Det Norske Teatret opnar sommaren på Oscarshall

19. mai overtar Det Norske Teatret dei kongelege kulissane på Oscarshall når gåva til kongeparets 80-årsdag formelt blir overrekt.

Lystslottet på Bygdøy blir forvandla til eit kulturslott denne sommaren når heile det norske scenekunstfeltet slår seg saman om ei felles bursdagsgåve. Og gåva kjem heile folket til gode. I sommar står kulturopplevingar i kø i form av konsertar og framsyningar som tar i bruk heile det praktfulle anlegget ved Frognerkilen. Oscarshall blir opna i midten av mai og i tillegg til eit 40-tals arrangement vil det vere omvisingar, open kafe og høve til å ta parken i bruk gjennom den lyse årstida.

oscarshall

Teatersjefane som gir teater i gåve samla på Oscarshall. Frå venstre: Erik Ulfsby frå Det Norske Teatret, Hanne Tømta frå Nationaltheatret, Tom Remlov frå Riksteatret og Rolf Degerlund frå Beaivváš.

Oscarshall blei bygd av Kong Oscar 1 og Dronning Joséphine for å støtte norsk kunstliv og fleire av dei største kunstnarane ble inviterte til å bidra til utsmykkinga i ei tid da det ikkje fanst mange slike oppdrag. Da lystslottet stod ferdig i 1852 var det eit utstillingsvindauge for norsk kunst og kunsthandverk. Allereie den gongen var slottet ope for publikum.

Etter oppløysinga av unionen i 1905, blei slottet sjeldan brukt av Kong Haakon og Dronning Maud. I 2002 bestemte kongeparet seg for å ta opp tråden frå Kong Oscar og Dronning Josèphine. Dei ønskte å utvikle staden til ein arena der norsk kulturliv skulle få blomstre. I perioden 2004 – 2009 blei Oscarshall rehabilitert og no står slottet slik det såg ut i 1852. Sommarens mange kulturopplevingar som er gitt frå Nationaltheatret, Den Norske Opera og Ballett, Riksteatret, Den Nationale Scene, Oslo-Filharmonien, Bergen Filharmoniske Orkester, Det Norske Teatret og Det Samiske Nasjonalteatret Beaivvas vil vere med på å markere kva for ein skjult perle Oscarshall er. Håpet er at kultursommaren på Oscarshall ikkje berre opnar for at fleire kunstnarar finn vegen til sal og scenar der, men også at folk trekker mot eit av dei vakraste uteområda hovudstaden kan skilte med.

oscarshall2

Ei av gåvene frå Det Norske teatret er framsyninga Frå landevegen som tek utgangspunkt i skodespelar Gjertrud Jynge si eiga nære historie. Gjertrud vil i lag med Espen Leite på trekkspel vise framsyninga 19. mai, og opne kulturslottet.

 

Billettar får du kjøpt på Ticketmaster

 

Det Norske Teatrets program på Oscarshall

Fredag 19. mai

«Frå Landevegen»
kl. 19.30
 NB! Oppmøte og første del av framsyninga på Folkemuseet – vandring til Oscarshall
Med:    Gjertrud Jynge og Espen Leite
Les meir om framsyninga her

«Ein midsommarnattsdraum» utdrag frå studentvising, Det Multinorske (gratis)
kl. 21.30

Med:    Catharina Vu, Mimmi Tamba, Kidane G. Dalva, Peiman Azizpour, Emil R. Jørgensen, Amina Sewali
Varar i 20-30 min.

«Haugtussa»
kl. 23.00 – Utandørs
Med:    Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig
Les meir om framsyninga her

Laurdag 20. mai

Lesing frå Edda (Jon Fosses tekstar)
kl. 15.00
Med:    Paul Ottar Haga, Tiril Heide-Steen, Svein Roger Karlsen, Marianne Krogh, Ola G. Furuseth, Eivind Nilsen Salte, Kaia Varjord                                        

«Mens hjula står – Ein Oskar Braaten-kabaret»
kl. 17.00

Med:    Unn Vibeke Hol, Svein Johann Ose og Frøydis Grorud
Les meir om framsyninga her

Søndag 21. mai

«Jakob og Neikob»
kl. 14.30 – Utandørs (Barn frå 3 år)
Med:   Svein Roger Karlsen, Geir Kvarme og Kaja Varjord
Les meir om framsyninga her

«Hip hop-workshop»
Søndag 21. mai kl. 14.00 – Utandørs (Barn fra 6 år)

Med:    Beatur, Marcus Andreassen, Belinda Braza og Rina Rosenqvist