Bakgrunnsartikkel

Møt: Christian Ruud Kallum

– Eg har ikkje investert meir enn eg toler å tape, seier Christian Ruud Kallum om sine ferske økonomiske disposisjonar. Han portretterer ein langt meir risikovillig finansmann. Interessa for aksjar kom som eit direkte resultat av arbeidet med rolla som Robert «Bobbie» Lehman.

Skrive av
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

– Det er jo litt komisk, her skal eg spele i ei framsyning om ein av verdas største finansielle kollapsar, og så er resultatet at eg begynner å kjøpe aksjar. Haha!

Der det blir sagt om Robert Lehman at han hadde skarp estetisk sans og eit endelaust sjekkhefte, så er Christian Ruud Kallum så avgjort eit produkt av sine omgjevnader og sin generasjon. Han satsar no på grøne aksjar, altså investering i bedrifter som ønskjer eit samfunn som kan overlevere kloden til neste generasjon utan å skade den meir. I løpet av prøveperioden til Lehmantrilogien har Kallum både fått studere ein familie som bygde ein enorm rikdom, og ein tidsepoke der samfunnsendringane var store. Kapitalismens framvokster og denne karakteren, Bobbie, som var fødd inn i ein posisjon som gav uendelege moglegheiter, har vekt interessa hans for økonomi og økonomisk historie.

– Eg begynte jo å lese om børs og aksjar og om korleis alt heng saman. Og så har eg venner som har vore innom temaet. Eg fekk anbefalt eit forum, og da kjente eg at eg ville vere med å støtte noko som kunne vere nyttig, eller bringe verda litt framover. Og før eg visste ordet av det, var eg plutseleg veldig interessert i børskursar som eg kan følgje tett på ein app.

Lehmantrilogien er på mange vis både historia om USA og historia om kapitalismen. I tillegg til å vere eit familiedrama med alle ingrediensar.

– Det er eit utruleg rikt og fascinerande stykke. Det viser klart kor øydeleggjande ytre faktorar kan vere og korleis det kan påverke alle menneske, over heile verda. Lehman-familien sette eit avtrykk på kloden. Inn i denne familien blir Bobbie fødd, han som eigentleg ikkje er så interessert i familiebedrifta, eller det dei held på med. Men han blir tvinga til å innrette seg etter det og blir til slutt eten opp av familiebanken. Det er litt forskjell på sceneversjonen vår og den verkelege Bobbie. I verkelegheita eigde han jo ei av verdas største kunstsamlingar og investerte store pengar i kunst og kultur. Han var ein velutdanna mann, som både forvalta ein stor portefølje og dyrka ein lidenskap for hestesporten.

For å få grep om karakteren har Christian Kallum gjort som han pleier, nemleg å starte på golvet for å prøve å forstå kva for retning dette skal ta.

– Eg startar jo som barn, ungdom, og må jo tenke på kva dei forskjellige tidsepokane i eit menneskeliv har å seie, kor skråsikker du er, og korleis ein etter kvart skjønar mindre av mykje. Det er eit finstemt indre arbeid. Eg veit jo at eg skal portrettere ei linje, at han går frå ung til gamal, men fordi det er Hovudscenen kan ein også gjere litt ut av det, reint fysisk.

Det er augneblinkar der alt løftar seg, ein kan kjenne det som skodespelar, at det er mange ytre faktorar som hjelper oss.

Lehmantrilogien handlar nemleg i hovudsak ikkje om alt det ein forbind med investeringsbanken Lehman; kollapsen, konkursen og den globale finanskrisa, men om alt som skjedde før den tid, frå tidspunktet da den første Lehman sette sine føter på amerikansk jord i 1844 og heile den økonomiske oppturen med den sosiale statusen familien opparbeider seg. Robert Lehman blir fødd seint på 1800-talet og er nesten 30 år da han blir med i familieselskapet etter første verdskrigen. Han døyr i 1969 og blir omtalt som ein som vidareførte arven sin med engasjement og som klarte å forvalte makta og privilegia som posisjonen gav han. Posisjonen arva han av faren Philip som var son av Emanuel, den siste av dei tre brørne som kom til USA som jødiske immigrantar på midten av 1800-talet.

