Vedtekter

VEDTEKTER FOR L/L DET NORSKE TEATRET

Revidert april 2015

  • 1

Det Norske Teatret er eit lag med avgrensa ansvar, som har til føremål å syna fram skodespel på norsk mål i bygd og by.

  • 2

Lutmedelen (aksjekapitalen) er kr 4.908.800 fordelt på 12.272 luter (aksjar) på kr 400 kvar, og utskrivne på namn. Laget (selskapet) har sete (forretningskontor) i Oslo. Lutene skal registrerast i aksjeeigarbok.

  • 3

Laget har eit styre på sju medlemer. Årsmøtet vel fem av desse for to år om gongen. Årsmøtet vel òg fem varamedlemer for eitt år om gongen. Tre av dei årsmøtevalde styremedlemene og ein varamedlem for kvar av dei skal veljast mellom personar som Kulturdepartementet har gjort framlegg om. Fast tilsette og heilårstilsette på teatret vel to styremedlemer med tre varamedlemer for kvar av dei. Ein av desse styremedlemene og varamedlemene hennar/hans skal veljast mellom kunstnarane på teatret, den andre og varamedlemene hennar/hans mellom dei andre tilsette på teatret. Teatersjef og direktør kan ikkje veljast.

Den valnemnda som er omtalt i § 5, skal koma med framlegg til årsmøtet om medlemer i styret.

  • 4

På teatret skal det vera samarbeidsorgan til å fremja godt samarbeid i samsvar med organisasjonsmessige avtalar eller etter vedtak i styret. Slike samarbeidsorgan skal òg drøfta repertoarplanar og andre kunstnarlege spørsmål.

  • 5

Eit målpolitisk råd valt av årsmøtet gjev råd om korleis teatret skal fremja føremålet sitt på beste måte. Rådet kan ta opp spørsmål som gjeld både teatret og målorganisasjonane. Rådet fastset sjølv arbeidsskipnaden.

Rådet har 11 medlemer, med 5 numeriske varamedlemer valde for to år. Ingen kan ha ombod i rådet og teaterstyret samstundes. Årsmøtet vel leiar mellom dei 11 medlemene. Teaterstyret og dei tilsette kan vera med i rådsdrøftingane. Rådet gjev melding om arbeidet sitt til årsmøtet.

Årsmøtet vel ei valnemnd på 3 medlemer, som skal koma med framlegg til årsmøtet om medlemer i teaterstyret og i Målpolitisk råd. Tenestetida i nemnda er 3 år, og slik at årsmøtet vel ein ny medlem kvart år. Medlem i nemnda kan ikkje samstundes ha ombod i rådet eller i teaterstyret. Leiar i nemnda er den som har lengst tenestetid. Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og teaterstyret kjem kvar med framlegg til ein medlem i valnemnda

  • 6

Styret konstituerer seg sjølv, og vel leiar mellom dei årsmøtevalde styremedlemene som ikkje er valde etter framlegg frå Kulturdepartementet. Styret har det allmenne og overordna ansvar for drifta av teatret og for at føremålet vert etterlevd. Det tilset teatersjef (dagleg leiar) og direktør og gjev instruksar for dei to stillingane. Styret vedtek budsjettet og fastset retningsliner for verksemda. Det skal halda seg orientert om økonomiske tilhøve som vedkjem teatret og sjå til at det er trygg kontroll med rekneskapen og formuesforvaltninga.

Teatersjefen er dagleg leiar for verksemda på teatret og skal følgja dei retningsliner som styret har vedteke. Ho/han skal leggja fram for styret saker som er uvanlege eller som har mykje å seia for verksemda på teatret.

Styreleiaren kan med si underskrift på vegner av styret forplikta teatret. Saker som har med lån, kausjon, pant og avhending eller kjøp av fast eigedom å gjera, skal medunderskrivast av ein av dei årsmøtevalde styremedlemene. Teatersjefen kan forplikta teatret i alle saker som er omfatta av hennar/hans funksjon som dagleg leiar for heile verksemda. Ho/han kan innanfor sitt område delegera retten til å forplikta selskapet.

  • 7

Styret skal sjå til at selskapet oppfyller avtalar, vilkår og føresetnader for statlege tilskotsordningar og senda Kulturdepartementet årsmelding, rekneskap med revisormelding og årsmøteprotokollen.

Framlegg til vedtektsendringar skal styret leggja fram for Kulturdepartementet til fråsegn.

  • 8

Rekneskapsåret går frå 1. januar til 31. desember.

  • 9

Årsmøtet skal haldast i Oslo innan utgangen av april etter skriftleg innkalling til luteigarane, sendt seinast 14 dagar før møtedagen.

Årsmøtet skal:

  1. Velja styremedlemer og varamedlemer etter § 3, andre ledd, første og andre punktum, målpolitisk råd etter § 5, og revisor.
  1. Godkjenna årsrekneskapen, årsmeldinga og honorar til revisor
  1. Avgjera andre saker som styret har lagt fram av eige tiltak eller etter oppmoding frå luteigarar. Gjeld saka vedtektsendringar, må framlegget få to tredjedels fleirtal både av røystene og av aksjekapitalen attom dei om endringa skal verta vedteken.
  • 10

Ingen på årsmøtet kan ha råderett over meir enn 10 røyster, for seg sjølv og etter fullmakt samanlagt.

  • 11

Styret kan kalla inn til omframt årsmøte når minst 20 luteigarar skriftleg grunngjev eit krav om det, revisor ber om det skriftleg, eller når styret meiner det er nødvendig. Fristen for innkallinga er minst ei veke.