Tekstane hans er mangetydige og tolkingane er motstridande. I skrivemåten sin tek han ikkje omsyn til tid eller rom, og perspektivet er ofte skiftande. Han leikar med språket og har eit stort repertoar av verkemiddel med klang og bilde.
Dylan fekk Nobelprisen i litteratur i 2016 for å ha «skapt nye poetiske uttrykk innanfor den store amerikanske songtradisjonen». Tildelinga vekte både begeistring og protestar, og reknast som eit løft for at songlyrikken blir anerkjent som ein viktig del av verdslitteraturen, sjølv om han er skriven for å bli framført, og ikkje gitt ut i bok.
Bob Dylan er ein sjangeroverskridande poet, som aldri heilt har late seg plassere eller definere. Han har vore sjølve symbolet for ei protestrørsle, men han har også skrive dei vakraste balladane om livet, kjærleiken og døden - samstundes som han har utvida sjølve tydinga av omgrepet rocketekst. Han er stadig skiftande og har aldri vore oppteken av publikum sine forventningar.
Mogelegvis ligg noko av Dylans appell her, at han er så vanskeleg å få tak på. Han appellerer til oss alle og er framleis gåtefull.