Det er ein sterk gjeng som står på scenen. Dei er seks skodespelarar som skal gi liv til opptil 30 roller. Kyrre Hellum og Eivin Nilsen Salthe er dei mannlege kollegaene, på damesida er det Ane Dahl Torp, Ingunn Beate Øyen og Marie Blokhus (som alternerer med Ina Svenningdal). Christian kjente på eit forventningspress da rollelista blei kjent.

– Ja, eg blei litt sett ut og tenkte at her må eg berre step up my game. Hahaha. Her må det jobbast. Og det har vi verkeleg gjort. Vi fekk jo utdelt ei blekke på over 400 sider, men teksten var så bra. Alle bretta opp erma og gjekk laus på stoffet med stor entusiasme. Det har blitt ein positiv spiral, der alle er ekstremt godt førebudde, og der vi viser og deler ulike styrker, anten det gjeld språk eller research og kunnskap. Eg synest det er blitt ei sterk og fin framsyning. Musikken, scenografien, koreografien. Det er augneblinkar der alt løftar seg, ein kan kjenne det som skodespelar, at det er mange ytre faktorar som hjelper oss.

– Det positive med kapitalismen er jo kor mykje dei - og slike som dei - var med på å flytte samfunnet i riktig retning. Pengar og visjonar er to komponentar som har vore avgjerande for dei villaste prosjekt. Luftfarten. Eller Panamakanalen. Det er heilt dryge prosjekt. Dei har vore gründerar og kome opp med tankar som normale folk ikkje har fantasi til. Det er så sjukt. Sitte og sjå på jordkloden for å oppdage den moglegheita det er å etablere ein kanal gjennom Mellom-Amerika. I stykket seier vi at det var Philip, far til Bobbie, sin ide, men om det verkeleg var det, veit eg ikkje. Lehman- familien var i alle fall med på finansieringa. Dei bygger infrastruktur og lager jobbar til folk. Det er positivt i starten og skaper mykje bra for veldig mange menneske, men kapitalismen som system kan jo ikkje vare. Det ligg ei avgrensing i sjølve strukturen. Alt kan ikkje vekse inn i det uendelege. Viss alle skal vekse, må nokre gå under. Det er ikkje plass. Det blir nesten som eit bilde på sjølve USA. Og framsyninga er nesten som eit bilde på alt dette. Det går ikkje, det klappar saman. Og mykje går tapt på vegen. I første akta handlar det om menneska, så går det over til å handle om pengar i del 2. Da forlet ein det menneskelege, og det begynner å handle meir om grådigheit. I siste del blir banken og systemet så stort, at det veks til å bli eit monster ein ikkje lenger kan kontrollere. Borte er verdiar, menneskeverd, og ein jagar etter meir, meir, meir.

Sjølv opplever Christian Ruud Kallum at han ikkje treng å jage meir, men heller kanskje redefinere eigen kurs. Draumar, ambisjonar og målet han sette seg som ung skodespelarspire er eigentleg i boks. Og det gjekk fort. Han kom rett inn på studiet ved KHiO, og Oslo-debuterte på Hovudscenen på Det Norske Teatret etter nokre intense og arbeidskrevjande år ved Trøndelag Teater. Han har på den korte tida markert seg som ein allsidig skodespelar med sans for både det eksperimentelle, det klassiske og det komiske. Etter berre tre år ved DNT fekk han tilbod om fast tilsetting. Han kjenner på at han som skodespelar også vil jage, om du vil, dei gode prosjekta og dei sterke rollene. Men det skal ikkje få definere han som menneske og arbeidstakar.

– Ein skal alltid gjere ein best mogleg jobb. Og eg arbeider etter heile tida å strekke meg litt meir, litt høgare. Det er jo ein logikk som liknar kapitalismens logikk, det er noko veldig menneskeleg over den, men samstundes er eg opptatt av at eg gjer det eg kan, det eg maktar. Og da må det vere godt nok. Men det er lett å la seg bli tatt av jaget, eg kan kjenne på at eg blir det innimellom, det er ei blanda kjensle, avsluttar Christian Ruud Kallum som i haust er aktuell i den prisløna framsyninga Trilogien av Jon Fosse, Sov ikkje av Mari Hesjedal som får premiere under årets Fossefestival, i tillegg til rolla som den kunstinteresserte finansmogulen Robert Lehman. •