Heisenberg

  • Scene : SCENE 2
  • Pris frå: 200 ,-
  • Premiere: 25. november 2017

Kor godt kan ein kjenne eit anna menneske?

Ei yngre kvinne kysser utan vidare ein eldre mann i nakken på ein jernbanestasjon. Dei kjenner ikkje kvarandre.

Claire er sekretær på ein skule. Ho seier alltid det ho tenker, sjølv når ho lyg. Ho forandrar meining midt i ei setning. Ho bannar så det lyser. Alex er ein einstøing. Han har sin eigen slaktarbutikk, men manglar kundar. Og han har sin eigen særeigne stil.

Kor open skal ein vere om seg sjølv, når ein aldri veit kor opent det andre mennesket er? Ingen av dei speler med heilt opne kort, og begge treng dei kvarandre av ulike grunnar. Det usannsynlege møtet deira utviklar seg etter kvart til eit like usannsynleg forhold.

 

Kjærleikens kvantefysikk

Tittelen på stykket viser til den tyske fysikaren og Nobelprisvinnaren Werner Heisenberg som på 1920-talet oppdaga kvantemekanikken. Eit av dei viktigaste funna er uskarpheitsrelasjonen. Den seier at alt i universet oppfører seg både som ein partikkel og ei bølgje på same tid, og at ein derfor ikkje kan måle nøyaktig posisjon og rørslemengde samstundes.

Slik er det med menneska òg. «Om du betraktar noko på nært hald forstår du at det er umogleg å vite kor det skal eller kor raskt det kjem seg dit.» Vårt syn på menneska rundt oss skiftar, alt etter kva vi veit, kva vi ser og kor vi ser det frå.

Prisvinnande dramatikar

Den britiske dramatikaren Simon Stephens har vunne fleire prisar for arbeidet sitt. For sceneadaptasjonen av boka Det merkelege som hendte med hunden den natta vant han Olivier Award (2013) og Tony Award (2015) for beste stykke. Det Norske Teatret hadde premiere på stykket i 2014 og det speler framleis på Scene 3.

Heisenberg opna i New York i 2015 til strålande kritikkar. Stykket får noregspremiere på Scene 2 hausten 2017, med teatersjef Erik Ulfsby på regi. Den norske omsetjinga er ved Ola E. Bø, og på scenen står Marie Blokhus og Bjørn Floberg. Floberg omsette og hadde regi på Stephens kanskje mest kjende stykke Motortown på Nationaltheateret i 2016.