Bakgrunnsartikkel

- Eg har slutta å kose barna mine

Det kostar å synge Mozart, og berre ei lita snue kan sette heile framsyninga på spel. Difor må Nattas dronning; Charlotte Frogner, halde ein viss avstand til snørrete barn frametter.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Brava! Brava! Det var italiensk temperatur over applausen etter Charlotte Frogners siste tone i ein av dei mest kjente ariane i operahistoria under premieren på Tryllefløyta. Spenninga i salen var merkbar i det ho nærma seg det teknisk kompliserte, men også høgst fengande partiet i «Der Hölle Rache». O o a a a a a a a a a! Eit par tonar, og alle veit kva det er snakk om. Det lét mest som guddommeleg gråt eller klage, briljant utført av ei oppofrande mor med ein bekmørk baktanke.

Aftenposten melder at ho imponerer i rolla som Nattas dronning og meiner at «Charlotte Frogners koloratursang som Nattens dronning er grøssende, slangeaktig god». Og Vårt Land er heller ikkje snau i omtalen: «Blant et sterkt skuespillerensemble utmerker Charlotte Frogner seg i rollen som Nattens dronning. På en høyst underholdende måte representerer hun de onde kreftene, mørket og månen, mens hun drar operahistoriens største numre ned fra pidestallen og gjør de til sine helt egne.»
Det er ikkje akkurat kvardagskost med ariar frå teaterscenen, og det er første gongen Det Norske Teatret tar eit av dei klassiske operaverka inn i repertoaret. Arrangementa er nye, gjort av kapellmeister Trond Lindheim, noko som gjer at det høyrest annleis ut, reint musikalsk.
Hovudpersonen sjølv kjenner berre på ein lette.

– Det er først og fremst deilig å ha kryssa av for premiere. Det er veldig vanskeleg materiale, og ein kjenner kvart minutt på den scenen at ein ikkje er operasongar. Det gløymer ein liksom aldri.
Men om Charlotte ikkje kjenner seg som operasongar og bruker det noko distanserande «ein» og ikkje «eg», så er ho likevel trygg i rolla og veit at ho spelar ho tilstrekkeleg godt, som ho seier med ein latter.

Nattas dronning i Tryllefløyta har mord i blikket. Foto: Erik Berg.

– Det ein kjenner no, er kanskje særleg at det er ein grunn til at operasongarar spelar få gongar i veka. Som regel. Vi har eit litt tett program utpå der, med krevjande ariar i den eine scenen og bjørnedans i den neste, seier ho. Og ler med ei litt bekymra mine.
For no er det den nye kampen: å finne tid til restitusjon. Halde seg frisk, unngå smitte og verne om kropp og stemme.
– Eg har slutta å kose med barna mine, seier ho lurt. – Ein liten snue no, og det går ikkje. Det er det nye stresset. Det er ei aldri så lita påkjenning.

Der Hölle Rache er ein av verdas mest kjende operasongar, og er Nattas dronnings forsøk på å overtale dottera til å drepe Sarastro. Foto: Erik Berg.

Men samstundes er ho veldig stolt over å ha fått og stått i denne rolla. Det er ei kul rolle, og ho tar seg godt ut på CV-en, nettopp fordi ho er så ikonisk for så mange.
– Og likevel er det jo ingen som begrip eller forstår seg på rolla. Det var ei utfordring for meg. Som skodespelar. Kanskje har eg forstått ein bit av gåta, eller mysteriet, i materialet. Men om nokon hadde spurt meg kva Tryllefløyta handlar om, så hadde eg vore omtrent blank. Eller eg veit ikkje heilt kva for ende eg skulle ha starta i. Det ligg jo ei massiv opning for tolking her.

Kanskje har eg forstått ein bit av gåta, eller mysteriet, i materialet.

Og kanskje nettopp det at det er eit skodespelarensemble som har gitt seg i kast med stoffet, gjer at denne versjonen kan tene som ein døropnar for dei som ikkje er vande med å gå i operaen.
– Eg trur jo at Tryllefløyta vår kan vekke ei nysgjerrigheit for operaen, eller at det blir lettare å ta turen dit. Og omvendt: For dei som har vore mykje i operaen, kan denne versjonen vere ein augneopnar. At dei opplever å forstå litt meir, og at det opnar opp musikken litt meir. Særleg fordi vi syng på norsk.

Men må ein alltid forstå alt i møtet med eit verk? kan ein jo spørje seg.

– Det er såpass skækkt og rart at det er moro for store og små.

– Det draumeuniverset som regissør Ole Anders Tandberg har skapt på scenen, opnar jo opp for at alt er mogleg, at alt kan skje. Og det gjer det jo. Det er ein viss galskap i stoffet, og det er jo ganske skrudd. Men det verkar på publikum som om dei kosar seg, sjølv om ikkje alle kanskje forstår kva det handlar om. Det er jo ikkje alltid ein treng ein heilt klar fortolkingsnøkkel for å kose seg. Det musikalske og det visuelle uttrykket er jo verkeleg ein fest – i seg sjølv.

– Vi angrip nok det musikalske litt annleis enn folk er vande med. Vi er jo ikkje ute etter perfeksjonisme, etter å treffe alle halvtonane, men prøver heller å leite etter historia i Tryllefløyta. Og så skal det jo låte bra, sjølvsagt!

Til slutt forsonar Sarastro og Nattas dronning seg med kvarandre. Foto: Erik Berg.

Charlotte og gjengen på scenen har arbeidd mykje med å opne opp historia, gjere ho litt meir forståeleg, og å finne forteljinga i det som er ei litt kryptisk og merkeleg handling.

– Det er såpass skækkt og rart at det er moro for store og små. Dotter mi på sju år syntest det var magisk, og sat ytst på setet og følgde med heile vegen. Vi beveger oss jo i store måleri som er magiske og fortryllande. Det er jo ein visuell fest. Og med vår eldste popstjerne, Mozart, i komponistrolla, er publikum garantert heilt vanvitig fengande og god musikk.

Publisert 10. mai 2023.