- Målet mitt er at det skal bli den mørkaste framsyninga eg nokosinne har laga.
Even Torgan har markert seg som ei tydeleg politisk stemme i det norske teatermiljøet. Regissøren og dramatikaren har vore kunstnarleg leiar for Antiteateret sidan etableringa i 2013. I løpet av desse åra har han sett opp kontroversielle og omdiskuterte stykke som har hausta anerkjenning for å løfte tabulagde tema; pedofili, avkriminalisering av narkotika, transfobi og rasisme har vore aktuelle i stykka til Antiteateret. Tine Skjold og Even Vesterhus, som er ein viktig del av Antiteatret, er også dramatikarar på «Gutta» saman med Oda Radoor.
- «Gutta» er laga i frykt for verda. Og kva retning ho går i. Eg bruker rett nok ikkje mykje tid på faktisk å kjenne etter, og eg har eit håp om at vi kan klare å kome oss ut av denne utviklinga.
Kanskje kan det finnast håp i at Victor Orban ikkje fekk fornya tillit i Ungarn, eller at Sverigedemokraterna gjekk tilbake i det svenske valet i haust.
- Likevel… seier Torgan.
- Det er ikkje lett å sjå på folk om dei er i ferd med å omfamne radikale idear.
- Unge høgreekstreme i dag går i skjorte og slips. Det er ikkje lett å sjå på folk om dei er i ferd med å omfamne radikale idear. Hakekorset er ikkje borte, det berre ser heilt annleis ut.
Scene 2 er blitt eit neoklassisk kontorfellesskap og vi får alle vere med på opphavshistoria til «Gutta». Dialogen og samspelet i framsyninga blir utvikla saman med ensemblet.
- Det er eit ønske om å utforske temaet saman, i ein prosess der vi ikkje har alle svara. Vi baserer prøvene på politisk diskusjon og vil lage eit levande materiale.
Ekte norsk?
Sjølv er Torgan ikkje del av eit miljø der tendensen har fått fotfeste, men har ei kjensle av at han heile oppveksten har vakse opp med historier som har handla om fascisme.
- Richard III, V for vendetta, Star Wars, Ringenes herre – alle dei store forteljingane – handlar jo om dette. Om fridom og kampen for demokratiet. 22. juli-terroren gav oss innblikk i ein ideologi som handlar om at systemet her i Noreg ikkje fungerer, at nokon meiner vi må tilbake til eit Noreg, som er ekte, norsk, kva no enn det betyr.
Even Torgan ler. For når var eigentleg Noreg ekte, eller norsk? Og når i historia var eigentleg Noreg betre enn i dag? Var det før innvandringsbølgja kom i 70-åra? Eller før kvinnefrigjeringskampen og inntoget av kvinner i arbeidslivet?
Even Torgan på fotoshoot med skodespelarane i «Gutta». Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.
- Vår jobb blir å gå inn i alle gråsonene og grumset som finst på både venstre- og høgresida i politikken.
Foto: Eirik Malmo.
Grums på høgre- og venstresida
Dette handlar om oss. Både på høgre- og venstresida. Vi er så privilegerte og har det til felles at vi kjenner oss svikta, truga og kjenner på frykt for framtida.
- Å selje ein ide om storleik er ein komfortabel tanke, det kjennest bra å kjempe for at ting skal bli bra – igjen! Også regjeringar på venstresida har ført til ei nyliberalisering av samfunnet. Der fellesskapen ikkje er så viktig lenger og der pengar er det viktigaste.
I «Gutta» er det særleg hatet som får merksemd.
- I nabobygget til Det Norske Teatret blei det tidlegare i år halde eit møte om remigrasjon. Målet er at framsyninga skal kaste seg inn i det, og utforske og få publikum til å kjenne det på kroppen. Vår jobb blir å gå inn i alle gråsonene og grumset som finst på både venstre- og høgresida i politikken. Vi kan framleis gjere det, for vi er heldige i dette landet. Men vi må beskytte demokratiet. Det er ein skjør konstruksjon, og vi må snakke meir om det som skjer, seier Even Torgan.
Artikkelen er publisert 30. september 2026.