Bli med når forfattar og podkastar Helena Brodtkorb og forfattar Bjørn Hatterud diskuterer Jon Fosses Trilogien i lag med litteraturkritikar Ida Lødemel Tvedt.

Trilogien (2007-14) er ei lysande kjærleiksforteljing om Asle og Alida, to elskande som prøver å finne sin stad i verda.

I denne lesesirkelen deltek forfattar og skribent Helena Brodtkorb, kjend for podcasten Dannet uten piano, og forfattar Bjørn Hatterud. Samtalen blir leia av litteraturkritikar Ida Lødemel Tvedt.

Arrangementet er ein del av sideprogrammet til Den Internasjonale Fossefestivalen 2025. Det er gratis å delta i Lesesirkelen, men du må hente ut gratisbillett. Det gjer du her: Hent gratisbillett.

Vil du lese Trilogien?

Du treng ikkje å ha lese boka for å ha glede av dette arrangementet. Det krevst ikkje deltaking frå publikum.

Men vil du lese ho, får du no automatisk 50 % rabatt på Trilogien av Jon Fosse og heile resten av Nobelserien på www.samlaget.no.

Gratis

Vel dato for innsikt Gratis sideprogram til DIFF

  • Utseld
    Kjøp billett