Bakgrunnsartikkel

Dei merkelege menneska

Det aller merkelegaste med Det merkelege som hende med hunden den natta er kanskje kor normalt det er å vere merkeleg.

Skrive av
Lillian Bikset

Hunden Wellington er død. Nokon har drepe han. Christopher, 15 år, blir straks mistenkt. Politiet synest han oppfører seg rart. Men Christopher er autist, og han oppfører seg akkurat slik han plar. Han prøver å finne samanhengane i ei verd han ikkje heilt forstår.

Populær christopher

Christopher begynte livet som romanfigur i ei bok som blei ein uventa stor suksess. The Curious Incident with the Dog in the Night-Time av Mark Haddon kom ut i 2003. Sidan er boka blitt omsett til nesten femti språk, også bokmål, med tittelen Den merkelige hendelsen med hunden den natten. Boka har fått ei mengd prisar og i fleire land har ho nådd bestseljarlistene.

Over 200 000 menneske har så langt sett teaterversjonen, som første gong blei vist i juli 2012 i London. Den fekk sju Olivier-prisar, og det er rekord: Beste nye skodespel, regi, lyddesign, lysdesign, scenografi, mannlege skodespelar og kvinnelege birolle.

Og nå er altså Christopher på veg ut i verda. I fjor blei framsyninga sett opp på Betty Nansen Teatret i Frederiksberg i Danmark, og 13. mars opnar dørene på Det Norske Teatret.

Emil Johnsen spelte rolla som Christopher fra Det merkelege som hende med hunden den natta hadde premiere i 2014.

Unge hovudpersonar

Simon Stephens, som har dramatisert boka, eir en av dei mest produktive dramatikarane i Storbritannia. Ofte har han valt tenåringar som hovudpersonar, og han fleipar med at stykka hans er «like tett befolka med 17-åringar som med alkoholikarar og døde barn». Men målgruppa er aldri berre tenåringar. Somme gonger viser det seg at dei vaksne i stykka kan ha noko å lære av dei unge. Andre gonger går det gale fordi dei vaksne ikkje ser kva dei unge er opptekne av.

Christopher er også tenåring. Ikkje ein typisk tenåring, kanskje. Men verken Stephens eller Haddon er særlig interesserte i det gjennomsnittlege. Om det er eitt spørsmål som provoserer Haddon, så er det spørsmålet om Christopher gir eit korrekt bilde av autistar.

«Vi ville aldri ha spurt om ein romanfigur var representativ for cellistar eller lesbiske eller erkebiskopar», skriv Haddon i programmet til den britiske framsyninga. Han har lånt Christophers vanar og uvanar frå folk han kjenner, folk utan diagnosar. Og han slår fast: «Christopher er ikkje så ulik resten av oss. Det er talet på og kombinasjonen av alle dei eksentriske sidene hans som lagar problem for han».

Christopher har problem med å vere nær andre menneske. Det hender det ofte at dei ikkje forstår.

Aspergers syndrom

Aspergers syndrom er ei form for autisme, eller forstyrring i eit barns utvikling. Ifølgje Store Norske Leksikon er syndromet kjenneteikna av «alvorlige og vedvarende problemer med å omgås andre, utvikling av spesielle interesser og hobbyer, og klossethet i bevegelser uten at det foreligger språkproblemer». Mark Haddon har ofte sagt at han angrar på at han let orda «Aspergers syndrom» stå på omslaget da boka om Christopher blei utgitt. Christopher sjølv seier han har «åtferdsvanskar», «behavioral problems». Haddon likar det langt betre.

Eg likar den tørre humoren i desse orda. Eg likar den måten det gjer mildt narr av diagnostisk medisinsk språk. Eg likar måten det inkluderer oss alle (kven har ikkje problem med å oppføre seg?). Men eg likar det mest fordi det er Christophers eigne ord. Merkelappar fortel oss lite om personen som ber dei og mykje om personane som gir dei. Dersom du vil finne ut kven nokon er, berre spør dei.

Mark Haddon

Etter å ha sett historia til Christopher på teatret blir det kanskje lettare å vite kva ein skal spørje om. For om Christopher ikkje heilt forstår verda, gjer «Det merkelege som hende med hunden den natta» det ein god del enklare for verda å forstå Christopher.

FOTO Dag Jenssen