Bakgrunnsartikkel

10 år med Scene 3!

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

I dag, 20. januar, er det nøyaktig 10 år sidan Scene 3 opna. Og for eit tiår det har vore! Den tidlegare Prøvesalen fekk nytt namn og skiftet skulle markere ein ambisiøs og ektefølt ambisjon om å styrke og utvikle scenekunsten i det vesle formatet. Teksten, skodespelaren og regissøren skulle stå i sentrum, det var eit poeng å treffe publikum i ei nær og intim oppleving, og Scene 3 skulle markere eit avgjerande kunstnarleg kontrapunkt til den store og avanserte Hovudscenen. Scene 3 skulle ha høg risikofaktor, stor fleksibilitet og høg kvalitet og stå for ei revitalisering av scenerommet.

Scenen har utan tvil levd opp til forventingane. Ikkje berre har Scene 3 etablert seg som ein arena for kunstnarlege produksjonar av høg kvalitet, den har òg samla eit interessert publikum med sitt allsidige repertoar. Den særeigne teateropplevinga etablerte seg nemleg raskt som eit annleis og attraktivt kunstnarleg konsept.

Sjukt bra teater

Alt første sesongen bar bod om teaterets vilje til å finne stoff og regissørar som evna å utnytte potensialet i konseptet. Opningsframsyninga Frøken Else hadde ei blendande god Ingrid Bolsø Berdal i tittelrolla. ”Sjukt bra teater”, skreiv Dagbladet etter premieren på Sjuk ungdom, sett i scene av Peer Perez Øian. For denne framsyninga fekk Øian Heddaprisen for beste regi og både ensemblet og Øian blei nominerte til Kritikarprisen for innsatsen. Hans Petter Moland gjorde sitt første regioppdrag for teaterscenen med Tvil, og same våren fekk Ulovleg norsk, basert den mykje omtalte romanen av Maria Amelie premiere etter ei rask omprogrammering av repertoaret.

Aktualitet, evne til omstilling og viljen til risiko har også vore med å definere suksessen til teaterscenen. Alt året etter uttalte IdaLou Larsen følgjande i Bergens Tidende:

«Det er småscenene som har det kunstnerisk mest spennende programmet, nettopp fordi teatersjefene her har relativt få seter å fylle. Her stiller Scene 3-prosjektet ved Det Norske Teatret i en særklasse.»

Fuck my life, 2012
Fuck my life, 2012
Draum om våren, 2016
Draum om våren, 2016
Opningsframsyninga i 2011, Frøken Else, med Ingrid Bolsø Berdal.
Opningsframsyninga i 2011, Frøken Else, med Ingrid Bolsø Berdal.
Ensemblet i Sjuk ungdom i 2011.
Ensemblet i Sjuk ungdom i 2011.

Aukande besøkstal

Scene 3 viser seg å bli ein større og større suksess for kvart år. I raskt tempo får ulike produksjonar premiere. Det blir satsa på urpremierar, norsk dramatikk og europeisk samtidsdramatikk. Besøkstalet aukar markant, og kritikarane gir tilbakemeldingar som meir enn antydar at denne nyvinninga er med på å løfte scenekunsten. Trass i avgrensa ressursar markerer scenen seg som ein stad med sterk profil, ambisiøse framsyningar og har vore ein avgjerande faktor for at Det Norske Teatret i dag kan tilby eit variert repertoar der alle kan finne noko dei liker. Hedda-nominasjonane og -prisane tyder på at også teaterfeltet veit å verdsette arbeidet og utviklinga som skjer. I løpet av desse 10 åra har det vore 1574 framsyningar frå scenen. 30 urpremierar har nådd scenen der nesten 120 000 publikummarar har vore innom. Talet har stabilisert seg på rundt 15 000 årleg i den seinare perioden og teateret er ikkje mindre stolt av den imponerande lista nominasjonar og prisar som er blitt scenen til del. 15 nominasjonar og 7 prisar (sjå faktaboks) har det blitt. Fjorårets Raskolnikov peikar seg særleg ut med 4 nominasjonar og 3 prisar. I 2015 fekk Scene 3 ein eigen bar som forsterka inntrykket av ein scene litt utanom det vanlege. Sommaren 2020 blei scenen ytterlegare forbetra med ein mesanin til den tekniske avviklinga som gjorde det mogleg å utnytte den bakre delen av scenerommet. Her blei ei lita scene realisert for eit publikumsoppsett med kafebord. Ei nyvinning som igjen vil gjere det mogleg å satse vidare på variasjon og breidde.

Blokk til blokk, 2018, ei framsyning som nok ei gong sprengde grenser på Scene 3 - og som måtte flytte til ein større scene for å kunne ta imot alle som ville sjå den. Med Jonathan Orellana Castro, Don Martin og Felipe Orellana Castro.

Å skape engasjement

Denne offensive satsinga har vore med på å oppfylle ei av teaterets viktigaste oppgåver; å skape engasjement. Dette vil vi sjølvsagt markere når teateret igjen kan opne for publikum. Vi lovar ei grundig og verdig feiring av jubilanten. I første omgang skjer den virtuelt, gjennom ei «utstilling» som vi vonar publikum vil kunne ta del i seinare i sesongen. Vår faste fotograf gjennom desse 10 åra har vore Dag Jenssen. Han har ikkje berre dokumentert aktiviteten i scenerommet, men også evna å reflektere scenekunsten slik at bilda er som reine kunstverk i seg sjølve. Dag Jenssen har gjort eit lite utval av alle små fine augneblinkar som har skjedd sidan vi opna i 2011. Talande, utleverande og reine augneblinkar. Desse kan du sjå på Facebook-sida til Det Norske Teatret og etter kvart på veggene i teaterhuset.

