Bakgrunnsartikkel

Dressert og vill natur

Scenograf Dordi Strøm har dratt naturen inn på scenen i Vårløysing: - Naturen representerer omstenda og kreftene i og rundt ungdomane i stykket, kreftere dei ikkje rår over sjølve.

Språket er omsetjar Jon Fosses tvist på 1890-talsk og blir omtalt som eit slags korsett av produksjonen: Ganske stramt snørt, men ein får likevel puste. Kostyma består av blondekjolar, mamelukkar og køar (stativ som får rumpa til å verke større), stramme snøresko.

Gutane går i kortbukser med store silkesløyfer. – Vi har latt oss inspirere av 1800-talets borgarskap.

Nina Woxholtt spelar Fru Bergmann, og har eit kostyme som består av både mamelukkar og "kø" bak. her får ho livet snørt av kostymeansvarleg Tove Svartsund. Foto: Erika Hebbert.

Det at alt er så porselenskvitt og perfekt skal framheve grumset som vakar under overflata, forklarar kostymedesignar og scenograf Dordi Strøm.

Scenograf og kostymedesignar Dordi Strøm har tråla bøker og nett for å finne inspirasjon til scenografi og kostyme. Her er inspirasjonsfoto og kostymeskisse til Hänschen og Ernst sine klede.

Scenografien er laga som ein slags magisk realisme der ting er forstørra eller ikkje er det du først trudde det var. Naturen representerer både naturen i ungdomane – det frie, det naturlege og våren som gryr i dei – men også krefter dei ikkje rår over som påverkar lagnaden deira.

Kjolelengda på denne tida signaliserte om du var "gifteklar" eller barn. I først scene i stykket vil mor til Wendla ta på henne ein vaksenkjole som er lengre, men 14 år gamle Wendla vil framleis gå i den korte kjolen sin. Inspirasjonsfoto og kostymeskisse til Wendlas kostyme.

Pompøst lydbilde

- Når vi har laga musikken, har vi tenkt litt sånn: Korleis var det å vere kul på 1890-talet?, seier komponistane Viljar Losnegård og Petter Winther, som også spelar skoletaparen Moritz i stykket. Emosjonane er sterkare når ein er ung, og dette speglar seg også i det musikalske underlaget, som gjerne tillet seg å vere litt pompøst. Det er litt 1800-tals kammermusikk med snev av synthpop og beats.

Scenografiskisse til Vårløysing. Illustrasjon: Dordi Strøm.

Lydbildet er tungt inspirert av 80-talet og artistar som Kate Bush, men også av nyare artistar og band som Bjørk, Radiohead og Susanne Sundfør.

Inspirasjonsfoto til Fru Bergmanns kostyme med enorme pufferme og snørt liv.

Og musikken til TV-serien Stranger Things. – Taco med bearnéssaus! Repliserer Viljar. – Ja, litt som ein tenåring som prøver å vere kul, men ikkje heilt får det til, svarar Petter.

Viljar Losnegård og Petter Winther står for komposisjon og lyddesign. Petter spelar også Moritz, så han er i kostyme for høvet. Foto: Erika Hebbert.