Bakgrunnsartikkel

Draumerolla

I meir enn 20 år har Heidi Gjermundsen Broch venta på denne rolla. Endeleg skal ho få spele Heksa i Into the Woods. Det er beinhardt arbeid, veldig gøy, og litt trist.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Ho kjem rett frå prøve. Dei er om lag to og ei halv veke unna premieren på Into the Woods. Ein premiere som allereie har blitt utsett eitt år grunna korona. Ei framsyning Heidi har ønskt seg og venta på i meir enn 20 år. No er det nærare enn nokon gong. Ho har henta seg ein kaffi, litt påfyll av energi. I kveld skal ho spele Slåttekar i himmelen. Fram mot premieren går det i eitt. Men det er godt å vere tilbake til dette igjen. Ho trekker føtene opp under seg i sofaen i foajeen på Det Norske Teatret.

- Kor mange gonger har du spurt teatersjefen på Det Norske Teatret om å sette opp Into the Woods?

- Ein del, seier Heidi og ler på sin hjartelege måte. - Eg har vel aldri fått eit sånt «Nei, det skal vi ikkje gjere» frå teatersjefen. Men så forstår jo eg også at det handlar om tid og stad, regissør og ensemble. Det er jo dritvanskeleg stoff, så du skal ha eit ensemble som kan turnere det. Og det har Det Norske Teatret no!

Dette er første gongen Into the Woods blir sett opp i Noreg. Musikalen av Stephen Sondheim og James Lapine hadde urpremiere i San Diego i 1986, og blei flytta til Broadway året etter, der den vann tre Tony-prisar, mellom anna for beste musikk og beste manus. Endeleg skal eit norsk publikum få bli med inn i skogen.

«Plutseleg går eg rundt oppi den draumen som eg har hatt i så mange år,» seier Heidi Gjermundsen Broch, som har drøymt om denne rolla sidan studietida. Foto: Siren Høyland.

Den ultimate musikalen

Rammeforteljinga vev saman fleire ulike kjente eventyrfigurar, som Raudhette, Oskepott, Rapunsel, prinsar og stemødrer. Og sjølvsagt Heksa, som Heidi skal spele. For Heidi starta draumen om hekserolla allereie i 1996. Da gjekk ho på Paul McCartney-skolen LIPA i Liverpool. Ho hadde valt musikklinja, men skjønte at det var feil stad for ho. Dei andre kvinnelege songstudentane ville bli popstjerner, og det var ikkje Heidi sin draum. Dei interessante tinga skjedde på skodespelarlinja. Da dei skulle gjere Into the Woods som studentproduksjon, var det nokre frå musikklinja som fekk lov til å vere med. Heidi fekk spele ei av stesøstrene til Oskepott.

- Musikal tenkjer eg på som eventyr. Derfor blir Into the Woods den ultimate musikalen fordi den er jo eventyr! Eg hugsar eg tykte stoffet var heilt sjukt bra! Into the Woods føyer seg inn i ei rekke av Stephen Sondheims verk som har dette veldig leikne i seg, men som er så komplekst skrive. Det er toneartsforandringar, taktskifte, tema som blir vridde og vende på i det uendelege. Det er nerdete og sært. Skal ein gjere Sondheim, så går det ikkje an å late som. Du kjem ikkje unna noko anna enn inn til beinet. Og det synest eg er kjempegøy! Det appellerer sikkert til mi nerdete side.

Effektmakeri

Det er mange kjente namn som tidlegare har tolka Heksa. Som Bernadette Peters i originaloppsetjinga på Broadway og Meryl Streep i filmen frå 2014. Korleis Heidi si heks blir, er det ho no prøver å finne ut av. Men av ytre effektmakeri, er det mykje greier. Til dømes skal ho ha pyro integrert i kostymet for trolldom og hekseri. Den svarte kappa og pukkelryggen ho har på seg veg mange kilo. I tillegg har Heidi måtta lære seg å synge med laustenner.

- Det er kjempevanskeleg! Eg fekk klaustrofobi første gongen eg tok på meg maska og tennene og hetta med håret. Laustennene fekk eg for veldig lenge sidan, så dei har eg øvd masse med. Dei har vore med å forme ei stemme og ein måte å snakke på.

Til dei kjempelange heksefingrane har koreograf Belinda Braza lagt til nokre rørsler, inspirert av den legendariske koreografen Bob Fosse. Heidi har vore på YouTube og studert korleis det skal gjerast, øvd framfor spegelen, og viser med hendene korleis det skal vere. I tillegg har ho eit spektakulært kostymeskift i framsyninga. Første gongen ho skulle prøve på det, braut heile rommet ut i spontan applaus.

