Bakgrunnsartikkel

Ein ny Mattis i teaterhistoria

– Er det ikkje det vi moderne menneske eigentleg jagar etter? Å vere totalt til stades i augneblinken?

Skrive av
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

– Som Mattis. Han ser og sansar og er fullstendig i eitt med her og no.

Christian Ruud Kallum ler litt. Karakteren han skal spele denne våren berre er.

– Mattis treng korkje meditasjon, pusteteknikkar eller yoga. Han lever i no’et, og er ikkje forstyrra av ytre faktorar. Men han er jo naiv, på grensa til einfaldig, og heilt hjelpelaus i møte med omgjevnadene.

Tarjei Vesaas’ hjarte banka for scenekunsten. Det var likevel ikkje det han skreiv for scenen som skulle bli ståande igjen i teaterhistoria. Med dramatiseringa av Fuglane blei Vesaas plassert blant dei ruvande teaternamna. Christian Ruud Kallum fekk høyre det allereie same dagen som rollelista blei gjort kjent. «Åh, så det er du som skal spele Mattis, ja. Eg hugsar godt den førre oppsetjinga. Den var fantastisk. Og Nils Sletta…» Sjølv er han med sine 32 år altfor ung til å ha eit forhold til den nærast segnomsuste framsyninga frå 1997. Men han kjenner si teaterhistorie og veit at Nils Sletta i Ole Anders Tandbergs regi frå 1997 framleis er ein snakkis i teaterkrinsar.