Bakgrunnsartikkel

Barometerfasen

Kanskje er det slik at ungdom går rundt som levande barometer på tida vi lever i. Kanskje namna vi set på ungdomsgenerasjonen – som «generasjon prestasjon» eller «snøflak-generasjonen» – peikar på samfunnet slik det er skapt av oss vaksne, meir enn på ungdommen? spør psykologspesialist Guro Øiestad.

Det er nokre trekk ved ungdomstida som får meg til å tenkje slik: Frå 12–13-årsalderen og eit godt stykke ut i 20-åra føregår det ei omfattande utbygging, ombygging og spesialisering av hjernen. Hjerneforskarar kallar dette «den andre spedbarnsfasen» – tenåringshjernen er nesten like påverkeleg og formbar som hjernen hos spedbarn.

Parallelt med den store utbygginga av hjernen oppstår det ein auka utforskartrong hos unge tenåringar, i alle kulturar. Dei søkjer mot nyheit og blir risiko-villige, dei prøver seg fram, og tilbringar meir tid med jamaldrande enn med familien. Dette er evolusjonsmessig lurt; for at menneskeslekta skal bestå, må ungdom ut i verda og inn i nye relasjonar.

Det er nok formålstenleg for vår arts utvikling med ein open og påverkeleg hjerne i denne fasen. Viss hjernen var ferdig modna når barnet blir ungdom, ville kanskje lite ha forandra seg med nye generasjonar? Men det er ikkje slik at ungdom berre ser seg rundt, finn ut kva dei vil forandre, og går ut og gjer verda betre. Så enkelt er det ikkje.
Midt oppi det store sjølvstendeprosjektet som langsamt utspelar seg gjennom ungdomstida, er dei unge framleis avhengige av og prisgitt vaksensamfunnet som omgir dei. Og her kjem barometer-funksjonen inn.
Menneskelivet er ein balansegang, alt må balanserast med sin motsats. Vi søkjer sjølvstende, og er samtidig grunnleggjande avhengige av andre. Vi treng å vere i aktivitet, men vi må også kvile. Det er lurt å tenkje sikkerheit, men nødvendig å tole risiko.

No for tida mistar vi balansen, stadig vekk. Farten i utviklinga dyttar oss lett ut i det ekstreme. Når all verdsens informasjon og desinformasjon er tilgjengeleg, som ein kontinuerleg virtuell flaum, blir det vanskeleg å finne ut kva vi skal seie JA og NEI til. Her er nokre av imperativa som formbare og mottakelege tenåringar møter på internett og andre arenaer:

Hovudkarakteren i teaterframsyninga Vår vesle har bokstaveleg talt blitt passasjer i sitt eige liv. Foto: Bård Gundersen.

Bli sett

Gjennom sosiale medium kan vi bli sett, døgnet rundt. Mange ungdommar har knapt eit vake minutt der dei slepp unna utanfrå-blikket på seg sjølv, «kor mange likes, kven følgjer meg»? Det er naturleg at ungdom er opptekne av andres blikk på seg, men det er uheldig når dei blir sitjande fast i det. Sosiale medium intensiverer sjølvmedvitet – ein tenkjer meir på korleis ein sjølv ser ut og framstår, og mindre på verda der ute.

… og sjå

I tillegg kan ungdom heile tida følgje med på kva dei andre gjer, og dermed også på det dei går glipp av. Dei mistar fridommen som ligg i å ikkje vite kva venner driv med heile tida. Det kan bli vanskeleg å lage avtalar, fordi det heile tida kan dukke opp noko meir attraktivt, eller nokre som er meir attraktive. Fort gjort å bli stressa.

Perfeksjoner deg

Kvardagspynting er eit normalt og sunt fenomen som vi finn i alle kulturar, over heile kloden ordnar folk med utsjånaden. Men no for tida tippar vi over, blant anna med restylane og laser. Snart er det uvanleg at damer som eg sjølv, altså i 50-åra, har rynker i ansiktet. Dette sender ubalanserte signal til ungdom: Du kan alltid sjå betre ut, så kvifor ikkje?

Ver flink

Det er ikkje noko gale i å vere flink, tvert imot – alle treng eitt eller fleire meistringsområde, kjensla av å få til noko. Men flinkheit blir til stress og press viss flink er målet, absolutt heile tida. Som i skulen, der barn og unge blir styrte av mange, til dels useriøst ambisiøse mål, og skulekvardagen er dominert av testing. Stressande for eit ungt «barometer». I balansens namn treng vi rom for avslappa ikkje-meistring. Det må vere greitt å ikkje vere interessert i alt, og dermed ikkje flink til alt.

…. Og sunn.

Det er i utgangspunktet flott med auka medvit rundt sunn mat og helsefremmande fysisk aktivitet. Men for mange blir sunnheita til sjukdom i form av eteforstyrringar eller tvangsmessig overtrening. For mykje informasjon blir lett til feilinformasjon. Ein ungdom midt i barometer-fasen kan lett miste balansen.

Du er spesiell

I utgangspunktet er vi alle unike, det finst berre eitt eks av kvar – det er altså svært vanleg å vere spesiell. Samtidig blir det gjort til eit prosjekt: «Å vere seg sjølv» kan opplevast som eit imperativ til å skilje seg ut, heller enn å vere avslappa og fornøgd.

Det er veldig bra at vi dei siste tiåra har bevega oss bort frå den autoritære og disiplin-orienterte barneoppdraginga og over til respekt for barnet som eit sosialt subjekt frå starten. At barns behov blir tekne på alvor, at vi møter dei med varm forståing, skaper trygge vaksne i framtida. Men også her kan vi miste balansen og gløyme at det er vi vaksne som skal lage rammene, ta leiinga og ha forventningar, ved sida av å vere lydhøyre for barnet si verd.
I beste meining kan vaksne la barnet overta styringa heilt, og dermed bidra til at barnet blir ein ungdom i ubalanse eller ein litt hjelpelaus vaksen.
I staden for å setje merkelappar på dei kan vi undre oss over kva ved tidsånda som blir tydeleggjort i ungdomsgenerasjonens psykiske problem og stress. Kanskje er ungdom barometer for samfunnets ubalanse – for den hastige, individorienterte perfeksjons- og forbrukskulturen?

Men la oss først og fremst ha tillit til dei unge. Ungdom flest er fine folk, trygge og direkte. Inni kvart eit barometer ligg ei veldig svingkraft, ungdom har alltid i seg denne kimen til opprør og nye løysingar.

TEKST Guro Øiestad, førstelektor ved Psykologisk institutt ved UiO
TIL NYNORSK VED Aud Søyland