Bakgrunnsartikkel

Alt er til sals!

Tore Vagn Lid har regi på vårens versjon av Tolvskillingsoperaen. Fascinasjonen for stykket blei vekt i studietida. Ein doktorgrad og eit professorat seinare er han like nysgjerrig på stoffet.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Forfattaren, regissøren og musikaren Vagn Lid lagar ofte eit flettverk av tekst, musikk, foto og film i sine oppsetjingar, og Tolvskillingsoperaen blir ikkje noko unntak. Med seg har han makkaren sin, Kyrre Bjørkås, på scenografi, og saman med fullt orkester og eit ganske ungt ensemble skal dei bruke Brecht og Weill sitt legendariske musikkteater til å skode inn i ei tenkt framtid der politiske fellesskap har forvitra og alle kjempar med alle, med alle tenkelege middel.

- Dette handlar ikkje om nostalgi. Vi vil heller – gjennom Tolvskillingsoperaens eventyrlege verd av syngande skurkar, horer og korrupte leiarar – kasta eit blikk inn i spå-kula for å få auge på ei verd som kan komme til å ligge farleg nær oss. Kanskje kan vi kalle framsyninga ei framtidsgjetting om politiske og økonomiske prosessar som vi kanskje alt er djupt inne i, spør regissøren.

Grundig research

Tore Vagn Lid er kjent for å gå grundig til verks og produksjonane hans har ein tendens til å hauste godt av dei prestisjetunge prisane i bransjen. Sist med både Ibsenprisen og to Heddaprisar for Vår ære/Vår makt der han blottla fortrengde sider ved bergensarane si fortid. Med eit ope sinn og sterk utforskartrong tar han fatt i det han kallar «undersøkingar». Brecht var ein kjent samfunnsrefsar og kapitalismekritikar, og Tolvskillingsoperaen var eit tidleg forsøk på å tenkje politisk gjennom eit teater der politikk, eventyr og musikk gjekk opp i ei større kunstnarleg eining.

Frå Fridomens vegar i 2016 på Det Norske Teatret der det var testsamfunnet som var under lupa. Foto: Dag Jenssen.

Overvaking og kontroll

- Eg trur at i 2020 har dette særeigne musikalske verket framleis kraft i seg, seier regissøren. Han meiner Brecht og Weill si modellering av eit samfunn der alt og alle er til sals og der alt og alle i prinsippet blir instrument for noko anna er interessant: - Den globale marknaden blir tøffare, det politiske klimaet blir hardare og menneske blir (for å seie det med Brecht) stadig meir forherda. Vi må heile tida presse grensene for å vekke merksemd og medkjensle, argumenterer Vagn Lid. Han forklarar vidare om Brechts interesse for korleis vi for eksempel ganske fort mister medkjensle for tiggaren på gata, om vi ser henne meir enn ein gong.
– Dette er eit motiv som spelar ei viktig rolle i oppsetjinga vår. I lys av Tolvskillingsoperaens verd, der ein aldri heilt kan vere sikker på kven som angir kven, har vi og interessert oss for korleis dei såkalla «intelligente instrumenta» har komme inn i «smarte» heimar og arbeidsplassar. Ting som sjølv har i seg evna til overvaking og kontroll.

Frå Vår Ære/Vår makt (2016) på Den Nationale Scene i Bergen. Dramatikar Cecilie Løveid og regissør Tore Vagn Lid tok utgangspunkt i Nordal Griegs verk og laga sitt eige. Framsyninga blei heidra med tre heddaprisar, mellom anna for beste regi. Foto: Ane Bysheim.

Buss og robotar

Kyrre Bjørkås, som har scenografien på Tolvskillingen, har i mange år samarbeidd med Tore Vagn Lid. Han arbeider sjangeroverskridande og multimedialt og deler Tore sin utforskartrong. Overgangen mellom fiksjon og verkelegheit, og korleis bringe verda inn i teaterrommet, er utfordringar som set fart i skapartrongen. Bjørkås har bakgrunn frå bildekunsten og musikken, og arbeider like gjerne med det realistiske som det performanceaktige.

Kyrre Bjørkaas legg fram scenografimodellen på første prøvedag. Foto: Maiken Mathisen

- I Tolvskillingsoperaen er ein skulptur midtpunktet i scenografien. Det er ein farkost som vi har plassert på dreieskiva. Han står på nokre stiliserte jernbaneskjener og låner fargane sine frå eit mykje omdiskutert transportselskap, forklarar Bjørkås. Han snakkar om ein halv grøn buss som veg bortimot eit tonn. Logoen «Tolvskillingsoperaen» står skriven på sida.
- Vi skal undersøke skulpturen frå alle vinklar, med kamera og projeksjonar. Musikarane vil vere ein integrert del av handlingsgangen og vil prege scenerommet på lik linje som resten av ensemblet. Lyd og bilde vil i det heile spele ei sentral rolle i oppsetjinga, i tillegg til nokre automatiserte reiskap, dokker og avatarar, utdjupar scenografen.

Eit hardangerbunad-inspirert golvteppe med islett av Jan Groth-streken frå Det Norske Teatret sitt sceneteppe, er i ferd med å få måla togskjener på inne på målarsalen. Ein havarert buss skal også prege scenebildet. Denne bussen ventar på vidare behandling på smia og målersalen. Foto: Åsne Dahl Torp

Naive menneske?

To av dei mest interessante kunstnarane i scenekunstfeltet har altså fått i oppgåve å setje opp Brechts ikoniske verk på sin måte. Dei er ikkje uvande med å snu om på klassisk materiale, men møtet med teksten til Brecht fyller dei med ærefrykt:

- Vi skal nærme oss Tolvskillingsoperaen med respekt og forstand. Det er på mange vis eit komplett verk, som også bryt med forventingar og sjanger, både musikalsk og teaterteknisk. Stykket har på mange vis funne sin eigen veg, og opna seg opp for oss, meiner regissør Vagn Lid. Hos Brecht sluttar stykket med eit sendebod frå kongen om at alt ordnar seg og at alle konfliktar blir lagde til side.
- Det rører ironisk ved menneskets naive tru på at alt vil gå bra til sist, eit slags håp om at alt det gamle og trygge skal vende tilbake, men gjer det eigentleg det? spør regissøren retorisk.
- Tidsanda og brutaliseringa av det politiske ordskiftet var tydeleg i 1928, da urpremieren fann stad, berre året før det store krakket. Kan vi, i alle fall på visse punkt, undersøke 30-talet for å forstå vår eiga samtid? spør kunstnarduoen som i vår skal gi den snart hundreårige musikalen ein ny sjanse på Hovudscenen.

Robotar vil spele nokre av rollene i Tolvskillingoperaen. Foto: Spætt.