Det norske teatret satsar internasjonalt

Det Norske Teatret styrkar ei internasjonal satsting.

Teateret er i sterk utvikling, og har dei seinare åra satsa tungt på stor originalproduksjon og ny, norsk dramatikk. Denne satsinga har og blitt lagt merke til utanfor landets grenser, og vi har hatt mange besøk frå internasjonale kritikararar, dramaturgar og teatersjefar. Det har i sin tur ført til fleire førespurnader om gjestespel og festivalbesøk – og til interesse for å sette opp DNTs eige materiale ute. Til dømes hadde nettopp Abrahams barn (sett av av over 100.000 her heime) premiere i tysk utgåve i Hannover.

Frå EDDA med regi av Robert Wilson, våren 2017.

Den siste store satsinga på Hovudscenen, Robert Wilsons Edda, i ein versjon av Jon Fosse, har verkeleg sett teateret på det store utanlandskartet. Vi opplever at vi vekker interesse blant internasjonalt etablerte scenekunstnarar og at produksjonane våre er etterspurde: Edda skal spele på Aarhus Teater i haust, som en del av feiringa av Aarhus som Europeisk kulturby 2017. Edda er også ønskt til Reykjavik, Shanghai, New York og St. Petersburg. Sorga kler Elektra har gjesta Dramaten i Stockholm og no sist Nemzeti Színház i samband me ein internasjonal festival i Budapest – for å nemne nokre av førespunadene.
I dei komande åra vil det vere ei prioritert oppgåve å legge til rette for å få realisert fleire internasjonale gjestingar. Norsk teater held høgt nivå, og på DNT ønskjer vi å legge lista enno høgare. Det vil i åra framover vere ei prioritert oppgåve for teateret å vise seg fram på dei viktigaste arenaene og samarbeide med dei leiande kunstnarlege kreftene internasjonalt.

Sorga kler Elektra, i Eirik Stubø sin regi, er tilbake på teaterscenen på Det Norske Teatret.

Her heime arrangerer Det Norske Teatret ein internasjonal Fosse-festival for første gong i september 2019. Dette er også ein viktig del av det langsiktige arbeidet med å styrke den internasjonale orienteringa. Festivalen markerer at det i 2019 er 25 år sidan Fosse debuterte som dramatikar med uroppføringa av Og aldri skal vi skiljast på Den Nationale Scene. Same år fyller diktaren 60 år. I løpet av ti septemberdagar er ambisjonen, saman med Det Norske Samlaget, å fylle teaterhuset med eigne Fosse-produksjonar og ein presentasjon av forfattarskapet hans, og i tillegg invitere internasjonale gjestespel hit.