Emanuel og Mayer gjekk bort tok Philip over taumane, men han gav dei vidare til sonen Robert lenge før han sjølv gjekk bort.

Ein familievenn sa ein gong: – For deg og meg verkar kanskje kunst og finans som ei slags mystisk verd, men du må hugse at Bobbie Lehman både var fødd og oppvaksen i ho. Kvar kveld når han sat seg ned for å ete, var det kunst og finans som var temaet kring middagsbordet. Bobbie åt kunst og drakk finans.

Robert Lehman blei uteksaminert frå Hotchkiss-skulen i Connecticut i 1909 og studerte deretter ved Yale, der han var medlem i Delta Kappa Epsilon, Apollo-, banjo- og mandolinklubbane og var sjefredaktør for studentavisa Yale Daily News.

Fokuserte først på kunst

I 1913 blei han uteksaminert frå Yale, og sjølv om det aldri var nokon tvil om kva han skulle ta seg til, gjekk han ikkje inn i bankverda med éin gong. Han konsentrerte seg nemleg om kunstsamlinga i fleire år, før han under krigen tenestegjorde i Frankrike som kaptein i 318th Field Artillery i 81st (Wildcat) Division.

Han var nesten 30 år gammal da han blei med i selskapet etter krigen. I 1919 bestod banken av Philip, Arthur og Herbert Lehman – frå den andre generasjonen – og Allan S. og Harold M. Lehman frå den tredje generasjonen.

Selskapet gjekk gradvis over frå råvarehandel til å bli ein investeringsbank. Lehman Brothers brydde seg ikkje om at Wall Street hadde lite sans for detaljkjeder, og i 1906 var dei med på å skrive ut fullteikningsgaranti for den første offentlege emisjonen til ei postordrekjede, nemleg Sears, Roebuck & Co. Verksemda skulle vise seg å bli svært suksessrik. Ei lita stund seinare, da F. W. Woolworth trong pengar og ingen på Wall Street var interessert i å bla opp, stod Lehman-selskapet klare med sjekkheftet.

The Repast of the Lionca. Olje på lerret, ca 1907, av den franske post-impresjonisten Henri Rousseau. Krediterast: Bequest of Sam A. Lewisohn, 1951

Gjekk over til konsum

I utskrivinga av fullteikningsgarantien for både Sears og Woolworth sytte banken for å ta ein stor del av aksjekaka til seg sjølv. Hadde banken halde på aksjane lenge nok ville dei tent enorme summar, men dei valde å selje dei. I alle høve hadde selskapet klart å etablere ei tilknyting til detaljhandelsbransjen, og under herr Lehman blei desse banda enda sterkare. I 1950 hadde dei blitt så sterke at Lehman Brothers kunne smykke seg med anten å vere eller ha vore investeringsbanken til meir enn halvparten av dei 20 største detaljhandelsverksemdene i USA.

I tillegg til tilknytinga banken hadde til Gimbels og Macy's, varemagasinet May og fleire, var han svært viktig i dei tidlege åra til grupper som Federated Department Stores, Allied Stores Corporation og Interstate Department Stores.


Herr Lehman blei partnar i banken i 1921, og innan 1925 hadde han gradvis tatt på seg leiaransvar. I desse tidlege åra trassa han den sedvanlege dragninga Wall Street hadde til produksjon og produksjonsmiddel. I staden styrte han banken med djervskap og dugleik mot konsum – ein marknad som skulle vise seg å vekse ofseleg over dei neste tiåra.

Før han braut regelen var det berre familiemedlemar – søner, brør og søskenbarn – som var partnarar i selskapet. Mennene han ønskte velkommen som nye deltakarar i selskapet var svært ulike menneske som gav Lehman Brothers moglegheiter og ei skaparevne som selskapet ikkje ville hatt om dei utelukkande plukka framtidsutsikter frå greinene på familietreet.

Etter kvart var det store avtaler med filmbransjen, radiobransjen, flyselskap og detaljhandelsbransjen som stod øvst på agendaen til banken. Tre av desse bransjane var gryande gigantindustriar.

På 1920-talet var ikkje folk flest interessert i å bla opp for luftfarten, men dette endra seg da Charles A. Lindbergh flaug aleine til Paris i 1927.

Herr Lehman hadde vore interessert i luftfart ei stund og hadde flysertifikat. Den 1. mars 1929, da eit av dei store holdingselskapa innan luftfart, Aviation Corporation (forkorta til Avco) blei skipa, slutta Lehman Brothers seg til Harriman-brørne om å leie det offentlege salet av obligasjonane til selskapet til ein verdi av 40 millionar dollar. Herr Lehman blei formann for eksekutivkomitéen i Avco, og W. Averell Harriman blei formann i styret.

