Bakgrunnsartikkel

Det er når maska sprekk, ein finn kjernen av sanning

Det Norske Teatrets unge husregissør, Peer Perez Øian, har alt sett avtrykk i norsk teater. No held Hamlet han vaken om nettene.

Skrive av
Mari Moen
Dramaturg

Eg må vedgå at det ikkje er så lett å kople heilt av for tida. Hovudet mitt er fylt av Hamlet, om det no er Hamlet eg tenkjer på eller noko heilt anna. Det siste eg tenkjer på før eg sovnar, er Hamlet, det første eg tenkjer på når eg vaknar, er…

Regissøren smilar lettare oppgitt og fortel tankefullt at han no har gått til det avgjerande steget å fjerne notisblokk og noko å skrive med frå nattbordet slik at han ikkje får fiksert bilda og ideane som svevnen og det umedvitne kjem opp med, slik han har hatt for vane å gjere heilt sidan åra som registudent ved Kunsthøgskolen i Oslo.

- Eg tenkjer at det som er verdt å halde på, kjem til å bli sitjande og kjem til overflata igjen i det konkrete arbeidet med skodespelarane på scenegolvet. I utgangspunktet har eg alltid vore ein kontrollfrik, men eg arbeider stadig for å vere meir open, også for det som ikkje er gjennomtenkt når eg går inn i prøvane, det som berre kan oppstå i rommet med skodespelarane. Det handlar om regissørens evne til improvisasjon, til å risikere noko. Det handlar sikkert òg mykje om erfaring og ikkje minst den tilliten eg blir møtt med av menneska rundt meg i teatret. Eg er i ferd med å finne plassen min og er litt mindre redd i dag enn til å begynne med, trur eg. Treng ikkje å bevise så mykje, kan vere meir fri.

Det har gått nesten fire år sidan han var ferdig utdanna regissør frå KhiO og gjorde diplomoppgåva si i regi ved Nationaltheatret. Året etter hanka han inn ein Heddapris for beste regi for Sjuk ungdom på Det Norske Teatret. Kritikken har møtt han med rosande ord sidan.

Var regigjerninga barndomsdraumen som har gått i oppfylling?

- Som liten gut ville eg faktisk bli dirigent. Far min er fiolinist i filharmonien, og som barn var eg ofte med på prøvar og konsertar og sat og dirigerte sjølv nede i salen. At mor mi, som var ballettdansar, ikkje prøvde hardare på å få meg til å danse, det synest eg i ettertid er synd, eg er fascinert av dans som uttrykksform og trur at det hadde vore ei nyttig erfaring for meg. Men eg vaks opp i eit rom av ulike kunstnarlege uttrykk, og det har heilt klart påverka meg.

Til å velje teatret og regien?

- Eg ville bli skodespelar. Det starta med at eg byrja å dubbe i barne-tv som liten gut, og at skodespelaren Rolf Sand tok kontakt med meg og ville ha meg med i eitt av prosjekta sine. Eg var åtte år den gongen, og dei gode tilbakemeldingane eg fekk på ting eg gjorde, var med på å gjere at skodespelardraumen vaks. Då eg var ferdig med vidaregåande og dramalinja på Rud vidaregåande, var eg klar for å verkeleggjere den draumen. Spele teater på dei store scenene, gå inn i roller, bli ein annan. Eg søkte på skodespelarutdanning både i Noreg og i USA med god hjelp av Rolf Sand, som framleis las med meg. Eg kom inn i USA og var der i fire år og tok bachelor i Performing Arts ved Emerson College.

Og kom heim til Noreg som skodespelar?

- For å vere ærleg: Nei. Eg følte ikkje at eg vart ein god skodespelar. Eg var ikkje nøgd med meg sjølv, og i løpet av dei åra eg studerte, skjønte eg at eg fyrst og fremst var opptatt av det store bildet og ikkje av den spesifikke rolla eg skulle spele. Eg var på feil plass. Eg ville helst sitje på registolen og ikkje stå på golvet og vere ein annan. Då eg kom heim igjen til Noreg, var eg eigentleg veldig frustrert. Eg hadde brukt mange år av livet mitt på noko som ikkje kjendest rett. Eg hadde rett nok funne ut at det var regi eg ville drive med, men eg opplevde det som ei uoverstigeleg hindring å skulle studere fem nye år. Men så let eg det stå til og søkte likevel…

