Velkommen til arkivet

Her finn du historia vår tilbake til første framsyning i 1913. I teksten under finn du ei bruksrettleiing for korleis du søker i arkivet.

Arbeidet med systematisk korrekturlesing er langt frå ferdig.
Ser du noko som ser merkeleg ut, eller openberre manglar, er vi takksame for tips.
Send ein e-post til arkivet@detnorsketeatret.no

Godt søk!

Klikk her for å gå til arkivet vårt.

Enkelt søk: Dei enklaste søka som tittel eller personnamn gjer du i søkefeltet oppe til høgre når du har klikka deg inn i arkivet vårt.

Avansert søk

Tittel: her kan du også søkje på delvis tittel i fall du er usikker. Skriv du t.d. «engel» vil du få både Sporv og Engel OG Engelske kongerekkjer i søkjeresultatet.

Originaltittel: Omsette skodespel vil som regel også ha tittel på originalspråket, men ikkje på originalalfabet. T.d. er russiske namn og titlar transkriberte.

Kategori: Alle produksjonar er ikkje gitt ein kategori. Dette er primært lagt til for intern rapportering.

Spelestad: Det Norske Teatret hadde i mange år leigde lokale fleire stader i byen. Hovudscenen er frå hausten 1945- til hausten 1985 Casino teater i Stortingsgata 16 (i dag kalla Christiania Teater). Scene 2 hadde frå 1970-talet til hausten 1985 adresse Rosenkrantz gate 8. (Og Bikuben har tidlegare vore namnet på eksperimentscenar; først i kjellaren i ABC-teateret / Edderkoppen / på St. Olavs plass, seinare vart det brukt på kjellaren under gamle Scene 2. I dag er det kafeen i foajeen i andre høgda. Prøvesalen i femte høgda vart etter mange år omdøypt til Scene 3.)

Dato: bruk både frå og til datoen for best resultat; skriv tala med punktum mellom og klikk på korrekt dato i kalendaren som opnar seg.

Produksjonstype: I tillegg til tre hovudtypar, Eigenproduksjon, Samarbeid og reine Gjestespel, har vi mange kategoriar for å dokumentere dei mange andre arrangementa vi byr på, det vere seg laurdagsmatinear, Bikubekveldar og liknande seriar, men også enkelthendingar som fest- og jubileumsframsyningar.
Målsetjinga vår er å supplere og dokumentere også dei mange formidlingsprogramma som t.d. Innsikt-serien.

Premieretype: dette er diverre mangelfullt ført opp gjennom åra, så talet på noregspremierar, urpremierar etc vil vere høgare enn det som står her. Dato vil i dei fleste tilfelle berre vise premieredatoen. Dato for siste framsyningsdato er i mange tilfelle ikkje fyllt ut.

Atterhald

Gjennom over 100 års historie har prinsippa for kva ein har registrert, kor mykje og korleis, skifta.
Databasen her byggjer på import frå annan programvare og vi har oppdaga nokre overraskingar som skuldast ulike dataspråk og protokollar.

Jo eldre ei framsyning er, di meir vil mangle:
• Før ca 1918 er det ikkje notert kor mange gonger ei framsyning vart spela.

• Talet på publikum vart først registrert frå tidleg på 1960-talet. Og vi har diverre ikkje kjelder til å supplere desse tala.

• Korleis ein krediterte ulike kunstnarlege funksjonar som t.d. scenografi, har skifta opp gjennom åra. Her har vi standardisert funksjonstitlane, men også supplert etterkvart som fagfelta har utvikla seg. I eldre rollelister står t.d. berre kapellmeister nemnd. I den førre databasen var musikarane utelatne også når dei stod på rollelistene. Dette kan også gjelde andre funksjonar som vi registrerer i dag. Etter kvart som vi korrekturles opp mot gamle rollelister, årsmeldingar og liknande, vil opplysningar blir lagt til.