Ein tapt kamp

Avco kjøpte opp dusinvis av flyselskap og andre selskap og eigde etter kvart nærare 80 dotterselskap, inkludert over 14 000 kilometer med flyruter. I 1931 blei flyselskapa slått saman til American Airways (som seinare blei American Airlines).

I 1930 hadde holdingselskapet tapt verdiar for omkring 3,5 millionar dollar. Seinare oppstod det ein aksjekrig mellom Lehman-Harriman-administrasjonen og E. L. Cord i Century Airlines, som vann og tok over Aviation Corporation heilt og halde i 1933.

Men herr Lehman var langt frå å bli vippa av pinnen. Frå 1929 var han styremedlem i Pan American, som gjorde det stort på eksklusive reiser til Sør-Amerika, og Lehman Brothers hadde eit langt og godt bankforhold med flyselskapet.

I 1934 fekk Lehman Brothers og Atlas Corporation aksjemajoritet i Transcontinental & Western Air (som no heiter Trans World Airlines (T.W.A.). Lehman selde seg ut i 1939.

I tillegg til å ha ein finger med i skipinga av American Airlines og den tidlege utvidinga av Pan American og T.W.A., var herr Lehman engasjert i finansieringa av både Capital, Continental og National Airlines.

Kringkasting var òg ein bransje han gjekk inn i på eit tidleg stadium. På slutten av 1930-talet sponsa selskapet den første offentlege utskrivinga av fullteikningsgaranti for eit kringkastingsselskap, nemleg Allen B. DuMont Laboratories. Sidan finansierte Lehman Brothers også Radio Corporation of America.

Herr Lehman var òg svært engasjert i underhaldningsbransjen. I 1928 sytte han for å slå saman Keith-Albee- og Orpheum-teatera til den største humorscenen i landet, med over 700 teater, 1,5 millionar publikumsplassar og ein kapital på 65 millionar dollar.

Med ein fot allereie godt innanfor i underhaldningsbransjen låg det i korta at herr Lehman skulle inn i filmbransjen. Han blei involvert i finansane til både Radio-Keith-Orpheum (R.K.O.), Paramount Pictures og 20th Century-Fox.tschi

Å gjere draum til verkelegheit

Ein partnar i selskapet sa ein gong til forfattaren Joseph Wechsberg at «å vere investeringsbankmann er å gjere draum til verkelegheit ved hjelp av pengar.» Det var naturlegvis filosofien til Robert Lehman han refererte til.

Ein ung partnar i selskapet skildra herr Lehman som «ein person som var mykje meir interessert i folk enn i fakta.»

– Eg kjente Bobbie Lehman ganske godt, sa Charles B. (Tex) Thornton, formann i Litton Industries. – Da vi skulle skipe Litton Industries tok eg kontakt med Joe Thomas i Lehman Brothers, og det var han som introduserte meg for Bobbie Lehman. Det var i 1953 og vi var på leit etter kapital. Vi skisserte opp kva for eit selskap vi ville skipe og kva vi forventa å kunne gjere med det. Lehman Brothers skaffa dei 1,5 millionane som fekk Litton Industries på beina. Eg gjekk til pengemarknaden med god sjølvtillit, men absolutt ikkje med noka form for garanti, men to-tre månader seinare hadde vi dei 1,5 millionane. (Banken skreiv sidan ut fleire fullteikningsgarantiar for Litton. Red.anm.)

– Bobbie Lehman fortalde meg at det var inntrykket han fekk av menneska i leiinga som var det avgjerande når han skulle skrive ut fullteikningsgarantiar, og ikkje berre årsrapportar. Om han ikkje kunne lite på menneska i leiinga, var han heller ikkje spesielt interessert i å sjå balanserekneskapen deira.

– «Eg set pengane mine på folk», fortalde Bobbie meg. – Eg måtte klype meg i armen eit par gongar da eg høyrde det.

Mannen som hadde finansverda i si hole hand hadde det som ein av dei tilsette kalla eit «knøttlite kontor med eit lite klimaanlegg stikkande ut av vindauget.» Andre partnarar i selskapet, som har kontor i 1 William Street, eitt kvartal frå Wall Street, hadde svært velinnreidde kontor som var fire gongar så store som herr Lehman sitt.

