Er du glad i å bli lese for? I løpet av våren vil Det Norske Teatret by på fleire dramatiserte lesingar av gode bøker. Kvar gong les vi ei bok. Følg med for nye titlar!

Edda: 20. mai på Oscarshall

av Jon Fosse
Tilrettelagt for scenen av Ola E. Bø

Gudedikta i det som i dag blir kalla Den eldre Edda, har levd i folkemunne i uviss tid før dei blei skrivne ned på Island på 1200- og 1300-talet. Samlinga har blitt gjenoppdaga på midten av 1600-talet og har sidan, saman med Snorre-Edda (Den yngre Edda), vore det mest sentrale verket i den norrøne mytologien.

Fosse har gitt dikta si personlege form. Han har skrive ein dramatisk dialog med sterke musikalske og rytmiske kvalitetar, og han maktar å flytte historiene nære oss, samstundes som han held forteljingane og ideane framande og fjerne. Den sceniske versjonen til Jon Fosse byggjer på fleire av dei kjende dikta som Voluspå, Vavtrudnesmål, Grimnesmål, Trymskvida, Loketretta og Balders draumar.

Edda i Robert Wilsons regi på Hovudscenen nytter utdrag frå Jon Fosses Edda. Desse to kveldane kan du få høyre større delar av teksten.

Edda er gitt ut på Skald forlag.

Image copyright hovudbilde: moyanbrenn.wordpress.com

- Det er litt som sakte-TV, seier Nina Woxholtt

Finn ut meir