Det har visst vore ein episode

Finst det berøringspunkt mellom heltedåd og terrorisme?

Kva får oss til å gå frå overtyding til handling? Og kor går grensa mellom det individuelle og det kollektive ansvaret? Vil ettertida frikjenne eller fordømme ei handling?

Gjennom fire samanvovne historier kjem vi i stykket Det har visst vore ein episode inn i tankegangen til menneske som under ekstraordinære forhold kan velje mellom å handle eller bli verande passive.

Chris Thorpe er ein av dei nye dramatikarane i Storbritannia som har markert seg med fragmenterte og konfronterande tekstar. I Det har visst vore ein episode lar han publikum følge dei menneskelege impulsane bak ei gjerning. Kva får oss til å gå frå overtyding til handling? Eller korleis kan politiske kompromiss føre oss lenger og lenger vekk frå ideala våre? Vi har alle eit behov for å rettferdiggjere eigne handlingar og eit ønske om å opptre heroisk. Valet vi tar, er ofte tvinga fram av omstenda. Presset der og da kan like gjerne få oss til å gjere fantastiske bragder som fatale handlingar. Det er ettertida som feller dommen.

Den ukjende rebellen

I ei av historiene følgjer vi utspørjinga av ein mann som har utført eit attentat mot ein politisk ungdomsorganisasjon. I ei anna ser vi korleis ein person som kom til makta etter ein fredeleg folkeleg revolusjon mot eit valdeleg autoritært regime prøver å rettferdiggjere bruk av vald for å kunne halde på makta. Ei historie er den indre monologen til ein som ser ein mann stille seg opp framfor ei kolonne av stridsvogner. Har ‘den ukjende rebellen’ eit ønske om å bli helt? Kva gjekk gjennom hovudet hans da han steig ut av folkemengda? I den siste historia møter vi ein passasjer i eit fly på veg mot bakken.

Kva ligg bak?

Thorpe meiner at vi som samfunn er gode til å plukke frå kvarandre og analysere motiv for handlingar, men at vi ikkje alltid tar oss tid til å gå djupare inn i årsakene til handlinga. «Kva tankar gjekk gjennom hovudet til gjerningsmannen da han hadde valet mellom å handle eller å ikkje handle? Det er ideen om at folk flest, for det meste, er overtydde om at det dei vel å gjere, er riktig, basert på kunnskapen dei har. Eg finn dette veldig interessant».