Bakgrunnsartikkel

Dei beste rollene ligg framfor meg 

Unn Vibeke Hol har vore tilsett ved teateret i 40 år. Det er like lenge som ho har vore gift med mannen sin. Likevel påstår ho at ho ikkje likar det som er staka ut. Er det fordi ho lyg så godt for seg sjølv?

Skrive av
Mari Moen
Dramaturg

Då Unn Vibeke gjekk på teaterhøgskulen på 70-talet, var det ikkje lov til å pugge tekst før prøvene begynte. Ein skulle ikkje sleppe manus for tidleg, men la teksten «falle som ei moden frukt» på golvet. Men med tida har metodane endra seg. Regissøren ho arbeider med no, vil at skodespelarane skal kunne replikkane utanåt alt første prøvedagen. Så den siste tida har ho pugga tekst – replikkane til den aldrande og senile mora Vivian i den amerikanske familiesoga Lucky Happiness Golden Express. Stykket handlar om ein familie som aldri har klart å kommunisere med kvarandre og forsone seg med fortida. Dei treffest ved farens seng på sjukehuset etter at han har fått slag: ei mor, ein far og to døtrer. Faren kan ikkje snakke lenger, mora er dement. Tida renn ubønhøyrleg frå dei.

- Eg gler meg veldig til å gå inn i Noah Haidles univers, det er eit så nydeleg og klokt stykke, ei så fin rolle, ein tematikk som mange vil kjenne seg igjen i. For det handlar jo om å vere familie. Og om kor vanskeleg det kan vere. Om kor mykje sinne og sorg som kan ligge der og ulme i alt som ikkje blir sagt. Men i aller størst grad handlar det om kjærleik.

Korleis har du det om dagen?

- Jo, no går eg rundt med den nye teksten inne i hovudet mitt og smakar på han i alle moglege situasjonar. Eg håpar berre teksten blir sittande i hovudet når vi startar prøvene, for det er ganske hektisk om dagen. Eg har skifta parykk så mange gonger den siste tida at eg innimellom berre har blitt gåande rundt med hårrullar heile dagen. Først har det vore prøver. Så har eg spela i Brørne Løvehjarte på ettermiddagen og Shockheaded Peter på kvelden. Mellom øktene sit eg i garderoben og prøver å lære meg replikkane til Vivian.

Det høyrest litt slitsamt ut?

- Veit du kva, eg blir faktisk ikkje sliten, eg synest det er gøy. Her ein dag sa eg til mannen min: No må du ikkje bli sur, men du kan ikkje rekne med å sjå noko særleg til meg dei neste vekene, og så var eg ute av huset på veg til teateret. Og mannen min blir ikkje sur. Det kvervlar litt no, og det gjer meg litt gira. Eg likar det uføreseielege i det som ligg framfor meg. Eg likar meg best når ikkje alt er staka ut og er heilt fast. Eg har vore gift med den same mannen i 40 år og har vore på Det Norske Teatret i 40 år, det høyrest jo litt staka ut. Men eg har aldri likt å trakke i mine eigne fotspor. Eg går som regel ein ny veg når eg skal ein stad. Inne på teateret òg. Eg går aldri den same vegen frå garderoben til scenen som dagen før, til dømes, alltid ein annan, slik har eg vore sidan eg var barn.

Og då ser ein kanskje andre ting, i dei tinga ein har sett før òg?

