Bakgrunnsartikkel

Ord om 'n Alf

I Prosjekt Prøysen står Terje Strømdahl, Frida Ånnevik og Knut Anders Sørum saman på scenen. Dei har alle tre eit sterkt og personleg forhold til n' Alf Prøysen.

Terje Strømdahl i Prosjekt Prøysen. Foto: Tale Hendnes

Terje Strømdahl

(f. 1952, frå Oslo) er skodespelar. Med sommarferieoppvekst i Eidsvoll/Odalsområdet, der å fortelje var ein annan måte å puste på.

«Alf Prøysen hjelper oss til ikkje å gløyme vår vakre barnlegheit. Og å halde den strenge vaksenheita på armlengds avstand når det trengst. Alf er like uføreseieleg som livet sjølv. Den eine augneblinken kan han trippe leikent og naivt inn i «solskin-og-song»-rommet med blå turnsko, for like etterpå å sette på oss vernesko, opne kjellarlem og loftsdør og lokke oss trygt inn i dei gøyme som finst der. Og saman med Frida, Knut Anders og orkesteret skal vi lose publikum trygt gjennom Alf Prøysen sitt hus.»

Frida Ånnevik

(f. 1984, frå Ridabu) er mellom anna vokalist og komponist med kvinnelist og no også skodespelar.

«Prøysens kunstnarskap er så digert! Han som skreiv livet. Så mange lagnadar. Korte, men store glimt av folk og liv. Åssen vi er, kva vi drøymer om å vere, åssen vi ser kvarandre. Igjen får eg lene med inn i Prøysens store kunstnarskap. Å få oppdage, avdekke, frydast over og avsløre teikn i tekstane – og hos meg sjølv. Vi skal gå mange rundar i dette livet, Alf har skrivi om dom alle. Særleg er eg takksam for at eg får gå akkurat denne runden saman med desse folka både på og bak scenen. Og hæin Alf.»

Frida Ånnevik i Prosjekt Prøysen. Foto: Tale Hendnes

Knut Anders Sørum i Prosjekt Prøysen. Foto: Tale Hendnes

Knut Anders Sørum

(f. 1976, frå Austre Toten) er vokalist, komponist, skodespelar og oppfinnar av Totensoul.

«Der innlandsmenneske strever med å finne ord har’n Alf trødd opp medd for øss. Han delte raust av sin humor og underfundigheit, sine kjensler og hemmelegheiter, utan å vere sjølvopptatt, men ved å la det lyse igjennom dei karakterane han gav liv til. ‘N Alf viste oss at livet både er stort, uoversiktleg og magisk, men samstundes nært, ufarleg og alminneleg.»