Bakgrunnsartikkel

Sara Khorami i rolla som Sally Bowles

- Eg kjenner ho allereie, og ho er i ferd med å ta form i meg.   Multiaktuelle Sara Khorami snakkar om rolla ho skal aksle hausten 2026. Ei rolle ho har drøymt om, og som fyller henne med frykt, lykke og fridom. Men som ho likevel ikkje heilt har tora å håpe på. 

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

- Eg kjenner ei verd der denne klubben ikkje får eksistere. Tanken på at nokon skal avgrense fridomen din, at nokon skal avgjere kva som er rett, kven som får synge, kven du skal elske og korleis du skal kle deg, er ikkje til å halde ut, seier Sara Khorami.

Dei seinare åra er skodespelaren blitt kjent for eit nasjonalt publikum gjennom ei rad film- og TV-produksjonar, som til dømes TV2-serien Heksejakt og filmen Full dekning. Ho har blitt heidra med både Amandapris og Gullruten. Men ikkje minst gjorde ho eit uutsletteleg inntrykk på alle som fekk oppleve henne som Kristin Lavransdotter på Det Norske Teatret - ei rolle ho fekk Heddaprisen for Beste kvinnelege skodespelar for. For tida er ho aktuell i filmane Hvis ingen går i fella og Troll 2. På nyåret blir ho å sjå i nok ei hovudrolle med Kraken på kino og i TV-serien Legevakten. Men til hausten neste år, er det rolla som den glamorøse og rå Sally Bowles i Cabaret som vil kreve alt fokus.

Nattklubbsongarinna frå den vidgjetne musikalen er ei dame som har gått eigne vegar. Sally Bowles har reist frå den strenge amerikanske barndomsheimen sin og oppsøkt den europeiske livsstilen. Vi er i mellomkrigstida, ein periode med store kontrastar. I Berlin omfamnar Sally Bowles det dekadente miljøet på Kit Kat Klubb, ein fristad for folk som vil kaste maska. Her er takhøgda stor og klubben er kjent for dristige og grensesprengande show. Hedonisme og seksuell frigjering går hand i hand, medan folk ute i gatene ropar på den sterke mann. Og akkurat denne motsetnaden mellom fridommen på innsida og ønsket frå utsida om å kneble dette miljøet, triggar Sara Khorami i arbeidet med rolla. 

Som mor i julefilmen
Sara er Trollforskar i Netflix-filmen Troll 2, 2025.
Som Kristin Lavransdotter på Det Norske Teatret i lag med Preben Hodneland, som soekar Emcee i Cabaret.
Som marinebiologen Johanne i filmen Kraken, på kino i 2026.

Fridom som kjerneverdi

Bærumsjenta med foreldre frå Iran, veit at fridom ikkje er noko ein kan ta for gitt. Og meiner at Cabaret aldri har kjentest så relevant som no, i alle fall så lenge ho har levd. 

Sara Khorami er i ferd med å finne karakteren Sally Bowles; ei energisk, livleg og spenningssøkjande nattklubbsongarinne i mellomkrigstidas Berlin. Foto: Pernille Sandberg.

- Ein stor del av meg tenker mykje på det med fridom og ufridom. I Iran er det ikkje lov for kvinner å synge solo. Dei kan synge fleirstemt og i duo med menn, men ikkje aleine. For nokre år sidan kom eg over ein konsertvideo som eg har tatt med meg inn i arbeidet med Sally. På scenen står eit iransk band med gutar og jenter, salen er fullsett, og ein kan sjå at noko er i ferd med å skje. Den eine kvinna reiser seg, og syng ut, ho nærast skrik ut songen. Det er kraftfullt, og ho er tydeleg stolt. Dette går ho for. Bandet applauderer henne, publikum reiser seg i begeistring, og alle veit at ho med dette risikerer fengsel og mest sannsynleg ikkje får synge meir. Ei fryktlaus kvinne som våger. 

På Kit Kat Klubb er det plass til alle; utskota, frikarane, drøymarane, alle type menneske er representerte. Foto: Pernille Sandberg.

I London går ein kritikarrost versjon av Cabaret på The Playhouse Theatre.
Liza Minnelli - legendarisk som Sally Bowles i filmen frå 1972.
Hilde Louise Asbjørnsen var Emcee i Oslo Nye Teaters oppsetjing av Cabaret i 2017.

Ikkje la frykta styre

Sara Khorami kjenner også på frykt, men det er ei heilt anna form for redsle. Nemleg om ho vil klare å fylle rolla. Da er det lurt å tenke på dei som risikerer noko for å gjere det ho elskar, nemleg å synge og danse.  
- Eg må gjere om denne frykta for å feile til ei glede over at det faktisk er mogleg å gjere Sally Bowles. For samstundes som ein kan bli overvelda av alt ein skal kunne, kjenner eg på ei enorm takksemd. For å kunne danse, synge og å vere fri. 

Ho førebur debuten i musikalsjangeren med høg sjølvdisiplin. Året som leier opp til premieren er fylt med mange og lange filminnspelingar. Men ho har avtalt med songpedagogen Ståle Ytterli at han kjem heim til ho for å ruste henne til oppgåva. Likeins har koreograf Silas Henriksen lagt opp til fysiske øvingar ho kan trene på, for Sara Khorami er klar over at musikalsjangeren er ein krevjande disiplin. 

Sara Khorami debuterer i musikalsjangeren. Det er med skrekkblanda fryd. Foto: Pernille Sandberg.

Suksessrikt kunstnarleg lag samlar seg igjen

- Det er sikkert ein million menneske som eignar seg betre til ein musikal enn det eg gjer. Men om det er EIN musikal eg skal gjere, er det denne. Eg skal formidle fridom. Det eg står for, og det eg har i bagasjen min. Så får eg krysse fingrane for at det er nok. Og blir eg redd, får eg tenke på ho dama som syng med all si kraft, seier Sara Khorami.

Preben Hodneland og Sara Khorami gjorde stor suksess i rollene som Erlend og Kristin i Kristin Lavransdotter i 2023. Kjersti Horn hadde regien og Sven Haraldsson var scenograf.

Kjersti Horn har regien på haustens musikalsatsing og saman med sin faste scenograf Sven Haraldsson skal ho ta oss med tilbake til 30-åras hippaste hovudstad. Signaturen deira er utstrekt bruk av skjerm og kamera. Det blir det denne gongen også. Men publikum får også oppleve storslegne musikalnummer og sveitt nattklubbstemning på Hovudscenen på Det Norske Teatret. I tillegg blir nære spelescenar projisert til lerretet, og handlinga i musikalen vil spele seg ut i fleire tidsriktige miljø som blir bygde på teateret. Preben Hodneland er klubbens Emcee, som Sara Khorami sist spelte mot i Kristin Lavransdotter.

- Ein draumegjeng å jobbe med. Saman skal vi skape den klubben der menneske heilt skamlaust kan finne kvarandre, feste og glede seg saman, uavhengig av kven du er, eller kor du kjem frå. På Kit Kat Klubb er det plass til alle; utskota, frikarane, drøymarane, alle type menneske er representerte. Det som luskar utanfor, skal kvar augneblink ta fridomen frå dei. Denne klubben burde eigentleg eksistere i alle verdas krikar og krokar. Der orda tar slutt, bør songen og dansen starte. Ikkje fordømminga, eller valden, avsluttar Sara Khorami.