Frå landevegen

Gjertrud Jynge er oppkalla etter farmora og oldemora si, Gjertrud Louise. Farmora var stolt av slekta og hadde ein heil vegg med familiebilete over senga. Da ho døydde, arva Gjertrud alle desse bileta.

Der heng dei, Gjertrud og Louise i alle livsfasar. Der heng òg tippoldefaren hennar, Jakob Walnum, ein vakker mann, soknepresten frå Leikanger i prestekjole og med St.Olavs orden på brystet. Mannen som i 1897 skipa «foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet», også kalla omstreifarmisjonen, ein sosial misjon som skulle arbeide med å «bringe hedningefolket taterne fra landeveien tilbake til de hjem, de har forlatt». Eit arbeid som omfatta barneheimar der taterbarn skulle bu frå dei var eitt år til konfirmasjonsalder for å «skape fasthet i deres karakter» og arbeidskoloniar for dei vaksne der ein skulle «vekke lyst og trang til et rolig liv og forstå arbeidets velsignelse».

Gjennom tekst, song og bilete ønskjer Gjertrud Jynge å røre ved denne historia på nytt. Ei krevjande historie.

Hennar og vår nære historie.

Ava kei alle vandriar
ava kei og gia
Sjunna alle kjavoar og morshar og romnier
Vi asjar horta romano
Og det heiar jo vi
Og vi dikkar det på dero om du asjar det eller kji
Alle vil ønskje å vere som vi
Med fridom i lomma, vere lykkelig
Eit eige folkeferd
Med sitt eigenverd
Og vi dikkar det på dero om du asjar det eller kji

Kom hit alle reisande
Kom hit og syng
Høyr alle barn og kvinner og menn
Vi er ekte romani
Og det veit jo vi
Og vi ser det på deg om du er tater eller ei
Alle vil ønskje å vere som vi
Med fridom i lomma,vere lykkelig
Eit eige folkeferd
Med sitt eigenverd
Og vi ser det på deg om du er tater eller ei

Tekst og melodi: Laila Yrvum