Bakgrunnsartikkel

Nok ein Almaas som vestkantklyse

Det er ikkje første gongen ein Almaas får bryne seg på rolla som vestkantklyse. Der far har gjort Christian Kopperud til eit omgrep for ein særskild type vellukka mann frå Oslo vest i NRK-serien Side om side, skal Aksel no debutere på teaterscenen som ein yngre, og mørkare variant.

– Eg kjenner miljøet “August” kjem ifrå ganske godt. Eg har jo sjølv vakse opp på vestkanten, så språket og referansane er ting eg har hatt ganske tett på. Samtidig treffer nok han eit ganske ekstremt ytterpunkt, noko som også gjer han interessant å spele, seier Aksel Almaas – som da er son til NRK-profilen Jon Almaas.
I framsyninga«Gutta» – Fred og frileik blir Aksel sin karakter del av ein gutegjeng som vil gjere ein forskjell i samfunnet. Framsyninga er beskrive som ein mørk komedie, og handlar om korleis unge menn finn enkle løysingar på komplekse utfordringar.

Mannosfære

I heile den vestlege verda har det i visse miljø vakse fram ei kjensle av at samfunnet er blitt feminisert. Unge menn kjenner seg forbigått og underlegne. YouTube, podkastformatet og SoMe-plattformar av ymse slag har vore effektive kanalar for å spreie slike bodskap. I «Gutta» – Fred og frileik speler Aksel Almaas rolla som August, ein av fleire som bestemmer seg for å starte ei politisk rørsle i Oslo. Vennskapet mellom dei unge gutane utviklar seg etter kvart til eit maktspel av paranoia, begjær og ideologisk galskap. Brorskapen slår raskt sprekkar.

Startar politisk parti

– August har bygd seg opp eit publikum på Instagram, men føler seg likevel einsam og saknar ein fellesskap. Når han møter William og dei andre på ein live-podkast, føler han at han finn nettopp det, og saman med dei nye kompisane startar han eit politisk parti, utan kanskje å tenke seg heilt om. Dei oppdagar likevel ganske raskt at folk faktisk lyttar til dei, og da begynner leiken å få reelle konsekvensar.
Sjølv er Aksel mindre aktiv på Instagram enn karakteren han skal spele, men oppigjennom har det nok blitt eitt og anna innlegg av nettopp “gutta”, innrømmer han.

At Aksel kjenner miljøet karakteren August kjem ifrå, gir han også eit godt utgangspunkt. Men det å seie at han er «type casta» til rolla, vil kanskje vere å dra det litt langt.
– Eg har heilt sikkert ein god del perspektiv og anekdotar å bidra med inn i framsyninga, men det blir også viktig at vi tar tematikken på alvor. Det er ein lett utveg å gjere narr av «gutta» og meiningane deira, men da trur eg også at vi går glipp av noko. Skal vi lage ei interessant framsyning om dette, må vi prøve å forstå kva som gjer at slike tankesett kan verke attraktive, og kvifor ein del unge menn søker seg til desse miljøa. Det betyr jo heller ikkje at vi skal stille oss ukritiske til ideane, men at vi ikkje skal redusere menneska bak dei til karikaturar, understrekar Aksel.

- Vi skal ikkje redusere menneska bak ideane til karikaturar.

Ønskjer å provosere

Even Torgan er mannen som både skal utvikle og ha regi på framsyninga. For han er det tre ting som er heilt avgjerande for at teateret skal vere interessant. Det må vere morosamt, kritisk og interaktivt. Torgan har markert seg i det norske teaterfeltet med prosjekt som både er utfordrande og tidvis kontroversielle. Når han no skal lage teater om nyfascisme var det viktig at han hadde dei riktige skodespelarane med seg på laget. Aksel Almaas var ein av dei han kriga for å få på rollelista.
– Eg høyrde rykte om Aksel for nokre år sidan da eg byrja å tenke på manus. Eg oppdaga fort at han var den beste skodespelaren i sin generasjon, og at eg ikkje ville lage framsyninga utan han på laget, seier regissøren.

Aksel Almaas. Foto: Eirik Malmo.

Debuterer på teaterscenen

24 år gamle Aksel kjem rett frå skodespelarutdanninga ved Kunsthøgskolen i Oslo til Det Norske Teatret. Interessa for teater byrja for alvor da han spelte revy på Oslo Handelsgymnasium.
– Det eg likar aller best med teateret, er møtet med publikum. At noko faktisk skjer mellom dei som står på scenen og dei som sit i salen, og at det kan forandre seg frå kveld til kveld. Eg trur jo også at teaterrommet er ekstra viktig no da vi lever i ei tid der fleire og fleire (meg sjølv inkludert) bruker meir og meir tid bøygd over skjermen.

«Gutta – Fred og frileik» har premiere 9. oktober på Scene 2.


Artikkelen er skrive av Ida Michaelsen og Åsne Dahl Torp, og publisert 26. august 2026.