Bakgrunnsartikkel

Eit annleis personsøk

Han har levd med han heile livet. Men Bjørn Eidsvåg (62) veit framleis ikkje heilt kven Jesus er, eller kvifor han treng han. No er han klar med si første teaterframsyning.

Skrive av
Thomas Karlsen
TIL NYNORSK VED Arne Torp

Det er nokre år sidan no, fem for å vere heilt nøyaktig, og Bjørn Eidsvåg hadde fått sitt eige vesle talk show på TV, i grunnen ikkje så veldig mykje meir avansert enn «Bjørn Eidsvåg møter artistar og andre gjester han synest er interessante»; åtte program i alt, fordelte ut over eit par korte sommarmånader. Blant dei åtte gjestene var Harald Eia, som på dette tidspunktet hadde brukt åra før på populærforsking knytt til arv og miljø, oppsummert gjennom TV-serien Hjernevask og boka Født sånn eller blitt sånn?

- Vi hadde vore innom mange tema, han hadde utdjupa ståstaden sin, forholdet sitt til religion, og så hugsar eg at han spurde meg, ganske insisterande:
«Bjørn, trur du på Gud?» Og der og da blei det heilt umogleg å svare kort på, oppdaga eg.
Som eg sa til han: «Det kan eg ikkje, for eg veit ikkje kva for gud du vil ha meg til å tru på; eg treng tid til å svare skikkeleg på det spørsmålet».

Tid er dessverre ikkje noko ein har overflod av på TV, men spørsmålet og problemstillinga blei hengande att i han etterpå, i den grad at Eidsvåg ei stund funderte på å skrive ei bok som kunne samanfatte hans mange og ulike tankar om si eiga tru. Det var for så vidt ein tanke han alt hadde bore på ganske lenge – under konsertane sine hadde han i stadig større grad fortalt små anekdotar og historier; innimellom hadde det dermed også slått han at han burde systematisere desse på eit vis, samle dei til ein heilskap.

- Forholdet mitt til kristendom og tru er så omfattande; eg har jo vore del av det sidan eg var liten, men også vore langt borte frå det, nesten prøvd å avlære meg heile greia – ei avrusing, nesten – men eg har jo også innsett at dette ikkje slepper taket, at denne Jesus-figuren framleis fasinerer meg.

Det blei inga bok – i staden har han skrive teaterstykket Etterlyst: Jesus, som denne hausten har premiere på Det Norske Teatret, basert på hans eige livslange forhold til denne langhåra misjonæren frå Nasaret.
- ´Gjer mot andre som du vil at andre skal gjere mot deg´– altså, det er jo et genialt kamprop for ei rørsle, rett og slett.
Og når eg no har brukt det siste halvanna året på å dykke ned i materialet frå ei meir teologisk side igjen, så får eg stadfesta at Jesus og følgjesveinane hans var ei spenstig og radikal rørsle, jamvel i dag.

Ideen fekk bein å gå på i London. Bjørn Eidsvåg og kona var i teatret for å sjå Matt Stones og Trey Parkers – South Park-skaparane, altså – Book of Mormon.

- Kona mi er prestedotter, har noko av den same bakgrunnen som eg, men der sat vi og lo, ikkje sant, lo så vi mest slo knute på oss. Men på eitt punkt i framsyninga såg vi på kvarandre og skjønte begge, i den same augneblinken, at det vi her sat og lo av, var like mykje vårt eige ungdomsliv og vår eigen oppvekst, seier Eidsvåg, som etter å ha sett Book of Mormon endeleg sat med ein idé og noko han han hadde lyst å setje ut i livet.

- Dette frimotet til å seie det som det er, til å vise at det ikkje finst noko ein ikkje kan tøyse med – akkurat det tykte eg var enormt inspirerande.

I framsyninga har Bjørn Eidsvåg med seg Svein Tindberg - som også har bala mykje med spørsmål rundt tru og tvil.

Med Etterlyst: Jesus har han prøvd å finne ut kven Jesus eigentleg er. Den Jesus han fann i Sauda som liten er ikkje den same som han forheld seg til meir enn 60 år seinare.

- Har du fått noko svar?
- Altså, det eg har funne ut er at alle kulturar har skapt sin eigen Jesus. Og at vi står fritt til å lage vår eigen Jesus, også i 2016.
Men så er spørsmålet: Treng vi det? Treng vi han? Har vi kanskje i vår tidsalder vakse frå dette med å ha idol? Eg endar likevel med å slå eit slag for Jesus, for at han ikkje er det verste forbildet å ha, ler Eidsvåg, som fortel at framsyninga kanskje mest av alt er hans forsøk på å avsløre dei tallause freistnadene som er gjorde opp gjennom historia på å tvinge religion på folk.

- Presteskapet, for eksempel, dei folka har ein dårleg CV. Dei har funne opp hekser, vantru, skjærseld, alt dette har dei teke ut av lufta, ting som etter mitt skjønn er rein overtru og utslag av behov hos ein del menneske for å kontrollere andre. Så tanken er: Dersom vi tek bort dei tinga, overtrua og mytane, står vi igjen med noko? I så fall kva? Eller rettare sagt: Kva står eg igjen med? Kva synest eg er truverdig? Kan eg med rak rygg kalle meg kristen? I så fall: Kva trur eg på?

Og der er vi kanskje tilbake ved Harald Eia.

