Bakgrunnsartikkel

Bjørn Sundquist, regissør

Det handlar ganske enkelt om kor vanskeleg det er å vere menneske, seier Sundquist.

Vi får vere ein time saman med ein galen mann som bur aleine i eit lite rom. Det er ei slags Dr. Jekyll og Mr. Hyde-historie om ein mann som har blitt ein annan enn seg sjølv. Han kjenner seg misforstått av alle. Derfor har han hamna på utsida av samfunnet og har flykta inn i ein annan personlegdom, ein som ikkje kompromissar med nokon og fungerer som eit skjold mot verkelegheita, nemleg den mytiske rockelegenda Jim Morrison i The Doors. Det oppstår problem når den skjøre mannen stadig dukkar fram og avbryt den sterke personlegdomen. Han er sin eigen antagonist, og prøver å jage seg sjølv vekk.

Utanforskap tiltrekkjer meg. Eg har alltid hatt eit blikk for dei som fell utanfor. Det er gjerne einsame menneske, og folk likar dei som oftast ikkje. Men eg har alltid synst dei er interessante. Dei er på kanten av stupet, og derfor etter mi meining tettare på livet.

Dei som har opplevd noko verkeleg dramatisk, som har vore i ei djup krise, har ofte eit anna perspektiv på verkelegheita. Det er under eit slikt press, når det blir farleg, at ein kjem sterkast inn på seg sjølv. Krisa for mannen i stykket er forholdet han har til andre menneske. Og dei mørke tekstane til Jim Morrison, som det er nokre av i stykket, får meg til å tenke på «Skrik» av Edvard Munch. Svært Mange kunstnarar har kjent på dette utanforskapet, det å kjenne seg framand for verda – å ha «kommet på en feil klode». Eg trur vi alle kan ha den kjensla iblant. Og vi har vel heller ikkje alltid kjent oss så store og ønska at vi var ein annan, ein som var betre enn oss sjølv.

FORTALT TIL Åsne H. Dahl Torp FOTO Siren Høyland Sæter