Bakgrunnsartikkel

Digresjonar rundt tema i Come back, Liza

I denne teksten fortel dramatikar Terje Nordby historia om korleis Come back Liza blei til. Om musikk, levd liv, Odyssevs og ein gylden ball.

Skrive av
Terje Nordby
Terje Nordby
Dramatikar, forfattar og mytolog.

Lauritz Moe skal synge ein gammal Harry Belafonte-song. Sånn startar framsyninga. Han begynner å dra sin vante introduksjon. Men akkurat i dag har kjærasten Sigrun gått ifrå han og han har fått melding om at liket av faren er identifisert i Aust-Afrika.

Lauritz prøver å komme til saka, men tankane flyg, og han tar oss i staden med på ei reise til eit hav og eit landskap der mye og røyndom flyt i hop. Til innesnødde kjensler i 1960-åras Noreg, og til Time Bar, Mombasa, der forelsking, sakn, sex og død lever side om side. Og han tar den farefulle heimferda til Odyssevs og tolkar ho høgst fritt i ein sfæren der livet blir forteljing og forteljing blir liv.

Kjernetemaet er ein manns grenselause sakn av ein far.

Hausten 1995: Starten

Då Lasse Kolsrud tok kontakt med meg hausten 1995 for å drøfte eit mogleg fellesprosjekt, ein monolog for skodespelar og musikk med utgangspunkt i sjømannen sin ståstad og erfaring, hadde eg nettopp sysla med tanken om eit mogleg høyrespel med utgangspunkt i Odysseen, historia sett frå Telemakos (sonen til Odyssevs) sin vinkel, utan pietet for den antikke tradisjonen, men med vektlegging på tematikken om den sakna faren. Slik enda Odyssevs-prosjektet i Lauritz Moe sitt storslagne, men hjelpelause oppslag til musikalen Den Store Hemnen, og slik fekk andre akt av Come back, Liza ein vaklande mytisk undertone.

Levd liv

Like viktig som Homer, var for dette prosjektet den evige sjømannen Per Skotheim. Han reiste Sør-Noreg på tvers og sat to heile dagar på kafeen Karoline på Oslo Sentralbanestasjon og fortalde Lasse og meg om sitt sjømannsliv. Ifølgje notata mine begynte han slik:

For 20 år sidan sette eg meg på flyet frå Mombasa til Nairobi, ferdig med ein månads ferie i Aust-Afrika. Reiarlaget har ein agent i kvart land, men eg måtte dra til ambassaden i Dar es Salaam, fordi skipperen nekta meg å vere ein månad til. Eg hadde vore heime hos ei jente eg var i lag med, som eg trefte i Mombasa, ho budde i Kithele, Kenya. Det er så langt inn i landet at du kan sjå Uganda derifrå. Kithele er senter for folk som reiser til Kilimanjaro. Det var mor hennar som hadde invitert meg. Søstera hennar var i lag med ein tyskar som var dykkar i Nordsjøen. Tyskaren blei kalla Kung Fu fordi han hadde ein tendens til å slåst. Ein franskmann var ho også i lag med. Ein slags forretningsmann som reiste på Seychellene. Dette var slutte på sjømannslivet mitt. Det begynte med at eg som gutunge besøkte ein nabo der sonen hadde reist til sjøs. Der låg det eit reiarlagsblad med eit nydeleg bilde av eit stykkgodsbåt, kvit med blått hav rundt.

For ordens skuld: Lauritz Moe i skodespelet har svært lite til felles med røyndomens Per Skotheim. Dei har rett nok begge vore til sjøs og blitt forelska i Mombasa.

Syng gjennom meg, muse

Odysséen handlar om Odyssevs si lange heimreise frå Troja, der han ved hjelp av klokskap og krigslist klarte å snu krigen til grekarane sin fordel. Det episke verket begynner slik:

Syng gjennom meg, muse, om helten som reiste så langt og kunne så mangt etter han hadde knust det hellige Troja.

Legg merke til frasen «kunne så mangt». I rektor P. Østbye si (rådande bokmålsomsetjing frå 1922) språkdrakt: «rådsnar». I den engelske versjonen til Robert Fitzgerald heiter det «skilled in all ways of contending». Det gammalgreske originalordet er polytropos – mangesidig, rørleg, skiftande. Odyssevs sitt fortrinn er ikkje det standhaftige prinsipiell, men det smidige, smarte og lure. Han er rett og slett jævla flink. Han brukar snarrådigskapen sin til å pønske ut planar og utvegar til glede for seg sjølv og stammen sin, øya si og familien sin, medkrigarane sine og sitt eige folk.

