Bakgrunnsartikkel

Eit spørsmål om perfekte hagar og ugras

I framsyninga Songfuglen har Jan Roar Leikvoll dikta fram eit totalitært kvinnesamfunn, der mennene er fordrivne for fleire generasjonar sidan.

Skrive av
Øystein Sørensen
TIL NYNORSK VED Unn Catodotter Fyllingsnes

Her veks ungguten Jakoba opp, forkledd som jente. Kva er eit totalitært samfunn, og kvifor oppstår dei? Vi har bede historikar og forfattar Øystein Sørensen fortelje.

Ordet totalitær smakar av Holocaust og Gulag, av Orwells originalversjon av Big Brother, av statleg terror og overvaking døgeret rundt. Ein av Hitlers næraste medarbeidarar, Robert Ley, uttrykte det i ein knapp formel: Den einaste som har noko privatliv i Tyskland i dag, er ein som søv.

Det totalitære er alt dette. Men det er òg mykje anna og mykje meir. Det er òg, og ikkje minst, vyar og visjonar om ei ny og mykje betre verd – ei verd utan svolt og naud, utan krig og grufulle hendingar, utan ulikskapar og urettferd. Kort sagt eit idealsamfunn, ei fullkomen verd. Og det er nettopp dei storslegne visjonane som legitimerer terroren og overvakinga.

Totalitære regime var eit produkt av første verdskrigen. For mange menneske tydde den krigen eit samanbrot for utviklingsoptimistiske tankar om at verda ville gå framover i ein jamn, stigande kurve: utvikling av liberal fridom, demokratiske institusjonar, materiell velstand, vitskap, teknologi og siviliserte omgangsformer. Ein opplevde første verdskrigen som eit ufatteleg, meiningslaust blodbad, regissert og utført av dei leiande statane i verda. Resultatet av krigen var at gamle, stabile stormakter braut saman, og i kjølvatnet av krigen kom økonomiske kriser, brutale borgarkrigar og omfattande sosial uro. Det kunne sjå ut som om heile den etablerte verda stod framfor undergangen.

Men første verdskrigen gav òg impulsar til å tenkje nytt og stort. Ein såg resultat av denne nytenkinga i Lenins og Stalins Sovjetunion, Mussolinis Italia, Hitlers Tyskland. Desse regima var noko nytt i verdshistoria. Dei tok prinsipiell avstand frå liberale demokrati, men dei var annleis enn tradisjonelle tyranni. Dei var styrde av storslegne idear om nye samfunn og nye menneske. Ideane kunne vere svært ulike, og det var regima òg. Kommunismen var ein dødsfiende av fascismen og nazismen, og oppslutninga om dei nye rørslene i Italia og Tyskland kom ikkje minst av frykt for at revolusjonen i Russland skulle spreie seg.

Men det var ikkje desto mindre sterke felles trekk, både i sjølve ideane og i dei nye regima som var baserte på dei. Verdas første eittpartistat var det sosialistiske Sovjet-Russland. Det fascistiske Italia følgde snart etter, og nokre år etter der igjen blei det etablert ein eittpartistat i Tyskland. Desse tre regima tolte inga form for opposisjon. Men dei totalitære makthavarane kravde ikkje berre at undersåttane deira var lydige. Dei kravde aktiv og entusiastisk masseoppslutting. Skolar, kunst, kulturliv og arbeidsliv, møte, paradar og opptog, seremoniar og ritual – alt og alle blei gira inn på dei storslegne ideane til dei statsberande partia.

Vi kan snakke om ein totalitær tenkjemåte, ein totalitær mentalitet som er felles for høgst ulike ideologar. (Tilhengjarar av desse ideologane vil naturlegvis nekte på det sterkaste for at det finst slike fellestrekk og ein slik felles mentalitet.) Totalitære tenkjarar har løysinga på alle problem. Dei veit kva verkemiddel som er naudsynte, og dei veit kven som må drepast. Dei prøver å leike Gud.

