Bakgrunnsartikkel

Diktar og debutant

Etter eit langt liv i litteraturen tar Edvard Hoem no steget opp frå diktarmørkeret og inn i scenelyset. I sitt 74. år skal han debutere som skodespelar i Romeo og Julie, eit stykke han òg har gjendikta.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

I framsyninga som har premiere på Scene 2 den 13. januar, har Hoem fleire roller. Ikkje berre skal han gi liv til karakteren fyrsten av Verona, han har òg skrive seg inn som ein slags forteljarfigur, ein diktar som meir eller mindre minner om Edvard Hoem sjølv. I denne rolla skal han fortelje om og reflektere rundt opphavsmannen til Romeo og Julie. Ein kar Hoem kjenner godt, etter å ha gjendikta 13 av dei 37 teaterstykka han etterlet seg. Men at han sjølv ein dag skulle stå på scenen og framføre teksten til Shakespeare, hadde Edvard Hoem aldri sett føre seg.

– Nei! Eg har aldri tenkt tanken eingong. Eg har vore realistisk og sikker på at DET skal eg ikkje. Men så kom førespurnaden. Og da måtte eg jo ta den på alvor.

Forfattar, dramatikar, kommandør og fyrsteleg debutant. Foto: Eirik Malmo

Det Norske Teatret er ein av pilarane i det litterære virket til forfattaren, saman med Norsk Ordbok og Ivar Aasen, som han seier. Og så langt i livet har han aldri takka nei til eit tilbod frå teateret, og slik måtte det berre halde fram. Litt i tvil var han likevel.

– Eg er jo litt redd for å dumme meg ut. Haha! Eg har aldri spelt teater før, med unntak av noko ungdomsteater. Så dette er debuten min, i ein alder av 73 år.

Men nervar har han ikkje.

– Eg ligg nok litt søvnlaus om natta, men det er mest på grunn av tekst som eg må ha ferdig. Litt spenning er det sjølvsagt, men nei, eg har ikkje nervar.

Og så langt i livet har han aldri takka nei til eit tilbod frå teateret, og slik måtte det berre halde fram.

Edvard Hoem spelar Fyrsten av Verona, men har òg ei rolle som formidlar av Shakespeares liv og virke i Romeo og Julie. Desse tekstane har han sjølv skrive. Foto: Magnus Skrede

I tillegg til denne diktar-karakteren skal Hoem altså spele fyrsten av Verona, ein fredsæl mann som forsøker å mekle i konflikten mellom dei to stridande slektene i byen.

– Håpet er jo at fyrsten skal klare å forsone desse to familiane. Men det lykkast han ikkje med. Dei to elskarane måtte vel òg døy for at dette skulle bli ein tragedie. Poenget er at så lenge hatet rår, så kan ikkje kjærleiken lykkast. Hadde ein laga happy ending av dette, så hadde jo ikkje stykket interessert ei sjel. Det er ei sterk historie, som eg framleis blir rørt av, sjølv etter å ha arbeidd med denne teksten så mykje som eg har gjort.

Den produktive romanforfattaren, dramatikaren og salmediktaren er godt kjent for teaterpublikummet. Med sin romanserie om Nesje-folket og livet i spennet mellom Molde-traktene og prærien i Amerika erobra han mange nye lesarar og blei ein av våre mest folkekjære forfattarar. Slåttekar i himmelen blei dramatisert i eit samarbeid mellom Teatret Vårt og Det Norske Teatret og fekk ei strålande mottaking etter premieren i 2020. I 2019 fekk Edvard Hoem Brages heiderspris, og i 2020 blei han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for innsatsen for norsk litteratur og kulturarv. Kanskje meir enn noko anna har Hoems bidrag til teaterscenen vore dei mange solide Shakespeare-gjendiktingane. Meir enn 40 år har han brukt på denne meisteren i verdslitteraturen.

I 2020 blei han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for innsatsen for norsk litteratur og kulturarv. Foto: Terje Bendiksby

Romeo og Julie er blant dei aller mest kjente forteljingane.

– Alle trur vi veit så lite om Shakespeare. Men i realiteten veit vi ganske mykje om han. Diskusjonen rundt om Shakespeare faktisk er Shakespeare, og kven som har skrive kva, er reint tøv. I nokre korte innspel skal eg gjennom framsyninga fortelje det vi veit om dramatikaren. Mellom anna veit vi at han var fødd på landsbygda. Han reiste frå kone og barn inn til byen, men landskapet tok han med seg i minnet og skreiv det fram i stykka sine. Og dermed veit vi at han som skreiv desse stykka, han var ikkje fødd i London, slik alle dei andre kandidatane som er løfta fram, var. Han kan alt om snikring, fisking, tordivelen på søppeldynga og innsida av slottet. Mitt oppdrag i framsyninga blir å teikne ei skisse av denne mannen og korleis livet hans bygger seg opp fram til han skriv Romeo og Julie i ein alder av rundt 30 år, seier Hoem.

Etter 40 år i London vender Shakespeare tilbake til heimplassen Stratford-upon-Avon, etter å ha spelt i alle dei store og beste teaterkompania i landet, som han òg har levert stykka sine til. Romeo og Julie er blant dei aller mest kjente forteljingane. Historia om dei to unge elskande som ikkje kan få kvarandre, har fascinert lesarar og teaterpublikum i hundrevis av år. Men det er ikkje ei historie Shakespeare har dikta heilt sjølv.

Etter 40 år med Shakespeares tekstar blir Edvard Hoem framleis rørt i møte med dialogane i Romeo og Julie. Foto: Magnus Skrede

– Romeo og Julie er ikkje berre ei kjærleikshistorie, det er ei samansett forteljing med både nydeleg poesi og brutal erotisk grovskap – alle moglege uttrykk – samla i eitt stykke, om to unge menneske som må døy på grunn av gamle slekters hat. Dette er historier som Shakespeare har grave fram. Familiane Montague og Capulet er nemnde allereie hos Dante, så dette var folk som det tydelegvis blei snakka om i Italia. Og uvennskapen var vide kjent. Så blei denne familiefeiden fortalt av populære forfattarar i samtida, bøkene blei sidan omsett til engelsk, og så kasta Shakespeare seg over historia. Han tilfører ein god porsjon genialitet, og da blir det gull av noko som i utgangspunktet var litt vekebladaktig. Utan Shakespeare hadde vi nok ikkje kjent til denne historia i dag.

Hoem er full av beundring for teksten til Shakespeare og for dei eineståande dialogane i stykket, som han meiner ikkje liknar noko anna. Han synest det er like friskt i dag som da Shakespeare sette orda på papiret.

– Det er våre kjensler, vår tids kjensler som står der, som treffer like sterkt i dag som for 400 år sidan. Shakespeare meinte at menneske har fri vilje, og at vi held skjebnen i våre eigne hender. Det er jo den moderne tanken. Publikummet hans, derimot, trudde langt på veg at alt var skjebne- og stjernestyrt. Derfor brukar han òg slike ord – «starcrossed lovers» heiter det om Romeo og Julie alt i den første monologen – men spenninga mellom desse to måtane å sjå verda på, som står mot kvarandre, er del av forklaringa på populariteten hans. Han er moderne, men gjennom stykka sine spelar han òg på ideen om at livet vårt er predestinert, av stjerner og sånt. Slikt blir det trøkk av, avsluttar ein av dei mest erfarne Shakespeare-kjennarane og blant dei ferskaste skodespelarane i Noreg. •