Kostymedesignar Maria Geber har teikna fram ei arketypisk heks, sånn vi gjerne tenkjer dei skal vere, med svart kappe, heksefingre, vorte på nasen og alt.

– Det er så gøy, eg føler meg som verdas heldigaste som skal få lov til det! Når vi jobbar i sånne univers som vi gjer no, så er det ei parallelljobbing mellom det tekniske som berre må på plass, og ei undersøking av indre liv og korleis det skal få uttrykk. Spørsmålet vi heile tida stiller oss, er for kva. Korfor gjer vi det sånn? Korfor vel vi dei løysingane vi gjer? Men allereie på leseprøven forstod eg at det var tatt veldig store estetiske val i kostyme, scenografi og regi. Vi skal inn i eit veldig ekspressivt landskap. Så handlar det om korleis vi greier å bryte gjennom alt dette med rolla også.

Heksa sin forsvarar

Basert på utsjånad kan ein seie at kostymedesignar Maria Geber har teikna fram ei arketypisk heks, sånn vi gjerne tenkjer dei skal vere, med vorte på nasen og alt. Men inni alt det ytre leiter Heidi fram eit menneske.

- Saman med regissøren, Ole Anders Tandberg, leiter vi etter kompleksiteten i karakterane og prøver å gå så langt som mogleg i kva desse ulike eventyrfigurane kan vere.

- Heksa blei forheksa av si eiga mor, og blei så stygg at ho aldri fekk oppleve kjærleik eller det å få eit eige barn. Derfor har ho tvinga til seg eit barn som ho påstår er hennar eige. Det barnet, Rapunsel, som no har blitt vaksen, har Heksa stappa opp i eit tårn fordi ho ikkje vil miste henne. Rapunsel har ei lang flette som ho slepper ned frå vindauget i tårnet. Når stykket byrjar har vi komme til eit punkt i historia der heksa har byrja å forstå at ho ikkje klarer å halde på dottera lengre. Og det bringar fram nokre handlingar som ikkje er spesielt vakre. «Om det som vaks berre var hennar hår, ikkje ho, så fann eg ro,» syng Heksa. Det treffer rett i hjartet.

For Heidi er det heilt naudsynt å forsvare rollene ho speler: «Jo meir det er å forsvare, jo morosamare og meir interessant er jobben.» Her er Heksa saman med Bakaren og Bakarkona, spelt av Kristoffer Olsen og Kjersti Dalseide. Foto: Erik Berg.

- Leiter du etter sympatiske eller formidlande trekk i rollearbeidet ditt? For Heksa er vel ein skurk i denne historia?

- Eg synest ikkje ho er skurk i det heile! seier Heidi og ler. – Men eg veit ikkje kva publikum synest når dei ser framsyninga. Men eg driv berre og forsvarar henne og finn grunnar for kvifor ho gjer som ho gjer. Det er så mange lag her, både i det ein kan kjenne igjen som forelder sjølv, med ungar som byrjar å bli vaksne, og kva det gjer med oss, og vår evige jakt etter ungdom og skjønnheit. Det er veldig mange parallellar til våre heilt reelle liv, men pakka inn i denne ekspressive eventyrforma.

- Er det naudsynt for deg å finne måtar å forsvare eller forklare alle roller du speler?

- Eg vil ikkje seie at eg alltid forstår. Men at min jobb er å forsvare til ytste konsekvens, det er jo ein skodespelars jobb. Marie Blokhus seier det så fint at teater er eit slags humanistisk prosjekt. Vi menneske er så komplekse og samansette, vi gjer så mykje dumt, er irrasjonelle og gjer forferdelege handlingar. Og det er vår jobb å vise dette fram. På ein måte tenkjer eg at jo meir det er å forsvare, jo morosamare og meir interessant er jobben.

For Heidi held den jobben fram til siste ord er falle. Kveld etter kveld leiter ho etter nye lag i karakteren. Viss ikkje blir det ikkje levande. Men når siste tone døyr ut på siste framsyning, da er ho også ferdig med karakteren. Sånn blei det. Men med Heksa er det framleis mykje djupn å utforske.

- Eg synest ikkje Heksa er skurk i det heile! Eg driv berre og forsvarar henne.

Sondheim på norsk

Samanlikna med ting Heidi har gjort før, tenkjer ho Sondheim er i ein eigen kategori når det kjem til korleis han skriv melodiar og tema. - Eg har jobba med veldig moderne komponistar tidlegare som også opererer i eit ganske komplekst univers. Men …

Heidi tenkjer seg om ein augneblink. - Det er ikkje som han. Nei, det er noko eige. Det kviler eit sånt sondheimsk slør over det, musikken hans er lett å kjenne igjen.