Her er nokre hovudpoeng:

Totalitære rørsler meiner at dei har funnet den eine, store Sanninga om samfunn, historie, politikk, økonomi og kultur. Dei har oppskrifta på det fullkomne samfunnet, og dei veit kva som må gjerast for å kome dit. Dei forkastar dei eksisterande samfunna og meiner at det er naudsynt med eit revolusjonært brot med samfunnet slik det er. Alternativet, slik dei ser det, er samanbrot og barbari.

Med denne tenkjemåten blir politikk noko anna og mykje meir enn det hadde vore. Politikk blir altomfattande og absolutt, det blir løysinga på alle problem. Men politikk blir òg det å styre og kontrollere alle fasettane av menneska sine liv. Menneska skal formast slik at dei blir Nye Menneske i ei Ny Verd. Dei skal tenkje likt, dei skal vere oppslukte av den same, store visjonen. Alt og alle som er usamde blir pr. definisjon hindringar som må ryddast av vegen. Fordi målet er så stort, meiner totalitære ideologar at dei har rett til å ta i bruk alle verkemiddel for å kome dit. Vald og terror i masseomfang, om naudsynt. Eitt menneskeliv eller hundre eller ein million blir berre bagatellar i den store samanhengen. Holocaust var eit naudsynt verkemiddel for at Hitler skulle kunne realisere idealsamfunnet sitt. Gulag var naudsynt for at Stalin skulle realisere sitt.

Dette er ikkje berre fjern fortid heller. Totalitære ideologiar og rørsler gjer seg stadig gjeldande i nye former. For Anders Behring Breivik var massakrane 22. juli 2011 naudsynte verkemiddel for å skape det idealsamfunnet han ville ha. For IS – Den islamske staten – er terroraksjonar og massakrar naudsynte verkemiddel for å skape ei ny og fullkomen verd slik dei vil ha den.

Om ein vil ha ein metafor som illustrerer dette totalitære forsøket på å leike Gud – eller om ein vil, å erstatte Gud – så synest eg den polske sosiologen Zygmunt Baumans omgrep om gartnarimpulsen (”the gardening impulse”) er treffande. Baumans utgangspunkt er at det i den moderne verda – verda etter gjennombrotet for opplysingsideane – ikkje blir oppfatta som Guds ansvar å skape ei ny og betre verd. Menneska må gjere jobben åleine, ved hjelp av vitskapen og den byråkratiske rasjonaliteten. Og enkelte menneske tar jobben svært alvorleg. ”Gartnarimpulsen” ein overordna visjon for samfunnstenleg ingeniørkunst – og, i konsekvensane, ei oppskrift på massedrap og folkemord.

Dei som er dominerte av gartnarimpulsen meiner at dei har eit moralsk ansvar for å skape ei ny, ordna og harmonisk verd. Samtidig er dei òg teknologisk, administrativt og politisk i stand til å gjere det, eller i det minste: til å prøve. Dei må, og dei kan skape ei ny og betre verd. Da må dei òg fjerne hindera. Dei må fjerne alle som øydelegg og ikkje passar inn. Om naudsynt heile folkegrupper, om mogleg i effektive, industrialiserte folkemord. På same måten som ein gartnar, må og kan dei luke ut ugras.

Og alle som har drive med litt hagearbeid veit at det å luke ut ugras er ei sisyfosoppgåve. Ikkje før ein trur ein er ferdig, så er det der igjen. Dette er òg ein del av gartnarimpulsen: Vegen mot det fullkomne samfunnet er fylt med ugras. Utreinskingane må halde fram heile tida. Det tar aldri slutt.

Gartnarmetaforen fokuserer på det grunnleggjande menneskesynet i den totalitære tankeverda. Det skal skapast eit fullkome samfunn for heile menneskeslekta (som i kommunismen) eller for ein utvald del av menneskeslekta (som i fascismen og nazismen). Enkeltmenneske som ikkje passar inn i det fullkomne må reinskast ut. Sjølv om målet blir kopla til aldri så mange honnørord om lykke og harmoni og fridom, så har den enkelte berre verdi i den grad han eller ho finn den oppmerkte plassen sin i kollektivet. Dei som ikkje vil innordne seg, dei er ugras.

TEKST Øystein Sørensen FOTO Fredrik Arff
TIL NYNORSK VED Unn Catodotter Fyllingsnes