Odyssevs kan stå modell for det meste av det vi ønskjer oss ved ein omsorgsfull beskyttar, ein far.

Odyssevs er ingen global helt, eller folkets ven. Han forlet ikkje alt han har og vier livet sitt til dei fattige. Han er ein krigar og det beste ein krigar kan vere: Mangekunnig, sjølvstendig i tankegangen, sterk og, om nødvendig, opportunistisk. Dermed overlever og sigrar han. Og før den endelege sigeren blir han tvinga til den blodige hemnen, som han fullfører, ikkje nødvendigvis med glede, men som den korrekte, mangesidige krigaren han er. Ein mann gjer sin plikt og stjernene går i faste banar på himmelen. Odyssevs kan stå modell for meste av det vi ønskjer oss ved ein omsorgsfull beskyttar, ein far.

Ei oppseding i det å bli mann

Odysseen tar utgangspunktet i tida etter Trojakrigen. Skipet til Odyssevs blir drive av vinden til eit folk som et lotus, og i rusen den bringar gløymer ein alt anna. Krigaren og hans menn nyt lukke og gløymsle. Berre med eit krafttak får Odyssevs rive seg laus, siglar vidare, kjem i konflikt med kyklopen (den einauga) Polyfemos, som et nokre menn og sperrar dei inne i ei hole. Odyssevs lurar han med vin og list, men ulukkelegvis kjem det fram at faren til Polyfemos er sjølvaste havguden Poseidon. Dermed blir Odyssevs og mennene hans og farkosten hans heimsøkt med stormar og skjer og farar og freistingar heilt til helten vår hamnar utmatta på øya til kong Alkinoos, og på eitt av skipa hans blir han endeleg ført tilbake til heimen sin i Ithaka.

Å vere sjømann er å vere menneske, berre litt tydelegare.

Her har sonen Telemakos tolmodig venta på far sin, og maktsvoltne friarar benka seg på borgen for å ekte dronning Penelope og overta kongemakta. Dei fire første «bøkene» i Odysseen gir problemkomplekset sett frå Telemakos sitt synspunkt, og skildrar den einsame og rådville guten som får besøk av ein gud som får han til å manne seg opp, tale friarane imot og forlate øya med utrusta skip og søke far sin. I dei siste «bøkene» blir «Telemakiaden» (litteraturforskaruttrykk) og “Odysseen” førte saman. Odyssevs erobrar heimbyen og alle gode kreftar slåst i hop og treng friarane ut. Telemakos blir ført saman med sin etterlengta far, og det lukkelege familielivet på Ithaka er etter 20 år erobra på nytt og intakt.

Ut frå ein synsvinkel kan Odysseen sest på som ei initering, ei oppseding i det å bli mann. Ein av grunnane til at verket enno har utbreidd appell kan vere den rastløysa mange av oss kjenner ved å segle rundt i dette brokete livet som sjømann utan ankerfeste, med eller utan mål. «Å vere sjømann er å vere menneske, berre litt tydelegare», seier Lauritz Moe.

Norske sjøfolk

Et gjennombarket folkeferd er Bjørnsons karakteristikk av den norske sjømannsstanden. Inge Eikeland (Historisk Institutt, Bergen, 2000), skriv:

Det finnes mange oppfatninger om hvem det var som ble sjømenn og hvordan sjømennene var. Familiens ”sorte får” ble ofte sendt til sjøs for å få litt skikk på dem. Til sjøs kunne de lære disiplin og slippe å gjøre skam på familien mens de bodde hjemme. Sjømennene har ofte blitt sett på som litt naive, enkle, unge menn som var fulle av eventyrlyst. Sjømannen hadde spesielle klær, sang spesielle sanger og taklet ikke alltid livet i land like godt.

I 1957 arbeidde 43 660 norske sjøfolk på norske skip. Nesten halvparten var under 25 år. Svært mange reiste ut for ein kort periode og tok så arbeid på land. I midten av 1970-åra hadde nesten ein tredjedel av alle yrkesaktive menn arbeidd til sjøs i kortare eller lengre tid. Lasse Kolsrud blei ein av dei. Hans eigne erfaringar med hundevakt, rustpikking og billig brennevin til jul, bidrog vesentleg i framsyninga, for ikkje å snakke om forholdet til faren, som var sjømann heile livet sitt.