Både i tema, komposisjon og måten å fortelje historie på, var nyskapande da Into the Woods kom i midten av 80-åra. I 2022-versjonen er det ein del ting dei gjer annleis. Til dømes kretsar historia rundt Raudhette og hennar kamp med å gå frå barn til vaksen. Humoren har dei også gitt ei oppdatering.

Sist gong Det Norske Teatret hadde ein Sondheim-musikal på repertoaret, var Sweeney Todd i 2015. Da spelte Heidi rolla som Toby. Her saman med Charlotte Frogner som Mrs Lovett. Foto: Erik Aavatsmark.

- Det som var revolusjonerande humor i 1986, opplever vi kanskje i dag som gammaldags. Men vi har ein utruleg ambisiøs og ekstremt godt førebudd regissør i Ole Anders Tandberg. Han er veldig oppteken av at det må bli plassert inn i vår tid, med våre auge, korleis vi ser på teater, kva som er humor i dag. Sondheim var jo ein mann av si tid. Samtidig har verka hans ei djupn og ein kompleksitet som gjer at dei ikkje blir passé, dei må berre fortsette å bli tolka inn i si tid, som vi gjer med all stor kunst som vi tolkar igjen og igjen.

Heidi er også full av lovord om Runar Gudnason som har hatt jobben med å finne eit norsk språk til framsyninga.

- Det er heilt ellevilt bra! Han har klart å få med seg så mykje frå originalteksten, vore tru mot det musikalske og gitt oss gode vokalar å synge på der det er påkravd. Det er meiningsberande, morosamt og rørande og alle desse laga. Eg trur ikkje nokon kjem til å forstå kor bra det han har gjort er, fordi han har gjort det lett for oss. Runar er ein ordsmed av rang. Ein må ta av seg hatten og bøye seg i støvet.

«Oppi alt er det personleg for meg å få oppleve at dette skjer no,» seier Heidi Gjermundsen Broch om det å spele i Into the Woods. Foto: Siren Høyland.

Å leve draumen

- Ole Anders brukte ein metafor på prøven i dag: «Vi er ikkje i angrepsspelet. Ballen er spelt. Han er på veg i krysset.»

- Fotballmetaforar går over hovudet på meg, men …

- Haha, eg er heller ikkje så god på fotball, men eg tolkar det som at når du er i angrepsspelet så er du framleis i kamp med eit forsvar og det er mykje som skjer. Men idet ballen er spelt, så er han i lufta, det kjem til å gå veldig, veldig sakte, men han har ei retning og veit kor han skal.

Sånn kan det følast to og ei halv veke før ein premiere. Ballen som er på veg mot målet, stykket Heidi kallar for «eit beist», er både krevjande og ambisiøst. Det handlar om forsaking, svik og egoisme. Og draumar. Alle desse eventyrkarakterane i stykket drøymer om noko som dei halvvegs ut i handlinga får oppfylt. Heksa får skjønnheita si, Jack med bønnestengelen får rikdom, Oskepott får prinsen, og bakaren og bakarkona får barnet dei ønskjer seg. Men så viser det seg at dei kanskje ikkje blir så lykkelege likevel.

For Heidi, som har drøymt om akkurat dette stykket, denne rolla, i så mange år, kjem følelsane, og tårene, raskt når ho snakkar om det.

- Eg tenkte, da dette blei sett i gang at, kva skal eg gjere etterpå? Dette har eg drøymt om sidan starten av studietida mi. Og så bestemmer teatersjefen seg for at no skal vi gjere dette stoffet, og Ole Anders seier «Ja, Heidi kan spele heksa.» Og plutseleg går eg rundt oppi den draumen som eg har hatt i så mange år.

Tårene triller på Heidi når ho snakkar om det. Det betyr mykje for henne, på fleire måtar.

- Kvar gong Vetle Bergan syng Det er kjemper i det blå, så må eg gråte. For han syng det så fint. Så oppi alt er det personleg for meg å få oppleve at dette skjer no. Og så trur eg det kan bli veldig bra, for vi har eit så satans bra ensemble, musikarar, det tekniske laget, systua, maskeavdelinga, verkstadene, det kunstnarlege laget: Heile teatermaskineriet! Alle strekker seg så langt. Eg ser det, kvar gong eg set meg i salen og ser på det som skjer på scenen, at dette teiknar veldig, veldig godt.