- Det er jo viktig når ein har vore ein stad så lenge. 40 år. Det kjennest rart å seie det høgt. Men eg har faktisk aldri følt at eg har stivna i arbeidet, at det har blitt rutineprega. Det er kanskje fordi eg lyg for meg sjølv? Prisen for å vere fast tilsett gjennom så mange år er jo òg at ein må gjere mindre roller som ikkje er så utfordrande. Av og til har det vore tøft og ei øving i sjølvdisiplin og tolmod. Men min strategi har vore at det eg gjer, må vere viktig for meg sjølv. Eg har prøvd å gå inn i alle roller med stor openheit og nysgjerrigheit. Med tida endrar ting seg. Innstillinga mi har alltid vore å tenke at dei beste rollene ligg framfor meg. Eg synest det er fint å bli vaksen. No er eg 63, eg kjenner meg ikkje gamal, men eg forstår at eg er det, etter ein slags målestokk. Far min som er 94 år, skriv no på den første boka si, om alt han undrar seg over. Det inspirerer meg, menneske som følgjer draumane sine.

Kven er Vivian, som du skal spele?

- Vivian drog frå familien og barna sine då dei var små, fordi ho ikkje hadde nok kjærleik å gi. Ho er ein slags Nora-figur, som drar frå barna for å beskytte seg sjølv. Det er jo ei veldig drastisk handling å gjere. Eg har sjølv tre søner, og frå første stunda var eg fylt av store kjensler for dei, ei slags evig forelsking. Det har vore fasar i livet mitt der eg har lidd ved tanken på at eg må vere borte frå dei, til dømes då eg reiste vekk på turné då dei var små. Vivian snakkar om eit tomrom inne i seg sjølv, at det er det som hindra henne i å kjenne kjærleik. Eg lurar på kvifor det vart slik, kva dette tomrommet består i, kva som har gjort at Vivian har blitt den ho har blitt.

Kva er det som gjer at vi blir dei vi er?

- Sjølv ser eg ofte på meg sjølv som eit ekko av generasjonane før meg. I ein gitt situasjon kan eg ta meg i å tenke: Var det bestemor frå Trondheim som handla gjennom meg no? Det er så mange faktorar som er med på å smi oss, og veldig mange av dei veit vi jo ingenting om, det er usynleg bagasje, som likevel er med på å styre oss sjølve og barna våre. Ein gong på 70-talet møtte eg ein buddhist som forkynte at ein måtte ta ungane frå foreldra før dei vart øydelagde. Det var jo ekstremt, sjølvsagt, men seier jo noko om kor prega ein er av opphavet sitt.

Kor finn du inspirasjon i arbeidet ditt?

- I skodespelararbeidet leitar eg både i det som er heilt framandt, og i mi eiga historie. Barndommen er ein plass eg ofte kjem tilbake til, og eg finn ting eg nyttar når eg skapar ein karakter. Eg vaks opp i ein familie med fire barn og opne dører. Hos oss var det lov med rot og kaos, samtidig som foreldra mine var sterke personlegdommar med høge moralske standardar. Far var overlege på røntgenavdelinga på Ullevål, og mor var pianist. Eg vaks opp under flygelet hennar som stod på kjøkkenet. Der, og inne på rommet mitt, dikta eg og fantaserte eg. Eg har alltid tenkt mykje, vore ein grublar. Eg er takksam for at eg fekk lov til å vere litt annleis og kanskje rar i barndommen, og at det var greitt når eg av og til ikkje ville bli med ut å leike, fordi eg ville tenke i staden. Foreldra mine lét meg vere alt eg var: speloppmakar, men samstundes sky og sjenert, utagerande og veldig sint med raseriutbrot når det var slik. Det er pussig, men eg føler at eg blir meir og meir meg sjølv med tida. Eg kjem nærmare den eg var som barn, niåringen i meg, tida før rollespelet byrja. I løpet av livet tar ein på seg ulike roller: kjærasterolla, morsrolla, dotterrolla, yrkesrolla, den rolla som representerer livet ein lever. Og som skodespelar spelar ein sjølvsagt roller oppå rolla. Det å vere skodespelar er eit evig detektivarbeid og forskingsarbeid, der ein grev i det framande og i si eiga historie og stadig avdekker nye, overraskande ting.

Unn Vibeke Hol speler rolla som Vivian i Lucky Happiness Golden Express av Noah Haidle. Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes.