Bakgrunnsartikkel

Den klatrande filosofen

Arne Næss (1912 – 2009) er Noregs mest folkekjære, kjente og anerkjente utøvar innan sitt fag. Han la grunnlaget for det norske filosofimiljøet og hausta internasjonal merksemd for sine tankar kring djupøkologi.

Næss er vanskeleg å beskrive kort. Han er ein bauta innan norsk akademia, innan norsk filosofimiljø, innan miljørørsla og innan klatremiljøet. Han står også godt planta i mange nordmenns hjarte. Med sin karakteristiske vestkant-sosiolekt med den forfina skarre-R-en kunne han tillate seg å vere frekk og fritalande utan å provosere. Han hadde ei leiken tilnærming til fagformidling og livet generelt og sjarmerte dei fleste som fekk oppleve han, og det var mange, all den tid han blei nesten 100 år og var aktiv nær til det siste.

Næss voks opp i ein velståande heim på Slemdal i Oslo. Faren var bankier, men døydde da Næss var berre eitt år. Som barn viste Næss tidleg interesse for alle slags fag - men ikkje for skolegang. Han skulka mykje. Likevel starta han alt som 16-åring å følgje førelesingar på universitetet, og blei tidenes yngste til å ta magistergrad i filosofi, berre 21 år gamal. Naturen var også ei særinteresse for unge Næss. Som 14-åring klatra han rundt i Jotunheimen mutters åleine, og medan medstudentane på universitetet sat på lesesalen, gjekk Arne over Pyreneane, med bøkene i sekken.

Alt som 27-åring blei han tilsett som professor i filosofi ved Universitetet i Oslo.

Han elska naturen, klatring, leik og boksing.

Nypositivisten

Arne Næss var eit grunnleggjande leikent menneske. Han elska naturen, klatring, leik og boksing. Hans opne og søkande haldning til livet generelt gjaldt også for synet han hadde på fag. Som filosof var han først plassert i den nypositivistiske tradisjonen, eller den logiske empirismen. Dette var ei filosofisk retning som utvikla seg i Wien på 20-talet, og som meinte at filosofien skulle strekke seg etter den same klarleiken og pålitelegskapen som ein finn i andre vitskaplege emne.

Seinare fekk han ei kritisk haldning til denne retninga, og meinte at det til kvar tid burde finnast mange ulike teoriar for å beskrive verda ikring oss.

Folkeformidlaren

Leiken tok Næss også med seg inn i førelesingssalen. Både gjennom utradisjonelle førelesingar og gjennom pensumlitteraturen fekk han enorm innverknad på fleire generasjonar norske studentar. Det språkfilosofiske verket En del elementære logiske emner, som gav ei grunnleggjande innføring i semantikk og debattlære, stod på pensumlista i ein mannsalder. Han var også eit populært intervjuobjekt i alt frå seriøse tidsskrift til barneprogram på TV. Næss såg alt som gode plattformer for å formidle sine tankar og kunnskap.

Den boksande pasifisten

Arne Næss var fascinert av boksing som sport, men ein stadig meir aktiv tilhengar av ikkje-vald. Spesielt var han oppteken av Mahatma Gandhi sine idear om pasifisme og ikkje-vald. Da andre verdskrigen braut ut, deltok han i motstandsrørsla, men berre med ikkje-valdelege middel. Etter krigen leidde han eit forskingsprosjekt i regi av UNESCO om demokratisk ideologi og aust-vest-konflikten som leidde opp mot den kalde krigen. På same tid samla han og andre i same akademiske miljø med radikale pasifistiske haldningar seg for å løfte samfunnsforskinga, og saman la dei grunnlaget for Institutt for samfunnsforsking, som blei etablert i 1950 og framleis eksisterer i beste velgåande.

Frå hytta Tvergastein

Økosofen

Forholdet til naturen blei stadig viktigare for Næss. Han klatra i heile verda, leidde store klatreekspedisjonar, mellom anna til Tirich Mir i Pakistan, var den første til å nå fleire høge toppar, innførte bolteteknikken innan klatring i Noreg og fekk bygd sine høgt elska hytter Tvergastein og Skarvereiret i Hallingskarvet. I 1970 gjekk han av som professor ved universitetet for å få meir tid til naturen og miljøsaka.

I 1973 tok han i bruk omgrepet djupøkologi, og blir rekna som grunnleggjaren av dette tankesettet. Djupneøkologien set ikkje mennesket i sentrum, men reknar alt liv for å ha verdi, utan omsyn til kva nytteverdi det har for mennesket. Han teikna opp ein sirkelmodell der den inste representerte solidaritet med slekt og det nære samfunnet. Så kjem solidaritet med heile menneskeslekta og ytst med heile økosystemet. Her har mennesket òg sin plass, men er ikkje midtpunktet. Han formulerte etter kvart djupøkologiens filosofi i det som blir kalla økosofi, som rett ut tyder naturvisdom. Alt som lever er del av den same heilskapen, og har rett til å utfalde seg.

Næss kasta ikkje berre tida bort med prat. Ifølgje Bellona-leiar Frederic Hauge har han meir enn nokon annan bidrege til den aktivistiske delen av miljørørsla. Han tok del i historiske aksjonar for å bevare vassdraga i Mardøla, Innerdalen og Alta. Han var tydeleg på at sivil ulydnad var eit viktig våpen, og understreka kor viktig det var at den var ikkje-valdeleg fundert.

Ingen annen norsk filosof har hatt slik påvirkningskraft på det intellektuelle liv i Norge som Arne Næss. Ingen annen norsk filosof har evnet å influere og inspirere ikke-filosofer, sette dagsorden, besmitte ungdommen, åpne dører for nysgjerrigper’er i alle aldre, formidle barnlig glede og eksistensielt alvor. Det er med stor sorg og personlig tristhet at jeg i dag tar farvel med en av de absolutt store livsveilederne.

Inga Bostad, filosof

Prinsippa i den Den djupøkologiske plattforma er:

  • At alt liv har verdi i seg sjølv.
  • At rikdom og mangfald av livsformer realiserer desse verdiane, og at dette også har verdi i seg sjølv.
  • At mennesket ikkje har rett til å redusere mangfaldet av livsformer unntatt for å tilfredsstille vitale behov.
  • At befolkningsvekst må avgrensast.
  • At dagens menneskelege inngripen i naturen er overdriven og destruktiv.
  • På det politiske plan, endringane frå økonomisk vokster til berekraftig utvikling, idealet om likevektsamfunnet der produksjon svarar til konsumpsjon, fødselsrate svarar til dødsrate, konsumpsjon konsentrert om grunnleggjande behov, bruk av intermediære teknologiar, desentraliserte sjølvbergingssamfunn.
  • At fokus på livskvalitet bør erstatte dagens overdrivne fokus på levestandard.
  • At tilslutning til dei åtte punkta forpliktar til å handle for å setje i verk naudsynte tiltak.


Kjelder:
Wikipedia
Inga Bostad, minneord i Aftenposten 2009