Den gylne ballen

I 1990-åra kom Robert Bly ut med boka Iron John: A Book About Men. Jarn-Hans (Iron John) er ein forsvunnen jegar som er forvandla til ein villmann i bur. Ein åtte år gammal gut mistar den gylne ballen sin, som trillar inn til Jarn-Hans i buret. Han vil gjerne ha igjen ballen sin, og villmannen fortel han at då må han bli slept ut av buret, og nøkkelen til buret ligg under hovudputa til mora. Først då han er 35 år løyser guten problemet, og saman dreg dei to til skogs. Villmannen seier: «Du kjem aldri til å sjå foreldra dine igjen, men eg er alt du treng».

Kan eg få att ballen min no?

Bly, som er poet, men også psykoanalytikar, resonnerer slik: Kontakt med Jarn-Hans føreset å trenge ned i den mannlege psyken og godta det som er mørkt. Den gylne ballen strålar av den vedunderlege energien og undringa vi hadde som barn og mista i tenåra. Det første vi må gjere, er å godta at ballen er blitt borte. Kulturen som kom i 1960-åra fortalde menn at dei kunne finne sin gylne ball ved å vere følsame, mottakelege og samarbeidsvillige. Dermed oppgav mange menn all aggressivitet, men fann ingen ball. Først den 35 eller 40 år gamle mannen i krise, overarbeidd, framand og tom, tør å spørje villmannen av heile sitt hjarte: Kan eg få att ballen min no? Nøkkelen ligg under hovudputa til mora. Han er i senga der ho elskar med faren og der ho drøymer: «Min son, doktoren, min son, børsmeklaren». Inga mor vil gi nøkkelen frå seg frivillig. Dersom ein son ikkje kan stele han, fortener han den ikkje.

Digresjonane pressar seg fram

Come back, Liza handlar nok meir om den gylne ballen enn sjømannslivet, bortsett frå at Lauritz, som dei fleste andre av oss, aldri får til å låse opp noko som helst, han veit knapt nok at det er nettopp det han strever med. Stykket er, som undertittelen fortel, «ein digresjon for trekkspel og evig sjømann». Ingenting av det Lauritz seier, treng å bli sagt. Han skal eigentleg seie noko anna, introdusere ein song. Men digresjonane pressar seg fram, og han treng eit par timar for å samle seg. Det er desse timane, og ikkje noko anna, vi er til stades i. At det meir eller mindre tilfeldig, er vesentlege delar av den bisarre livshistoria til Lauritz, kan han ikkje noko for.

1997: Premiere

Skodespelet blei skrive i nært samarbeid med Lasse i midten av 1990-åra. Det hadde premiere i 1997 på jazzklubben Belleville i Oslo. Eivind One Pedersen, som dessverre ikkje lever lenger, framstilte Robert Hermansen. Den unge skodespelarspira Silje Torp (20 år seinare skjoldmøya Freya i Vikingane) var ein habil sufflør. Storleikar som Kjetil Bang-Hansen og Toralv Maurstad kom innom prøvane og gav oss verdifulle råd. Premieren gjekk strålande, men etter få framsyningar var talet på publikummarar nede i fem.

Prosjektet hadde pustevanskar og ville truleg blitt lagt ned for godt, hadde det ikkje vore for at eit par av dei fem publikummarane ein kveld tilhøyrde redaksjonen i Radioteatret. Dei fatta interesse, og Berit Hedemann stod for ein radioversjon, noko nedkorta, men elles tett opp til den sceniske originalen. Han vekte merksemd, og går framleis i reprise med ujamne mellomrom. Høyrespelet blei kjent gjennom den europeiske kringkastingsunionen, oppnådde Special Mention i det prestisjetunge Prix Italia, og har stykket har seinare, i scenisk eller audiovisuell form blitt spelt i Ungarn, Austerrike og Tyskland. Ikkje lenge seinare fekk det plass på Det Norske Teatret, det det i ein periode gjekk for fulle hus.

Hausten 2019: Som det måtte gå

Lasse tok kontakt med meg hausten 2019 med ideen om ei ny oppsetjing. Men som skodespelaren er ikkje Lauritz lenger rundt 40, men rundt 60! Kva har skjedd i mellomtida med livet hans? Og uttrykker han seg annleis i dag enn i 1990-åra? Har han noko forhold til ny teknologi, og korleis går det med kjærasten? Korleis tenkjer ein 60-åring i forhold til ein 40-åring, og korleis gir det seg uttrykk? Det tok litt tid å få auge på han, men til slutt fann eg han sitjande på bussen, litt sliten etter ein rangel, med ei tekstmelding på mobiltelefonen han ikkje forstod noko av.

Derifrå gjekk det som det måtte gå.