Og kom inn gjennom det tronge nålauget –

– og det er eg veldig glad for no. Eg lærte utruleg mykje dei fem åra på KhiO. Men det var også maniske år. Det var skole 24 timar i døgnet. Punktum. Og det var ei brytingstid i forhold til leiinga av regilinja. Dei første tre åra mine var dei siste tre åra til den russiske professoren og pedagogen Irina Malochevskaja, og eg vart undervist i den Stanislavskij-baserte metoden hennar, metoden for handlande analyse. Åra med Irina gav meg eit verktøy, eit fundament eg er veldig glad for å ha i botnen. Det kjennest som ein stor ressurs, at eg kan eit fag. Samtidig kan det lett bli styrande, spesielt for ein relativt uerfaren registudent som eg var. Derfor var det heldig for meg at det var Hans Henriksen som tok over som professor på masterutdanninga. Det blei på mange måtar eit slags kalveslepp. No skulle vi i større grad dyrke vår eigen identitet. Utvikle det som gjorde at vi kom inn på studiet til å begynne med. Hans opna mellom anna opp for fleire samarbeid med skolar og metodiske retningar i inn- og utland, eg vart i større grad merksam på at det var mange vegar som fører til Rom.


Har du nokre førebilde du strekker deg etter i teaterkunsten?

- Heilt fram til i dag har Rolf Sand vore ein viktig rollemodell. Han har vore min desidert viktigaste læremeister, frå eg var ein gut på åtte fram til eg vart vaksen. Kanskje fordi han i vår arbeidsrelasjon aldri behandla meg som eg var eit barn, men som ein framtidig kollega. Han er eit varmt og engasjert menneske som vekte respekt og nysgjerrigheit for arbeidet i meg, og han behandla meg alltid som ein likeverdig.


Kva tankar gjer du deg om stykket?

- Hamlet rommar jo alt, men først og fremst tenker eg på alle rollespela! Det er ikkje mogleg å vere berre eit individ, ei utgåve av seg sjølv, "spele ei rolle" av seg sjølv. Det finst ingen klar kjerne, eller ein einaste "sann" kjerne, og det set heile tida Hamlet, og oss, ut av spel. Han klarar ikkje å finne noko konsistent i seg sjølv, og paradokset er at den fiktive figuren Hamlet oppdagar at han må gå vegen om fiksjonen for å kunne nå sanninga. Gjennom eit filter av roller, spel og løgn vil han prøve å avsløre og påverke røynda. Gapet mellom det vi forventar av oss sjølve og livet og det vi faktisk erfarer og maktar å leve ut, er sjølve drivkrafta i stykket og det eg vil utforske scenisk.


Du har jo valt ei kvinne til å spele Hamlet, Marie Blokhus. Kvifor det?

- Eg er ikkje blind for diskursen rundt kjønnsroller når det gjeld valet av skodespelarar til både Hamlet og Ofelia, som jo skal spelast av ein mann, Frank Kjosås. Men det er ikkje det som interesserer meg mest. Problematisering av kjønnsroller og identitet går som ein raud tråd gjennom heile Shakespeare sitt forfattarskap, for ikkje å snakke om framføringshistorikken til akkurat dette stykket. Det er sånn sett ikkje noko nytt eller særleg uvanleg i å la Hamlet bli tolka av ei kvinne. For meg handlar det om å ha dei rette personane å utforske dette materialet saman med. Som skodespelar har Marie har eit gen for det kompromisslause – for å gestalte menneske i kamp mot større overmakt, både på eit konkret plan, men også med den store filosofiske overbygninga. Marie er ekstremt modig, nysgjerrig og sjølvutleverande; ho søker alltid etter ekstreme erfaringar, og det er interessant for meg som regissør.

Peer er raus med skodespelarane sine. Og han får gode attestar tilbake.

– Han er genuint kreativ og arbeidsam. Peer kjem godt førebudd, har stor arbeidskapasitet og er ikkje redd for å lytte til skodespelarar. Men har likevel sjølvtillit til å halde på sine eigne idear, seier skodespelar Ane Dahl Torp.

Ho har jobba med Peer både i Sjuk ungdom og Antichrist, og har no rolla som Gjertrud i Hamlet. Regissøren er heller ikkje beskjeden når han koplar andre kunstnarar på prosjekta sine, og av dette blir det ofte spennande konsept. Til Hamlet har han hyra den tyske scenografen Hendrik Scheel og popartisten Lucy Swann. Telefonen hans ringer plutseleg under intervjuet, og han får eit forpint uttrykk i andletet når han ser nummeret på displayet; eit entreprenørfirma for trelast er på tråden. Dei står med ein lastebil og skal levere, men ingen er heime:

- Å herregud, f…! Ja, når sant skal seiast har eg vore ein av pådrivarane for ideen om å byggje terrasse i burettslaget, men – det passar dårleg å tenkje på slikt no, eg blir så oppskaka av slike totalt uvesentlege ting. Å måtte bry hovudet mitt med Maxbo og trelast når eg eigentleg berre burde vore opptatt av Hamlet… seier Peer Perez Øian med eit blikk som seier alt, medan han ristar på hovudet og flirar av seg sjølv.