Regissør Mina Salehpour

Tschick er ein veldig populær roman for ungdom i Tyskland. Og i ein periode hadde omtrent kvart einaste tyske teater framsyninga på repertoaret.


Det eg likte med romanen var at den ikkje var typisk tysk. I forteljinga møtest dei to gutane Mike og Tschick ein sommar. Dei legg ut på ein biltur, og i løpet av denne sommaren endrar alt seg for dei. Eg trur absolutt at ei hending eller eit møte plutseleg kan endre eit menneske. Min veg inn i teateret var nettopp eit sånt uventa møte. Det er eit uttrykk som heiter at lykka finn du ved sida av vegen. Altså der du minst ventar det.

Eg er eit ganske fatalistisk menneske, og trur menneskeheita er dårleg. Om du ser på planeten, så er vi det verste du finn her. Det meste vi gjer i løpet av ein dag er dårlege val, til dømes å kjøpe kaffi og bere den rundt i ein pappkopp. Det er ikkje eit godt val! Dei to gutane vi møter i framsyninga har dårlege liv, men dei lærer seg å symje i sin eigen drit. Eg trur denne framsyninga blir både artig og trist på same tid. Sjølv om dette er ei forteljing for ungdom, så er det også ei fin framsyning for vaksne som kan mimre tilbake til dei sjølv var unge.

Reiser er eit fast tema i arbeidet mitt. Ikkje berre ei indre reise, som er vanleg i kunsten, men også ei fysisk, faktisk reise. Eg er sjølv migrant, foreldra mine kom til Tyskland frå Iran. Dei reiste til eit nytt land med tre barn, utan å kunne språket. Dei var modige. Etter at eg flytta heimanfrå som 17-åring har eg vore kontinuerleg på farta. Eg liker ikkje å slå meg til ro, og blir deprimert om eg er på same stad for lenge. Eg har ein ide om at problema dine er eitt skritt bak deg når du er i rørsle. Jobben som regissør passar meg derfor veldig bra, eg kan reise rundt og oppleve nye ting.

Eg har eit fast team eg arbeider med, og vi skal starte arbeidet med ein biltur. Vi køyrer ein buss frå Tyskland til Noreg og skal jobbe på vegen. I tillegg håper eg at vi skal få til ein liten tur med dei tre skodespelarane når vi kjem til Noreg. Eg gler meg til å oppleve den norske landsbygda. Eg elskar tre!

Fortalt til Erlend Tårnesvik Dreiås Foto Siren Høyland Sæter