Bakgrunnsartikkel

Ein hyllest til fantasien

Dramatikar Maria Kjærgaard-Sunesen har henta inspirasjon frå mange eventyr til ein ny fabel om fantasiens kraft.

Les meir om den eventyrlege familieframsyninga Nila og den store reisa her.

Det danske tospannet beståande av regissør Maria Kjærgaard–Sunesen og scenograf Mie Riis har fått i oppdrag å lage ei internasjonal eventyrframsyning for heile familien. Dei har skapt ei fargerik, musikalsk og fantasirik framsyning som hentar inspirasjon frå både kjende og ukjende forteljingar frå heile verda, men også frå den tida vi lever i. Her vil vi blir tatt med opp i lufta og under havet, vi vil møte fuglar som snakkar, fiskar som syng, vindar frå alle verdshjørne og den vonde draken Morgana. Framsyninga er akkompagnert med Anders Ortmanns musikk, framført av eit lite orkester på scenen, med mellom anna harpe. Eit stort ensemble vil mane fram forteljinga og fantasirike draumescenar gjennom song og dans.

Moderne eventyr

Nila og den store reisa handlar om Nila, ei ti år gammal jente som bur i ein liten landsby ved havet saman med familien sin. Her rår harmoni, i alle fall å sjå til ved første augekast. Nila har ein livleg fantasi og gler dei andre i byen med dei fantastiske historiene sine. Når fantasien får venger, kjem musikken og songane til Nila. Men harmonien slår etter kvart sprekkar. Like utanfor bymurane trugar krigen, med Den Morganske Milits i spissen. Når bymurane brest og militsen stormar fram, må Nila og familien flykte.