Bli med når forfattarane Erlend Loe og Olaug Nilssen diskuterer Jon Fosses roman Naustet i lag med litteraturkritikar Bernhard Ellefsen.

Eg går ikkje ut lenger, ei uro er kommen over meg, og eg går ikkje ut.

Naustet (1989) er eit trekantdrama utspelt over nokre få sommardagar og spennande som ein kriminalroman. Det handlar om vennskap, kjærleik, sjalusi og død, og dei få sommardagane får ein brutal ende.

I denne lesesirkelen deltek forfattarane Erlend Loe og Olaug Nilssen. Samtalen blir leia av litteraturkritikar Bernhard Ellefsen.

Arrangementet er ein del av sideprogrammet til Den Internasjonale Fossefestivalen 2025. Det er gratis å delta i Lesesirkelen, men du må hente ut gratisbillett. Det gjer du her: Hent gratisbillett.

Vil du lese Naustet?

Du treng ikkje å ha lese boka for å ha glede av dette arrangementet. Det krevst ikkje deltaking frå publikum.

Men vil du lese ho, får du no automatisk 50 % rabatt på Naustet av Jon Fosse og heile resten av Nobelserien på www.samlaget.no.

Gratis

Vel dato for innsikt Gratis sideprogram til DIFF

  • Utseld
    Kjøp billett