Bakgrunnsartikkel

Bjørn O.K. Langeland

Dette er historia om kunstnaren og mennesket Bjørn O.K. Langeland, 1943-2023.

Skrive av
Gjerd S. Helgerud

Bjørn O. K. Langeland vart fødd i Oslo våren 1943, som nummer to i det som etter kvart vart ein søskenflokk på seks. Han mista mor si da han var sju år gammal, og melankolien og einsemdskjensla følgde han deretter resten av livet. Men om livet kjentest trist, fann han tryggleik og meistring i teikning. I ungdommen fekk han flytte opp på loftet i bygarden på Skillebekk i Oslo, der det var plass til både han og kunsten mens han studerte, først på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og deretter på Statens Kunstakademi.

Ved begge desse institusjonane var han den yngste dei nokosinne hadde tatt inn, og han fekk eit langt liv på å forske i det visuelle feltet.

Han fekk British Councils studiestipend for å studere vidare i England som 29-åring, og han reiste seinare på ei rekke studieturar, både åleine og i lag med søskena sine. Men Oslo var heimstaden hans, og dei siste 40 åra hadde han tilhald i leilegheita på Kampen, med daglege turar til atelieret sitt i sentrum.

Han arbeidde heile livet med å utforske lerretsflata,

penselstroka og komposisjonen, basert på intuisjon og etablerte kunstteoriar. Som ein antropolog bevegar seg forsiktig og nyfikent gjennom eit samfunn og eit folk, bevega han seg varleg i det estetiske landskapet, plukka med seg liner og former, teksturar og fargenyansar, og omarbeidde inntrykka på lerretet, i teikningar og fotografi.

Han var hardtarbeidande, uthaldande, og etter at ungdomstida var tilbakelagt og alkoholen lagt på hylla for godt, fann han ein dagsrytme der atelieret var dagens faste punkt. Først når han kjente seg ferdig med dagens økt, gjekk han ut i gatene i jakt på fotomotiv og inspirasjonar. Då trava han gatelangs i kjente og ukjente gater, med kameraet retta mot avrivne konsertplakatar, oppbløytt lauv i ein vasspytt, sprekkar i ein mur. Men når reisene førte han til sørlegare strok, plukka han også med seg plutselege situasjonar mellom menneske, eit smil i eit vindauge, eit møte mellom han og den andre. Gjennom desse små gløtta viste han den lune og litt uregjerlege humoren han elles var sjenert med overfor omverda.

Bjørn vart rekna for å vere eit enormt talent då han studerte ved Camberwell Collega of Arts i London, og vart der samanlikna med ein ung Edvard Munch. Han følte seg etter kvart kvelt av forventingane han kjente på, frå både seg sjølv og omgivnadene, og han trekte seg difor heilt vekk frå kunstverda og jobba nokre år som grafisk designar. Men sjølv om han var god der òg, var tempoet høgt og perfeksjonismen let seg uansett ikkje fordrive. Det var nok fint at kunsten fekk han heilt tilbake, og som 50-åring vart han då også verdsett med Statens garantiinntekt for kunstnarar. Det gav han til ei viss grad sjølvtilliten tilbake og han kunne fokusere på å søke vidare etter å fange noko sant om liva våre. Alltid non-figurativt i måleria, men også alltid attkjenneleg som noko relevant og menneskeleg.

Portrett av Bjørn O.K. Langeland frå 1973. Foto: privat

Og han var i høgste grad menneskeleg sjølv.

Ein sårbar, ung, homoseksuell mann i ei nokså fiendtleg samtid. Ein einstøing midt i eit partyliv på Club7. Ein mager jypling i eit maritimt machomiljø, då han jobba på cruiseskipet til Den Norske Amerikalinjen i lag med søster si. Ein særing som nekta å innordne seg kunstnarmiljøet i Oslo. Etter kvart også ein alkoholikar som let hemningane fare og var såpass ulukkeleg og utagerande at han på eit tidspunkt enda opp med bot for usømeleg oppførsel. Bjørn sitt ønske om å gå eigne vegar kolliderte som regel med eit djupt innprenta ønske om ikkje å få for mykje merksemd eller skape uro, og truleg var denne «usømelege» utageringa til dels ein forfylla protest mot den etablerte kunstverda i perioden.

Det verkar ikkje unaturleg at eit menneske med så mange indre konfliktar tyr til alkohol og angstdemparar, sjølv med fast time hos psykolog kvar veke i fleire tiår. Det var alkoholen som sleppte han laus i sosiale settingar, som let han sjekke opp og bli sjekka opp av både hyggelege og mindre hyggelege mannfolk på bar. Innimellom gjekk det greitt, men andre gonger vakna han og var blitt rundstolen av ein ung sjarmør. Då han seinare fann ut korleis han skulle halde seg edru, var det angstdemparar som fekk han igjennom sosialt krevjande situasjonar og samkomer. Men han måtte gi opp å finne kjærleiken, og han levde meir og meir eit stille og privat liv.

Han hadde ein kunstnarskap på over 70 år bak seg då han døydde. Sjølv om livet hans hadde vore fullt av større og mindre tragediar, tilbakeslag og rot, var det først då han ikkje lenger hadde atelieret å gå til kvar dag, at han mista gneisten. Bygarden skulle renoverast, og han kjente seg for gamal til å starte på nytt. Slik vart både livet og kunsten hans mindre i format.

Gjennom det siste året møtte han likevel kvar dag med penselen i handa og eit nakent ark i A2.

Han sette penselen i eit glas med tusj og gjorde deretter den modige handlinga å setje penselen mot papiret, for å finne fram til ei line, ei bølgje, ein flekk eller ein figur, eit uttrykk som kunne tyde noko. Som kunne stille spørsmål. Som utfordra flata. Som attskapte forholdet mellom flate og ikkje-flate, mellom positivt og negativt rom, mellom bastante ytringar og flytande former, mellom det gjennomskinlege og dei harde kantane.

Eit stykke forskingsarbeid, gjennomført med ei staheit og ein iherdigskap som hadde vore med han heile livet, frå han som gutunge i 1950-åra sat på rommet sitt i Gabels gate på Skillebekk og teikna i staden for å gjere lekser, til han altså døydde for eiga hand i Normanns gate på Kampen det året han skulle fylt 80.

Bjørn måla med breie og saftige strok over store flater, og han hadde ein iherdig arbeidskapasitet og produksjon. Problemet var at han var beint ut uvillig til å selje verka til menneske han ikkje likte. Og han var sær. Så då er det att eit nesten utruleg tal solide verk etter han: Store måleri i olje og akryl, teikningar i blyant, kol og penn, krokiar og aktstudiar, tusjlaveringar, ulike former for trykk og fotografi. Og i eit ønske om at Bjørn sine tiår med arbeid skal bli verdsett og at alle verka skal finne nye heimar og vere til glede, jobbar no søskena, niesene og nevøane til Bjørn med å få kunsten hans ut i verda.

Teksten er omsett til nynorsk av Inger Johanne Sæterbakk.

I samband med Oslo Pride 2025 er det ei utstilling med verk av Bjørn O.K. Langeland i foajeen på Det Norske Teatret.

Svolten?

PRIDE-meny

Restauranten Sur by De mi Tierra ved Det Norske Teatret held ope under Oslo Pride. Velkommen inn!

Les meir