Bakgrunnsartikkel

- Tenk at draumar framleis kan bli verkelege!

Silas Henriksen er tydeleg begeistra for utfordringa han er gitt i haust. Frå 17. oktober står eit stort ensemble klart til å ønske publikum velkommen til Cabaret.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Den internasjonalt anerkjente dansaren som har vekt oppsikt både i samtidssjangeren og i det klassiske ballettmiljøet Europa rundt, er koreograf for framsyninga. Heilt sidan barndommen har han hatt ein draum om å vere del av ein musikalproduksjon.

- Eg elskar musikalar. Særleg i det landskapet som Cabaret er i. At eg skulle få sjansen til å vere med å skape eit slikt verk, ved ein av dei største scenekunstinstitusjonane i landet, med så mange solide krefter rundt meg, fyller meg med alt frå ærefrykt til ansvarskjensle, glede og arbeidslyst.

Silas Henriksen blei alt som gutunge omtalt som eit ”komplett ballettalent”. Det førte arendalitten til Kunsthøgskolen i Oslo og vidare inn i Nasjonalballetten. Det gjekk ikkje lang tid før han blei oppdaga av koreografane Sol Leon og Paul Lightfoot og fekk plass i eit av verdas leiande kompani, Nederlands Dans Theater. Her utmerkte han seg gjennom fem sesongar, innan han returnerte til Nasjonalballetten, der han seinare blei han utnemnd til solist.

Hårete draum

- Eg har jo vore særs opptatt av den klassiske balletten og den kontemporære dansen, men inst inne har eg alltid hatt eit hårete ønske om musikalen. Eg har hatt tankar som når eg pensjonerer meg, da kan eg kanskje...

Men før den tid skal han forme og komponere rørslene i dei kroppane som utgjer ensemblet i Cabaret. Regien er ved Kjersti Horn og for Silas Henriksen kom det som ei overrasking da han blei spurd.
- Dei få gongane vi trefte kvarandre snakka vi om at det hadde vore gøy å gjere noko i lag.
Men da førespurnaden kom, måtte han spørje fleire gongar om ho var sikker.
- Eg har aldri gjort eit slikt stort verk før. Og aldri i denne sjangeren. Bestillinga var at ho ville ha mykje dans, at historia også blir fortald gjennom dans, og det skal eg sanneleg sørgje for.

Ironisk nok stod han bokstaveleg talt i Berlins undergrunn da han takka ja til oppgåva. I Cabaret skal vi nettopp til den tyske hovudstaden. Til mellomkrigstida og dei såkalla Goldene Zwanziger, da byen både var symbolet på ei verd som heldt på å gå i oppløysning, og ein feira storby med internasjonal tiltrekkingskraft. Og vi skal til Kit Kat Klub – staden der du kan vere den du ønskjer.

Silas Henriksen blei overraska og glad for å bli hyra som koreograf til Cabaret. Der skal han ta publikum med til mellomkrigstidas undergrunnsscene i metropolen Berlin. Alle foto: Ole Herman Andersen

Eg har aldri gjort eit slikt stort verk før. Og aldri i denne sjangeren.

Silas Henriksen har handplukka dansarane til denne versjonen av Cabaret. I Dansesalen i kjellaren blir ulike uttrykksformer undersøkt.
All koreografi blir nedteikna. Det er eit stort arbeid som krev ein vaken koreograf.
Nina Lill Svendsen er den mest erfarne dansaren i ensemblet og har vore i dansemiljøet i ein kvinnealder.

Silas Henriksen tar utgangspunkt i den undertrykte kroppen og undersøker korleis makt og umyndiggjering manifisterer seg i kroppane våre.

Undertrykte kroppar

Silas Henriksen er i gang med utforskinga av korleis kroppar kan uttrykke ein undergrunnskultur, ei tid og ein metropol som er pulserande, og samstundes nervøs, i oppbrot og uroleg.
- Berre å ha audition var ei storhending. Det var i overkant av 400 søkjarar, blant desse blei 30 inviterte til audition. Det krev ekstremt mykje førebuing. Og det krev at eg veit kva eg treng.

Dei ti som stod igjen etter auditionen er med andre ord handplukka og utfyller kvarandre godt.
- Eg ser etter eigenart. Ein kropp ber på mykje informasjon. Sjølv om vi har ulike kroppar og ulike uttrykksformer, så er det veldig mykje som er likt. For meg handlar arbeidet meir og meir om den undertrykte kroppen. Kva skjer når nokon får mykje makt, andre får lite makt. Eg vil at alt skal manifestere seg i kroppane. Så heller enn å jobbe med bilde og emosjonar og tema, vil eg at dei skal finne noko ekte i kroppane sine først.

For på dei talrike varietéane, kabaretane og revyane som gjorde Berlin så attraktiv i mellomkrigstida blei ei ny og frigjort kroppsforståing hylla. Samfunnet var prega av store kontrastar. I Cabaret møter vi Sally Bowles og andre artistar som markerer ei blendande motvekt til det borgarlege og snerpete i den wilhelminske epoken.
- Musikalen er dessverre også aktuell. Det er superviktig at denne historia blir fortald no. Da som no var det ei tid prega av store endringar. Perioden er gått inn i historia som både nyskapande og glamorøs, men også kaotisk og skremmande.

- Det er superviktig at denne historia blir fortald no. Da som no var det ei tid prega av store endringar.

Intense arbeidsdagar under oppkøyring til premieren på Cabaret den 17. oktober.

Kontrastfylt tid

Silas Henriksen ser visse parallellar til vår eiga tid. Men der folka på Kit Kat Klub søkte saman for å sleppe unna ei verkelegheit som på utsida var prega av harde politiske motsetnader og ein tydeleg framvekst av ekstremisme, søker han tilflukt i arbeidet og i scenemørkeret.
- Eg gløymer alt om mitt eige liv når eg held på i studio. Det er jo ei slags verkelegheitsflukt det også, på sitt aller mest intense.

Og i studio bryner han seg på korleis skape desse kontrastane slik at publikum kan få auge på dei ulike laga i forteljinga.
- Eg søkjer etter kombinasjonen av det ville og det som er dressert. Vi skal sjølvsagt også koreografere showstopparar, men gjerne slike som lar publikum sitte igjen med undring. Kva skjedde eigentleg der? Målet er å skape det tvitydige i nummera. Men det kjem også til å bli klisjear og storslegne dansenummer.

Travel kar som elskar å bruke byens kjappaste framkomstmiddel.
- Det er så mange som ikkje vil bli sett levande på ein slik sak, eg synest nesten derfor det er ekstra gøy, seier Silas Henriksen.

Silas Henriksen har mange dansetrinn å halde oversikt over. Det er mange menneske involvert og ein stor hovudscene der alt skal flyte tilsynelatande tilfeldig og uanstrengt. Han understrekar at sjølv om mykje blir improvisert fram, er det viktig å få notert ned alt på papiret kvar dag. Maskineriet går og plutseleg er det 17. oktober og premiere.

- Eg får ikkje livet mitt tilbake før etter premieren, seier Silas Henriksen med ein latter.
- Eg går all in, eg har ikkje noko anna alternativ. Men eg prøver å seie til meg sjølv at eg også må nyte augeblinken, seier den erfarne dansaren i møtet med barndomsdraumen.

Artikkelen er publisert 19. september 2026.