Styret

OM DET NORSKE TEATRET

Det Norske Teatret er ein nasjonal scenekunstinstitusjon med ei modig og stolt motkulturell historie, og har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Teatret spelar på nynorsk og dialekt i eit breitt repertoar, som òg omfattar musikkteater, og har jamt svært høge publikumstal. Det NorskeTeatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, i tillegg til kaféscenen Bikuben, og med ein nyopna restaurant integrert i foajeområdet.   Gjennom moderne repertoartenking, dyktige scenekunstnarar og ein medviten språkpolitikk, ønskjer vi å ligge i framkant av scenekunstutviklinga. I møtet med det nye Noreg skal vi ha ei medviten haldning til å spegle samfunnet rundt oss og tilby eit mangfald av uttrykk og opplevingar. Dette let seg kort oppsummere i vårt ambisiøse visjon: Vi skal ta med oss fortida inn i notida til eit modig møte med framtida.

 

STYRET I L/L DET NORSKE TEATRET
ETTER ÅRSMØTET 24. APRIL 2016:

Medlemmer:

Nina Refseth, styreleiar
Steinulf Tungesvik, nestleiar

Varamedlemmer:

1) Gunhild Berge Stang
2) Olin Johanne Henden

Valde etter tilråding frå staten:

Shahzad Rana
Magni Hjertenes Flyum
Inger Lise Aarrestad Rettedal

Vara:

  1. Tone Varslot Stav
  2. Ivar Hogne Areklett Moe

Valde av dei fast tilsette på teatret:

Ola E. Bø
Finn Kirkeby

Vara:
1) Paul Ottar Haga
2) Paul Åge Johannessen
3) Renate Reinsve

Finn Kirkeby

 

MÅLPOLITISK RÅD

Målpolitisk råd har til oppgåve å gje råd om målbruken ved teatret og andre kulturpolitiske emne som rådet sjølv tek opp. Rådet vart skipa i 8. oktober 1976 som møteplass mellom teatret og resten av målrørsla og for å sikre årsmøtet og målrørsla innverknad på den målpolitiske utviklinga til teatret etter at staten fekk fleirtal i styret. Rådet blir valt på årsmøtet til teatret og har 11 medlemmer og 5 varamedlemmer.

Etter årsmøtet 24. april 2016 har Målpolitisk råd denne samansetjinga:

Rådsmedlemmer

Eli Ulvestad, leiar

Ida Holen
Håkon Kolmannskog
Janne Nygård
Inger Johanne Sæterbakk
Dag Terje Klarp Solvang
Lars Rottem Krangnes
Kjell Åsmund Sunde
Bente Riise
Sverre Tusvik
Camara Chr. Lundestad Joof

Varamedlem:

1) Kari Hauge
2) Jens Kihl
3) Eldbjørg Hovland
4) Mildred Marita Ramberg Røthe
5) Fredrik Høstaker

Valnemnda:

Magne Aasbrenn
Endre Kleiveland
Nana Rise-Lynum