Notis

Jon Fosse ord for ord

I samband med Nobels litteraturpris-utdelinga vil alle skodespela av Fosse bli lesne som ein maraton 8. - 10. desember. Kanskje verdas lengste teater-hending?

Nobelhelga 8. - 10. desember går den historiske hendinga Jon Fosse ord for ord av stabelen på Det Vestnorske Teateret, og skjer i samarbeid med Det Norske Teatret. Om kvelden fredag 8. desember set eit stort lag med 40 skodespelarar i gang med å lese alle dei 41 skodespela til Jon Fosse i rekkefølge, på 40 timar. NRK sender alt direkte, krydra med engasjerte innslag og kommentarar frå fjern og nær. Den samanhengande lesinga vil gå føre seg dag og natt, utan stans, til utpå føremiddagen søndag den 10. desember.

- Eg er glad og takksam for denne store satsinga, og eg har aldri før høyrt om noko liknande, seier Jon Fosse.

Eit unikt samarbeid mellom fire teater og NRK

Det Vestnorske Teateret står i spissen for dette store samarbeidsprosjektet med NRK. Med i samarbeidet er òg Den Nationale Scene, Det Norske Teatret og Teater Vestland. Ei stor gruppe skodespelarar, mange med vestlandsk tilknyting, vil skifte på å gi oss inspirerte lesingar.

Direktesending med publikum i salen

Det heile byrjar med Fosses første teaterstykke Nokon kjem til å kome frå 1992. Lesemaratonen blir runda av med mellom andre det siste stykket frå Fosses hand, I svarte skogen inne, som hadde urpremiere på Det Vestnorske Teateret og blei spelt på Det Norske Teatret i haust. Lesingane vil gå føre seg med publikum i teatersalen.

Du kan sjå sendinga direkte på NRK2 her frå kl. 20.05.