Gratulerer til alle som har vore med på å gjere Scene 3 til det teaterfaglege laboratoriet som har vunne så mange hjarte. Festen kjem seinare i år, vi lovar!

"Det er småscenene som har det kunstnerisk mest spennende programmet"

IdaLou Larsen

Heddaprisen på Scene 3

NOMINERTE

2011 – Hildegun Riise, Beste kvinnelege birolle i TVIL, søster Aloysius i "Tvil", av John Patrick Shanley, regi Hans Petter Moland, Det Norske Teatret.

2011 – ensemblet i SJUK UNGDOM, Særleg kunstnarleg innsats

2012 - Gjertrud Jynge, Beste kvinnelege medspelar, for rolla som Maria Steuber i TIDA OG ROMMET av Botho Strauss, Det Norske Teatret.

2013 – Marie Blokhus, Beste kvinnelege skodespelar, for rolla som Anne i OVER OPEN AVGRUNN og for rolla som Una i BLACKBIRD. Over open avgrunn av Tarjei Vesaas, regi Uwe Cramer, Det Norske Teatret. Blackbird av David Harrower, regi Kim Sørensen, Riksteatret og Det Norske Teatret.

2013 – Paul Ottar Haga, Beste mannlege skodespelar, for rolla som Edgar i DØDSDANSEN av August Strindberg, regi Sigrid Strøm Reibo, Det Norske Teatret.

2013 – Jonas Corell Petersen, Beste regi, for Baby og EG - IK, ICH, I. Baby av Kirsten Thorup, Nationaltheatret og Eg – Ik, Ich, I av Oscar van Woensel, Det Norske Teatret.

2013 - FUCK MY LIFE, Beste Barne/ungdomsframsyning, av Pol Heyvaert, regi Per Olav Sørensen, Det Norske Teatret.

2013 - EG - IK, ICH, I, Særleg kunstnarleg innsats, Det Norske Teatret og De Toneelmakerij for vellykka internasjonalt samarbeid om ungdommar i dagens Europa

2014 - Emil Johnsen, Beste mannlege hovudrolle, for rolla som Christopher i DET MERKELEGE SOM HENDE MED HUNDEN DEN NATTA av Mark Haddon, regi Trine Wiggen, Det Norske Teatret

2018 - Ingeborg Sundrehagen Raustøl, Beste kvinnelege skodespelar/hovudrolle, for rolla som Cally Monrad i CALLY, av Ruth Lillegraven, regi Maren E. Bjørseth – Det Norske Teatret i samarbeid med Dramatikkens hus

2019 - Ola G. Furuseth, Beste mannlege skodespelar/hovudrolle, for rolla som Adam i DEN KNUSTE KRUKKA, av Heinrich von Kleist, regi Johannes Holmen Dahl - Det Norske Teatret

2020 - Emil Johnsen, Beste mannlege skodespelar/medspelar, i RASKOLNIKOV, basert på Brotsverk og straff av Fjodor Dostojevskij, dramatisert av Tormod Skagestad, regi Kjersti Horn – Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

2020 - Kjersti Horn, Beste regi, for RASKOLNIKOV, basert på Brotsverk og straff av Fjodor Dostojevskij, dramatisert av Tormod Skagestad, – Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

2020 – VILLANDA, Beste framsyning for ungdom , av Henrik Ibsen, regi Lars Erik Holter – Det Norske Teatret

2020 - Sven Haraldsson, Mads Sjøgård Pettersen og Erik Hedin, Beste audiovisuelle design, for videokonsept og Erik Hedin for lyddesign til RASKOLNIKOV, basert på Brotsverk og straff av Fjodor Dostojevskij, dramatisert av Tormod Skagestad, – Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

VINNARAR

2011 – Peer Perez Øian, Beste regi for SJUK UNGDOM, av Ferdinand Brückner, Det Norske Teatret.

2013 – EG - IK, ICH, I, Årets barne/ungdomsframsyning, regi Jonas Corell Petersen, Det Norske Teatret

2014 – Sigmund Sæverud, Beste mannlege medspelar, for rolla som Lucky i MENS VI VENTAR PÅ GODOT av Samuel Beckett, regi Bjørn Sundquist, Riksteatret, Det Norske Teatret

2020 - Preben Hodneland, Beste mannlege skodespelar/hovudrolle, for rolla som Raskolnikov i RASKOLNIKOV, basert på Brotsverk og straff av Fjodor Dostojevskij, dramatisert av Tormod Skagestad, regi Kjersti Horn – Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

2020 - Frode Winther, beste mannlege skodespelar/medspelar, for rolla som Etterforskaren i RASKOLNIKOV, basert på Brotsverk og straff av Fjodor Dostojevskij, dramatisert av Tormod Skagestad, regi Kjersti Horn – Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

2020 – RASKOLNIKOV, Årets framsyning, regi Kjersti Horn, basert på Brotsverk og straff av Fjodor Dostojevskij, dramatisert av Tormod Skagestad, – Det Norske Teatret og Det Vestnorske Teateret

2020 – Ensemblet, Ingrid Weme Nilsen og Lars Erik Holter, Beste scenetekst, for omarbeiding av VILLANDA av Henrik Ibsen, regi Lars Erik Holter – Det Norske Teatret