Bakgrunnsartikkel

Ein bygdis i byen

Adela Cudjoe er guten frå bondelandet som ikkje kunne kome seg fort nok til byen. Den praktiske arbeidaren med sans for poesi og dans. Hobbykokken som blandar det norske og afrikanske på kjøkkenet. Som heiter både Gaute og Adela.

Det er ikkje rart eg trivst på Det Norske Teatret, seier han og gliser. – Her er jo nettopp motsetningar eit pluss og toleransen høg. Eg kjenner at eg med min bakgrunn passar godt inn.

Adela, som fyller 30 i neste månad, er på rette plassen. Han vaks opp i naturskjønne omgjevnader i Hobøl i Indre Østfold. Med tjukk l og hokjønn. Mor og far sørgde for trygge rammer, men var tydelege da han droppa ut av vidaregåande. «Da skal du i alle fall i arbeid». Han vende straks nasen mot hovudstaden, var allereie hekta på dans og ville inn i dei ambisiøse miljøa. Han kom frå popping, locking, electric boogie og hip hop, men i Oslo gjekk han over til å danse afrokaribisk og kom inn i Tabanka Dance Ensemble der han var del av ensemblet i 3-4 år. I eit blaff av tvil, eller var det fornuft, søkte han likevel byggfag og vurderte å slå seg saman med tømrarbroren som trong ein murar. Men dragninga mot scenen vann.

– Nei, det blei ikkje rett, sjølv om eg er ein praktisk kar. Eg starta heller på Nordic Black Theater. Der møtte eg mange gode folk som var med på å stake ut vidare kurs. Vi gjorde nokre eigne prosjekt som kjentest bra. Scenekunst var greia.

Så gjekk turen til Verdal og Nord Universitet der han tok ein bachelor i skodespelarfaget. Det første møtet med Det Norske Teatret kom da han hoppa inn som General ræv føkkings naken i The Book of Mormon våren 2018. Innhoppet kom til stor jubel. Hundre-og-eitt-eller-anna-tusen publikummarar seinare har han fått nye og kanskje meir krevjande oppgåver å strekke seg etter. For tida er Adela Cudjoe aktuell som Jamal i Tante Ulrikkes vei som onsdag 28. april blir direktestrøymd frå Rommen scene. Scenen ligg berre eit steinkast unna dei faktiske blokkene der handlinga finn stad, og framsyninga er basert på romanen med same tittel av Zeshan Shakar. Jamal er ein av dei to unge gutane med minoritetsbakgrunn som deltek i eit forskingsprosjekt som skal dokumentere kvardagen til minoritetsungdom i Groruddalen på starten av 2000-talet. Jamal er den trøblete av dei to, han med flest utfordringar og han som kanskje har det svakaste utgangspunktet. Adela Cudjoe fyller karakteren med mot, overskot og ein sjarm som gjer at ein lenge trur det vil gå fint. Trass alt.

– Joda, eg kjenner typen. Som er så full av slang at han nesten ikkje er forståeleg. Men samstundes, eg veit at han representerer utruleg mange i byen vår, i landet vårt, men ein som ikkje alltid får positiv merksemd. Dei som står med eit bein i fleire verkelegheiter, som balanserer mellom ute og inne. Eg har hatt kjæraste på Romsås i 10-12 år, og eg har møtt mange sånne som han opp igjennom.

Foto: Magnus Skrede

Bygdisen med rastaen veit jo kor han høyrer heime.

– Det Norske Teatret er eigentleg det fleirkulturelle teateret. Prosjektet er fint, det er inkluderande. Det er for slike som meg. Men i løpet av dei åra eg har vore på teateret har eg jo eigentleg ikkje snakka ordentleg nynorsk. Eg har gått frå african-norsk i The Book of Mormon via verste slang-norsken i Tante Ulrikkes vei og gatesmart groruddøl i Linje 5. No som eg har starta arbeidet med å finne mi eiga form, min klangbotn, basert på språket eg har med meg frå Hobøl, skjønar eg jo at gamle Ivar (Aasen) ikkje var spesielt glad i dialektene frå Indre Østfold. Det skjønar eg ikkje, seier Adela med latter.

Han er overtydd om at han skal fikse språket. Det er jo scenespråk, nett som «innvandrar-norsken» han har snakka til no, som han omtalar som det nye norske.

Foto: Magnus Skrede

– Det er ein ny norsk, seier han og understrekar ordet er.
– Det nye språket kjem i så mange ulike former. Alle ungdommar i Oslo har henta opp ord og uttrykk, toneart og trykk på stavingar frå dei som i utgangspunktet var fleirspråklege.

Adela, som kanskje har Det Norske Teatret sin mest smittande og glade latter, trur at han skal fikse det meste. Bortsett frå komedien. Han ser ikkje seg sjølv i noko som er morosamt, sjølv om det var nettopp som den sprut galne generalen han gjorde entre på Det Norske Teatret. Men om han skal drøyme, så luktar han gjerne på Shakespeare. Ein Shylock frå Kjøpmannen i Venedig, kanskje. Jøden som står i bru mellom to verder. Det kunne han tenke seg. Men før slike moglegheiter opnar seg skal han til Bergen, til DNS og ei rolle i Engler i Amerika.

– Det skal bli fint. Eg gler meg, seier Adela, sjølv om han veit at han skal tilbake til Oslo. Og forhåpentlegvis Det Norske Teatret.

Bygdisen med rastaen veit jo kor han høyrer heime.

Artikkelen er skrive i 2021.