Kontoret hans var litt under tre meter breitt, snautt fire og ein halv meter langt og var temmeleg merkeleg utforma, mest som eit dårleg skore kakestykke. I den eine enden stod eit lite skrivebord med skinntrekt topp. I nærleiken hadde han ti familiebilete, blant dei eitt av ei lita jente med druemarmelade klint utover andletet.

Over skrivebordet hadde han eit Kees van Dongen-måleri med eit hesteløpsmotiv med raude og oransje hestar. Herr Lehman måla ein eksakt kopi av måleriet og gav det til general Lucius D. Clay, som var partnar i Lehman Brothers.

Dagleg ringerunde tidleg om morgonen

Dei viktigaste tilsette i selskapet hadde daglege lunsjmøte i hovudspisestova i åttande høgda. Herr Lehman brukte å sitte ved enden av bordet medan han leia møtet.

– Den første dagen min her blei eg litt overraska da vi blei servert pytt i panne, men det smakte jo veldig godt, sa ein av dei tilsette. – Maten blei laga av den tidlegare kjøkkensjefen ved restauranten Le Pavillon, og den franske Bâtard-Montrachet-vinen var avkjølt til nøyaktig femten gradar.

– Bobbie Lehman stod aldri opp seinare enn kl. 06.00, fortalde ein venn av han. – Det første han gjorde om morgonen var å prate med hestetrenaren sin. Han ringde partnarane sine mellom kl. 07.30 og 09.00, og var du ikkje med i den daglege ringerunden, var du heller ikkje ein del av laget.

– Dei som var vennar av Bobbie, dei som eig kunst og dei som eig hestar, var folk med eigne pengar, og nokon av dei var av typen som gjerne bytte ut vennskapet med forretningar.

Herr Lehman budde i ei 18-roms leilegheit i 625 Park Avenue, som sjølvsagt var raust dekorert med måleri, men han hadde eit eige herskapshus på fem høgder utført i stein i 7 West 54th Street til kunstsamlinga. Herskapshuset blei bygd av far hans kring hundreårsskiftet og blei brukt som bustad fram til han gjekk bort. Etter det blei huset gjort om til eit privat museum døgnbemanna med væpna vektar, men det var like fullt innreidd med både sofaar, stolar, bord, vasar og lamper.

I Lehman-samlinga finn ein kring 1 000 måleri, men òg gobeleng, renessansemøbel, smykke, keramikk, bronse og venetiansk glas.

I 1963 gav herr Lehman 500 000 dollar til Yale University for å finansiere eit professorat i kunsthistorie, og i 1967 donerte han 1 million dollar til Institute of Fine Arts ved New York University.

I 1968 blei herr Lehman kreert til æresdoktor med tittelen «Doctor of Humane Letters» ved Yale University for «sin innsats i samfunnsutviklinga, kulturen og den kunstnarlege utviklinga av vår sivilisasjon.»

I 1940-åra inspirerte John Hertz, ein partnar i Lehman Brothers, herr Lehman til å bli interessert i hestar. Ein av dei første store vinnarane til herr Lehman var Ambipoise, som tente inn 374 872 dollar. I 1968 hadde herr Lehman 25 avlshopper på Robin Scullys Clovelly Farms i Kentucky og 10 hestar som blei trena på Hialeah i Florida, i tillegg til 32 andre som blei trena i nærleiken av Lexington i Kentucky.

Den 20. september 1967 vann hesten til herr Lehman, Flit-to, i 100 000 dollars-klassen i United Nations Handicap i Atlantic City, med ein vinst på 65 000 dollar. Hesten hadde odds på 19–1 på grasbana.

Herr Lehman gifta seg tre gongar. Dei første to ekteskapa, høvesvis med frøken Ruth Rumsey og med fru Ruth Owen Meeker, enda i skilsmisse. I 1952 gifta han seg med fru Lee Anz Lynn.

I tillegg til enka si, lét han etter seg ein son frå ekteskap nummer to, Robert Owen Lehman; stedøtrene fru Kenneth Bilby av Greenwich, Connecticut; fru John Fernbach av Sands Point; fru Paul Smith av Torrington, Connecticut og fru Pamela Daniels av New York, i tillegg til to barnebarn.

Tid og stad for gravferda er ikkje fastsett.


Omsetjing: Benjamin Fjellmann/Samtext Norway AS
Reprinted with permission from the John McCandlish Phillips estate, the McCandlish Phillips Journalism Institute at The King’s College in NYC and The New York Times.