Bakgrunnsartikkel

40 og ferdig* (*med krisa)

Første gong han las Kven er redd?, tenkte skodespelar Frode Winther (40): «Her kjenner eg meg igjen».

Skrive av
Lasse Lønnebotn

Han sit med manuset i fanget, ein kaffikopp på bordet og med eit lengtande blikk ut vindauget. Frode Winther, hovudrolleinnehavaren i Kven er redd?, har hatt mange roller, både på teater og film, men å hente mannekrisa ut av sjeledjupet er noko nytt. Og skremmande. For er ikkje rollefiguren Bjørn litt lik han sjølv?

– Eg hadde berre lese to sider av manuset, før eg drog på smilebandet. Det er høg attkjenningsfaktor, seier han. Rollefiguren kranglar med kona og tenåringsbarna, slit med ryddemani, er glad i eit glas øl og har eit strevsamt forhold til svigerforeldra. Han føler seg middels god på jobb og lyg på seg eit alkoholproblem. Kort fortalt: Han er ein mann i midtlivskrisa.

Og Frode? Akkurat som Bjørn er han drygt halvvegs i livet, er gift, har barn, jobbar som skodespelar, er pedantisk til fingerspissane og har svigerforeldre som… Vent litt, la oss komme attende til svigerforeldra.
– Eg liker at ting er ordentlege – irriterande ordentlege. Og eg liker å drikke litt øl. Eg kjenner meg att der. Føler eg meg middels god på jobb? Nei, det trur eg ikkje. I midtlivskrise? Motorsykkelen kjøpte eg for 10 år sidan. Eg har ei framifrå kone og har fått dei barna eg skal ha, og fått tillit i spelefilmar og på teater. Eg har det bra. Eg er ferdig med krisa.

Han smiler.
– Håper eg.

ALDRI HAR DET vore vanskelegare å vere mann, blir det sagt. I tillegg til dei tradisjonelle manneoppgåvene, skal mannen vere superpappa og superhusfar. Han skal bere barna på skuldrene og rekke å vaske stovegolvet og lage kortreist mat, før han masserer føtene til kona. Nokre menn tilpassar seg, andre, som Bjørn i Kven er redd?, er i ferd med å bli slukt.
– Mannen har fått fleire oppgåver. Vi gjer dei vanlege mannetinga, men dessutan stadig fleire av dei tradisjonelle kvinnetinga.
Ansvarsområdet har utvida seg, utan at vi skal klage på det, seier Frode.

Å yte motstand mot dette er utenkjeleg?

– Eg har ikkje noko behov for det, det er ei positiv utvikling.

Du har ikkje behov for å få ut litt damp? Vere litt dritsekk?

Han ler.
– Kan ikkje seie at eg har behov for å vere dritsekk, men innimellom må eg få noko ut, ja.

Kva gjer du da?

– Eg utfordrar. Som å utfordre kona mi – og andre – på kva dei meiner. Det må du, elles blir du oppeten. I somme forhold er det éin som styrer kvardagane og den andre som kjenner seg kua og irettesett. Da må du seie frå, men du treng ikkje vere dritsekk.

Frode Winther skal spele Bjørn i Carl Frode Tillers stykke Kven er redd? Bjørn er godt gift, har to uspiselege tenåringsbarn og svigerforeldre som ikkje synest han er god nok for dottera.

SÅ VAR DET dette med svigerforeldra. I Kven er redd? må Bjørn takle den skjøre relasjonen til konas foreldre, som i tillegg ikkje synest han er bra nok for dottera deira. Frode nikka attkjennande på hovudet da han første gongen las om dette.

– Bjørns svigerforeldre kjem heim til han og fyller opp frysaren. Det er morosamt, for det er akkurat det mine gjer hos oss. Dei fyller opp frysaren så det mest ikkje er plass til vår mat.

Høyrer eg eit problematisk forhold til dine svigers…?

– Nei, vi har eit godt forhold. Men det kan jo oppstå morosame misforståingar i familiesituasjonar.

Bjørn lyg på seg ein alkoholisme for å kjenne seg meir skikka til rolla, kvifor tyr mannen i blant til kvardagsløgner?

– Kanskje somme har behov for ein parallell røyndom? Å hegne om noko som berre er ditt?
I eit forhold trengst det av og til. Og kanskje må ein lyge litt for å kjenne seg betre enn den ein er.

Har du loge på deg nokre kvalitetar?

– Det hender eg tar på meg lesebriller for å verke meir intellektuell.

