
I "Femti-Femti" opplever improvisatøren Veslemøy Mørkrid frå ensemblet til Det Andre Teatret ein skodespelars verste mareritt. Ho kan ingen av replikkane sine og anar ikkje kva for stykke ho spelar. Og så skjer det akkurat når ho står på scenen med ein av Noregs fremste skodespelarar!
I denne framsyninga inviterer Det Andre Teatret ein av Det Norske Teatrets skodespelarar til å ta med seg rolla hen har i ei ekte oppsetjing under Den internasjonale Fosse-festivalen. Hen spelar scenene nett slik hen plar, men i staden for sine vante medspelarar (som også veit kva dei driv med), får skodespelaren no ein heilt uvitande improvisatør - som må gjere sitt beste for å få det heile til å henge saman. I beste fall blir dette teater som Jon Fosse sjølv berre kunne har drøymt om å skrive, og i verste fall blir det veldig gøy!
Framsyninga er eit gjestespel frå Det Andre Teatret.