Bjørn har alltid lurt på kven denne Jesus eigentleg var. Foto: Siren Høyland Sæter.

- Som personleg kristen går ein vel automatisk litt i forsvarsposisjon når ein blir utfordra på den måten? Barrikaderer seg i sakristiet?

- Ein gjer jo det. Og det er fordi Jesus også blir teken som ein talsmann for homohat og avgrensing av rettar for kvinner og mange andre forkastelege ting ein ikkje identifiserer seg med, men desse passasjane må du lese Bibelen med eit heilt spesielt blikk for å finne – det er jo slett ikkje den same nestekjære Jesus eg les om, i alle fall. Det er det som eigentleg ligg i botnen her, og som eg vil til livs, nemleg denne forferdelige bibeltruskapen. At dette er Guds ord og du skal følgje det og så vidare. Noko som er komplett umogleg i vår tid, fordi Bibelen er full av så mykje tullball og motsetningar. Å lese han bokstaveleg er eit syndrom vi dessverre ikkje er kvitt, jamvel ikkje i ei progressiv tid som vår, og den norske kyrkja slit framleis med dette. Det står til dømes ein stad i Bibelen at «dersom tunga di lokkar deg til å lyge, er det betre å skjere ho av», seier Eidsvåg og ler.

- Og det er, for å seie det slik, ikkje mange tungelause i den norske kyrkja.

I framsyninga har Bjørn Eidsvåg med seg sitt faste band på scenen. Foto: Erik Berg.

Etterlyst: Jesus framfører han saman med band og skodespelar Svein Tindberg, kjend for teatermonologar som Abrahams barn og Markusevangeliet. Tindberg er Eidsvågs opponent i stykket, i rolla som bibeltru og flammande konservativ svovelpredikant, mellom mykje anna.

- Svein og eg kjem frå to ulike leirar; eg frå bedehusa i Sauda og ein kristeleg bakgrunn, mens han kjem frå eit frittenkjande teatermiljø og liberale teaterforeldre, med ein far som har vore oftare på «Du skal høre mye» enn nokon annan her i landet. Så Svein er ikkje befengd med denne kristne oppveksten; i staden har han møtt Jesus gjennom arbeidet som vaksen, med utgangspunkt i Jesus som hovudpersonen i ei av dei store forteljingane i verdshistoria.

I arbeidet med stykket har han, som han seier, «ubeskjedent sendt det rundt til folk som ikkje har bede om det», kasta ball med ein krins av teologisk og historisk oppegåande venner, slik at han dermed kan gi rom for å luke bort feil og misoppfatningar.

- Eg har jo ei viss intellektuell forfengelegheit også – eg vil ikkje bli teken for noko. Du kan seie det slik:
Eg er nok laga slik at eg kanskje ikkje alltid har full dekning for alt eg skriv: Får eg ein tanke, blir eg fort litt i overkant glad i den og går ganske langt for å få han til å stemme med røyndommen.
Men det er eg også veldig medviten om, det er ein gammal familieveikskap. Mor mi elska å fortelje historier, ho smurde gjerne dyktig på, mens far min, som var mykje meir nøktern, sat fortvila ved middagsbordet og liksom «Evelyn, det var jo ikkje sånn!». Som ho gav blaffen i, sjølvsagt. «Kvifor skal du alltid øydeleggje ei god historie?» brukte ho å kontre med.

Svein og Bjørn har hatt mykje å diskutere.

- Kva har vore det største problemet med å skrive stykket?

- Det er nok å ikkje bli for kjepphøg, at pendelen svingar helt over til den andre enden og at eg begynner å sable ned andres tru for fote, at eg liksom bikkar over. Men eg landar på rett side, eg finn den rette balansen her. Det eg nok slit mest med, er å skulle respektere tolkingar som går ut over homofile eller andre minoritetar. Eg kan akseptere at somme har eit slikt syn, men eg klarer ikkje å respektere det. Eg klarer ikkje å respektere folk som kjempar for ein ideologi der somme skal undertrykkjast.

Planen er å ta Etterlyst: Jesus ut på vegen neste haust, opp over heile kysten, inn i dei tronge krokane av landet der gudstrua har vore mest urikkeleg.

- Heile bibelbeltet frå Grimstad og opp til Ålesund, og også nordpå. Eg trur heilt ærleg at det er særleg viktig å spele stykket på slike stader. Eg har jo merka allereie, fordi eg har testa ut ein del av historiene på ymse kyrkjekonsertar, at det er sjeldan at folk blir sinna - folk blir i staden letta, dei ler til dømes hjarteleg når eg hengjer ut farfaren min, denne kristne tyrannen av ein mann, dei gir seg ende over og er glade over at det er lov å seie desse tinga høgt. Teologivennene mine fortel meg jo at dette maset mitt om at helvete ikkje finst, at det er å slå inn opne dører frå mi side, men det er ikkje mi erfaring.

- Nei?
- Å nei, helvete lever fortsatt mange stader, som eit trugsmål og skjellsord.
- Kor stor plass har Jesus i livet ditt no? Tenkjer du på han kvar dag?

- Eg har gjort det, i alle fall, i to år i strekk. Så akkurat no er eg eigentleg møkk lei heile fyren, hehe. Eg skal la han vere i fred lenge når dette er over.

FOTO Lasse Fløde

Eidsvåg på scenen i lag med Svein Tindberg. Foto: Erik Berg.