Du er 40, godt gift, vel nøgd, med ein kul motorsykkel. Høyrest ut som du treng ein ordentleg smell?

– Haha! Eg fekk så mange smellar tidleg at eg trur ikkje det. Eg var gjennom krisa i ung
alder.

Ja vel?

– Eg veit ikkje kor personleg eg skal vere, men eg hadde ei… skal vi seie utagerande ungdomstid? Eg brukte energien min på heilt feil måte.

Han droppa ut av vidaregåande utan andre planar for livet. Men guten frå Veitvet i Oslo Aust, som flytta til Drøbak som niåring, hadde ei mor som aldri gav han opp. «Kva med folkehøgskole?» sa ho. «Orkar ikkje», svara Frode. Men ein kveld han kom seint heim, låg det ei bok på hovudputa: «Musikk/teaterlinje i Bergen» stod det skrive. Han visste han var glad i musikk, og teaterstudium freista.

– Så eg tenkte: «Ok, eg stikk til Bergen». Men søknadsfristen var gått ut, så eg ringde, og det var éin ledig plass. Da reiste eg på dagen. Sidan har eg drive med teater.

Det blei eit avgjerande val?

– Veldig avgjerande. Eg merka kor glad eg var i teater, og fekk ei stadfesting på at eg dugde. «Dette vil eg gjere», tenkte eg. Så blei det skodespelarutdanning i England, og sidan 2000 har det ikkje vore ein einaste dag utan jobbing. Men eg var også gjennom ein turbulent periode. Eg blei far og mista min eigen far da eg var 20. I fjor tok han eit nytt avgjerande val: Å flytte heim til Oslo etter ti år i Bergen, med kone og to barn på 5 og 3.

– Eg har fast jobb på Den Nationale Scene, men kjende at eg trong nye utfordringar. Derfor tok eg permisjon.
Vi berre pakka og drog, heile familien. Vi hadde ikkje husvære, ikkje jobb, ikkje barnehageplass – vi berre tok ein sjanse og drog.
Det var ikkje lett, men det har gått greitt så langt.

På Det Norske Teatret har han det siste året spelt i Fugletribunalet, Hamlet og Lucky Happiness Golden Express før Kven er redd?. Hausten 2015 blir han også å sjå i filmen Dukken i taket, basert på Ingvar Ambjørnsens roman. Det er nok å gjere. Men stundom kjenner han rastløysa slå inn.

– Eg kan merke kjensla av at eg må leve før det er for seint.

Kunne du stukke av tre månader og berre gjort dine ting?

– Ahhh… Det hadde vore herleg. Berre pleie meg sjølv. Men nei, tre månader hadde vore for lenge.

Kva om du fekk 24 timar berre for deg sjølv?

– Da hadde eg sett meg på motorsykkelen, funne ein avsides veg med fri fartsgrense og køyrt langt av garde, ut til horisonten. I veska skulle eg hatt ei flaske med noko godt, og lagt meg i ei hengekøye mot vatnet, med handa dinglande utanfor og berre… pusta.

Dei dagane er over?

Han ler.

– Tja, sett på vent i alle fall. Eg sa til kona for nokre år sidan at eg skulle selje sykkelen og heller kjøpe ein gitar. Så eg kjøpte ein gitar til 30.000 kroner. Men så fekk eg pengar igjen på skatten. Så no har eg både motorsykkel og ein skikkeleg fin gitar.

Her ligg det ein potensiell konflikt?

– Hehe, ja. Lite grann. Men eg trur ho har akseptert det. Det kan hende at eg sel sykkelen ein dag, men…
Han ler.
– Da er det fordi eg vil det.

HAN HAR SETT FOLK som har hamna der. Som har møtt nokon som er yngre, på veg mot skilsmissa, med begge beina godt planta i den ultimate krisa.
– Eg ser det rundt meg, at det er ei avgjerande tid for mange menn i 40-åra. Det er trist, men ikkje til å unngå somme tider. Det er jo ein jobb…

Å vere mann?
– Å leve i eit forhold. Å få det til å funke. Å kunne samarbeide. Det er ikkje alltid lett å vere mann, men ikkje lett å vere dame heller. Men eg har ikkje behov for å klage. Eg er privilegert, med gode folk rundt meg…

… og svigerforeldre som fyller opp frysaren?

– Ja, kvar gong! Med gode råvarer, reinsdyr frå Finnmarksvidda og fersk torsk frå Vesterålen.
Han smiler.
– Ein kan ikkje klage da.

FOTO Siren Høyland Sæter