Bakgrunnsartikkel

Slik lagar du ein julehit!

Odd Nordstoga har laga ein heilt ny julesong til Snøsøstera. Her deler han sine beste tips for å lage den ultimate julehiten!

Jul i svingen, Jolevise, Nissens song, Den lure nissen, Fransk julesong, Når alle andre sansar kan få kvile … – Lista er lang over julesongar med Odd Nordstogas signatur. Men korleis lagar ein eigentleg ein julehit?

Her er nokre tips frå meisteren, for den som vil prøve seg:

1. Tenk på snø og granskog.

2. Tenk på augeblinken da jula blir ringt inn, på å vere saman med familien.

3. Prøv å kalle fram ei fellesskapskjensle.

4. Gjer det litt enkelt, ikkje masse avanserte akkordar.

5. Songen bør gå i dur.

6. Musikken må gjerne gå i ei takt ein kan gynge til.

7. Gjer det gjerne roleg, men likevel løfterikt og fint.

8. Det må vere nært og heimleg.

9. Melodien må vere veldig, veldig folkeleg. Men la deg gjerne også inspirere av det klassiske og barokke. I julemusikken går det høge og det låge opp i ei høgare eining.

10. Tenk deg at du skal knyte eit band frå stova heime til
dei største katedralane nede i Europa.

Lykke til – og god jol!

Helsing Odd.